"Mennesker som er voldelige mot andre mennesker, er ofte også voldelige mot dyr, viser forskning."
Nrk.no har i dag eit innlegg som heiter "-vil ha sertifikatordning for kjæledyr". I artikkelen fokusera dei på at grensene mellom det å gjere vald mot mennesker ikkje er så lang til å gjere vald mot dyr, og omvendt.
I tilegg fokusera dei på at dyremishandlara ikkje vert straffa nok, og at politiet ikkje tek sakene seriøst.
Dette er ei sak eg har mykje meiningar om. Fyrst og fremst vil eg fremje at det er slett inga menneskerett å ha dyr. Dette har eg hatt lyst å brøle til mange. Eg har vore bort i mange saker som omhandlar dyr, då eg ofte hjelp til i Dyrebeskyttelsen. Eg har støtt på kattar som er forlatt på gata med kattungar, utan mat, utan ly, utan varme. Eg har sett hundar på gata med sjukdommar og skader. Eg har sett folk reise frå dyra sine, og eg har sett folk avliva dyra sine fordi dei skal ha eitt nytt og søtare eit.
Eg har lest om verre ting. Om henging av kattar, flåing av levande dyr, vald etc. Det er ikkje verdt å nemne alt, for det treng ikkje krediterast. Folk behandlar dyr utan respekt, utan omtanke. Behandlar dei som eit objekt. Men kva er eigentleg eit dyr? Er dei berre til for at me skal herse med dei?
Dyr føler også smerte. Tenkjer dei ikkje over det dei som surrar katten i piggtråd? Dyr har også tankar, meiningar, dog kanskje ikkje så reflektert som oss. Ser dei berre tomrom dei som avliva hunden fordi dei skal ha seg ny kvalp? Dyr er forskjellige, men er alle likeverdige. Er hunden meir verdt enn hjorten sida dei sender hunden på dei? Kva tenkjer eigentleg folket?
Dyr har vel aldri gjort oss noko. Dei er uskyldige. Dei seier ingenting, dei er der berre.
"Den som tier samtykkjer?"
Tilbake til artikkelen. Dei framhever at unger som er stygge med dyr kan utvikle det til vald mot mennesker når dei vert eldre. Det ligg vel kanskje noko i det. Sjølv den kaldaste mordar må byrje ein stad.
Ja til betre rettigheiter for dyr. Me som har lyst å ha dyr på ein skikkelig måte har vel ingenting å frykte for ei slik løysing?
Dagens visdom:
Darkness has surrounded the helpless..