fredag 10. mai 2013

Eit dykk i arkivet: Feelings exposed..

Somme dagar føler ein helst at livet burde slutte. Om ikkje smerta kan ta slutt, og alt var berre luft, tomrom, ingenting. Sinne, skuffelse, sorg, alt i eitt, på ein gong. Om det ikkje berre kunne ta slutt. Fornufta tek over eit lite sekund, og fortel at det kanskje er meir tragisk å forsvinne. Kva om du skulle sakne livet, eller angre? Tanken vert skyvd vekk til fordel for eitt nytt innslag av det elendige livet du vert tvinga til å leve. Ein ekkel klump vrir seg i magen og tårane kjem strøymande.

 Om alt berre kunne ordne seg, om ein for ein gongs skuld kunne få danse litt på mjuke roser, utan tornar sjølvsagt. Den gong ei. Til slutt er ein så sliten at sjølv tårene stoppar opp, og augene svir ubehagelig. Hovudverken kjem sigande, for nasa er tett av elendigheit. Bihulene skrik i smerte, og det same gjer hjarte, utan at nokon høyrer. Ein sitt apatisk attende, stirrar utan å tenkje. Tida går, og kanskje kjem ei ny smerte rullande forbi. Kroppen verkar. Det er ikkje lenger attende noko sinne eller skuffelse. Alt er sorg og smerte. Ei smerte som sit so djupt du sjølv ikkje klarer å skyve ho vekk. Deretter sovnar kroppen motvilleg, og alt vert mørkt.

I eit sekund eller to vaknar ein med blanke ark. Utan behov for følelsar, eller problem. Deretter kjem ho sigande, like klart som natt vert til dag. Igjen trykkjer ho deg ned i eit nytt følelsesjokk. Du har eigentleg gløymt grunnen til følelsen for lenge sidan, men likevel trykkjer han. Kanskje var det nokon som såra deg, gjor deg sint, eller kanskje bunnar det heile i sakn. Du forstår ikkje lenger kvifor du føler som du gjer. Likevel tvinger kroppen deg i reaksjon. Du føler deg gal, gal av å tenke, gal av å føle. Så byrjar dagen, og for litt vert alt gløymt. Kanskje kjem følelsen igjen, kanskje er den borte. Kanskje var det heile tid som du kasta vekk. Tid har me aldri nok av. Den får me ikkje attende. Sorg tek for mykje tid…. 

Dagens visdom:
Ein har ikkje opplevd sorg før ein kan reflektere over den..

Ingen kommentarer: