onsdag 16. oktober 2013

Catslide..

Lånt frå catslide.no

Eg er ikkje den store treningsbloggaren, men for dei som har lyst å oppdage noko nytt og artig innanfor trening, tenkte eg å tipse om "catslide". Eg veit at konseptet ikkje er nytt av året, og at det har vore der ute ei stund, men sidan damene på damtrimmen skal få gå gjennom catslide-øvingar i dag tenkte eg at eg like gjerne kunne dele litt informasjon om det på bloggen.

"Catslide" er ei type trening som går mykje på kjernemuskulatur. Den muskulaturen som held oss saman, og støttar oss i alt me gjer. Treninga er effektiv og gjev fort resultat. I tillegg er den kjempe artig å styre med. Namnet catslide kjem sjølvsagt frå kattane, noko som ein kan tenke seg denne sporten er inspirert av. Me ser vel alle føre oss ein katt som strekker seg frammover, og fortsetter med ei heil remse av ritualer når den nettopp har stått opp. Desse "rituala" er mange av dei faktiske øvingane me gjer når me trenar catslide.
Lånt frå google, sjekk copyright
 I dag på trimmen skal me gå gjennom øvingar som er inspirert av ein artikkel eg fann i budstikka. Artikkelen kan du lese her. Det skal sjølvsagt gjerast på billigast mogleg vis, så eg har bedt damene ta med tjukkelestar. Dersom ein søkjer på nettet kan ein finne mykje inspirasjon til kva ein kan bruke som utstyr. Catslide.no har eigne puter ein kan kjøpe, eg har vore med på trening der ein har brukt teppefliser, og så har ein mi løysing; tjukkelestar. Det er trossalt noko alle har.

Øvingane går hovudsakleg ut på at du har noko som kan gli på golvet, enten under foten, eller på handa. Så skal du bevege hand eller fot fram eller tilbake, medan du støttar deg på det som er fast i golvet, ein fot eller ei hand. Artigaste øvinga etter mi meining er "stjerna".
Som du ser på bilete har du pute på alle lemmar. Øvinga fungerar slik at du har hende og føtter ut, for så å trekke dei inn att. Hard, men effektiv trening.

Eg har organisert treninga i dag slik at øvingane skal gjerast som sirkeltrening. Me har altså postar som ein skiftar mellom. Dei skal jobbe 90 sek på, og 30 sek pause. Kvar øving skal gjerast i 10 repitisjonar før dei får ta 5 sek pause. Slik held dei på kontinuerlig til 90 sek er gått, og neste post står å ventar. Musikk held oppe motivasjonen, og sidan ein alltid er to på posten støttar ein litt kvarandre.

Det var ein kort presentasjon av "catslide". Berre for å prøve å inspirere. Om du skulle vere meir interessert i denne type trening, ta deg eit googlesøk og du finn utruleg mykje insirasjon og informasjon. Lukke til!

Dagens visdom:
Stretch it like a cat..!

Ingen kommentarer: