tirsdag 29. oktober 2013

Oktober mot slutten..

 Oktober har vore ein lang og variabel månad. Fredag er det slutt. Då tek november over med myrke, kalde kveldar som knip deg i kinna. Regnet vert kvitt og dannar eit kvitt lag av melis over markane. Vinteren melder sin ankomst og jul vert meir og meir aktuelt. Folk stressar i gatene for å finne gåver, andre reiser vekk for ei siste oppleving av ferie før julestresset.
 Erin har byrja å vere ute på dagtid no. Dermed har ho vorte ei mykje meir behagelig katte å ha innandørs. Mindre mas, og ho slappar mykje betre av. Kjekt for katten, kjekt for oss.
Hundane er like galne som alltid. Mykje regnver gjer at det vert sleipt over alt, og det er som regel ein prøvelse å kome seg frå A til B i skogen. Likevel trakka me rundt om å er stort sett gjennomsyra av regn og gjørme. Me gled oss stort til snøen kjem!

Ellers kan eg nemne at leiligheita i Olaskogen har stor framgong. Me har bestemt oss både for golv og fliser, dører og kjøkken. Mykje som skal bestemmast når ein skal lage noko heilt nytt. Alle val ein må ta. Me er i alle fall veldig spente på resultatet som er ferdig etter nyttår ein gong.

Dagens visdom:
Dumskap har hjelpt ein mang idiot..

Ingen kommentarer: