søndag 17. juni 2012

Alanya - Tyrkia..

 I veka som var var eg i Alanya ein tur. Der var det jamnt rundt 30 grader i skuggen. Sjøen var ein nytelse med godt over 20 grader. Sol og varme er noko me manglar her heime. Fyrste bilete syner utsikta frå balkongen på rommet vårt. Havutsikt er eit must.
 Det skal ikkje mykje til for å fasinere meg. Dette gjor susen. Tenk at i Tyrkia har hundane eigen WC. Dette har me ikkje tenkt på i Noreg, kvi ikkje? Genial ide spør du meg! :p
Her er reisefølget oppe ved Alanya Castle. Ein gjeng på fire. Legg merke til at kule kvinnfolk brukar sjølvsagt ikkje solbriller.
 Stranda byr på kunst. Dette er mine vakre fotspor..
 Kva skjer når Anita ser eit dyr? Jau, ho berre MÅÅÅ ta på det. Så, eg spurte den stakkars tyrkerguten om å få halde skilpadda hans. Den var søt, men litt redd store skumle meg. Eg forstår den godt. På dyrebutikken selde dei bittesmå skilpadder. Dei var søte. Dei selde også hundar og kattar for skarve 12 kr. Eg vert dårleg av slikt marked.
 Her er eit bilete frå ei lita grotte som liksom skulle kurere astma. Eg har ikkje astma, så eg veit ikkje om eg er kurert, men eg var iallfall innom for sikkerheitsskyld! :)
Om noko skal takast opp som høgdepunkt må det vere snakk om dette bilete. Vannscooter er ein opplevelse som ein kan leve lenge på. Herleg å flyge over vatnet på den måten. Eit anna farty som imponerte meg på denne turen var "MyPet". Eg vil kalle det ein elektrisk trehjulssykkel. Med den suste eg og Ole Andreas av garde bort over gatene. Der var til og med ringeklokke på.
 
 Ingenting er så vakkert som ein solnedgang.
Ein solnedgang byr også på ein liten porsjon kjærleik. Livets strålar rekk ut ei vennskapshand som grip rundt kroppen din og gjev ein siste pust med varme kring hjarte. Nok til at to smeltar saman. Kjenner du klisjeen renne innover deg? Bra. Derfor kjem det neste super romantiske bilete:
 
 Foto av fotografen er også ein måte å loggføre kva ein syslar med i syden. Me shoppa mykje, såg oss rundt, og slike ting, men kamera vart stortsett underprioritert.
Til slutt slenger eg med eit heilt nydelig sexy bilete av meg som vert kolva overende av dei kraftfulle bylgjene. Dei skylde over meg som kjærleiksarmar og kyssa solnedgangen farvel. Då var poesien over for i dag. Tyrkia er fint, men mange tyrkerar er utruleg sletsomme. Ha psyka klar, og ta deg ein tur då vel. Ta gjerne eit prutekurs fyrst, ALT må prutast.

Dagens visdom:
You'll take the highroad
and I'll take the lowroad..

Ingen kommentarer: