onsdag 12. september 2012

Den mystiske Anjasjukdommen..

Anja har sidan torsdag vore plaga med eit ukjent fenomen. Det har verka som det kjem i krampetak ein stad framme i buken. Ho strakk seg og heva bakparten høgt fyrste dagen. Det utarta seg i løpet av dei neste dagane, og vart verre med hyling i smerte til ho til slutt krøka seg over på ryggen.
 Fredag var fyrste dyrlegebesøk. Ho var grundig undersøkt med det utstyr dei hadde, men ingen smerterespons, og dermed måtte me sjå det an til laurdag. Utover dagen på fredag vart ho så dårleg at ho måtte få smertestillande. Laurdag vart den verste dagen. Mamma var med dyrlegen medan eg og Junah og eg var på stevne. Denne dagen hadde Anja verkeleg smerte, og det vart tatt blodprøve som vart sendt inn mandag.

Søndag gjekk ho på smertestillande og antibiotika, og den dagen hadde ho det egentlig greit. Fekk ta igjen en del søvn. Mandag var og grei, men ho fekk ein del tendensar igjen. Tysdag kom svaret om at blodprøva ikkje viste noko anna enn at der var ein infeksjon ein stad. Kvelden var ho svært uroleg og det vart bestemt at eg skulka skulen onsdag (i dag) for å reise til Ålesund å få ho grundigare undersøkt.

I dag stod eg opp klokka 5 for å ta fyrste ferja. Eg lasta begge hundane i bilen og kaure av garde. Klinikken opna halv ni, og då fekk me kome inn med ein gong. Der gjekk dei fyrst gjennom mage, rygg, lymfer, lunger, hjarte osv. Ingen teikn der. Dermed vart ho dopa. Blodprøver vart tatt, røntgen og ultralyd. 
Etter alt dette var alt dei kunne sjå at der er ein infeksjon ein stad, men dei er usikker på kvar den kjem frå. Samstundes utelukka det ein heil del. Ein annan ting som dukka opp på denne helseundersøkjelsen var forkalking i ryggen. Bakerst var der ein som var langt komen, og ein som var på veg til å verte stygg. Dermed sjekka me etter noko, men kom fram til noko anna. Dette vil nok dukke opp att om nokre år, men intil vidare får det berre vere tilstades.

Ho er no i ny behandling med smertestillande og antibiotika, og så må me berre følge med dei komande dagane. Vetrinæren snakka også om å sjekke noke i høve galleblæra. Det kjem me vel eventuelt tilbake til. No ynskjer eg berre at hunden kan verte friskmeldt!

Dagens visdom:
Whenever searching,
something is revealed..

Ingen kommentarer: