torsdag 8. mars 2012

Bronsemerkeprøva..

På mandag var det endeleg duka for den store bronsemerkeprøva.
Me var heldigvis heldige med veret.
Junah var veldig av og på. Virka nesten som om tankane hennar plutselig berre flaug vekk, for så å hente seg inn att. Ho var også veldig veirete og lettdistrahert. 
Ingen god dag med andre ord.

Tannvisinga fekk me overraskande nok ein solid 10'ar på. Det hadde eg ikkje trudd då me byrja kurset i september. Så skeptisk så ho var på denne tannvisinga. Det er kjekt å sjå at all treninga har gjort framsteg.

Neste ut var lineføringa. Denne trudde eg skulle gå fint, då eg og Junah har opparbeidd oss ei nydelig lineføring. Men dette var ikkje dagen. Ho vimsa hit og dit, og var ikkje med på holdtane i det heile. Veldig skuffande, men det var rett og slett ikkje dagen. Eg meinar å hugse me fekk 7,5 på lineføring. Forståeleg karakter, men irriterande å vete at me eigentleg har inne ein tiar.

Eg var eigentleg byrja føle på at dette ikkje skulle gå etter lineføringa. Eg hadde lite, eller inga kontakt med Junah. Ho var rett og slett ikkje med meg. Neste øvelse var dekk frå holdt. Fri ved foten fram til holdten var so som so, og holdten var treg, men gu den hunden reagerte på ordet "dekk". Så sjølve neddekket var flott. Det er jo også hovudmomentet i øvinga. Det som likevel var dumt var at Junah røyste seg før eg kommanderte ho i utgangsstilling. Med andre ord poengtrekk. Lurer på om me enda på 8. Muligens 7,5 der også.

Så kom me til innkallinga. Inga større glede enn å naile denne øvinga. Alt var perfekt, og ein velfortjent tiar. Junah kom som eit skudd og satte seg akkurat der ho skulle. Ein herleg følelse. Og eg byrja få litt trua igjen. Iallfall til neste øvelse; Stå under marsj.

Her ville ho ikkje vere med på Fri ved fot i det heile. Ville helst vandre sin eigen veg. Ho stoppa likevel perfekt, så det momente var inne. Men etter eg hadde vendt meg heilt om, byrja ho å gå rundt seg sjølv. Eg tenkte inn i meg sjølv at "no stryk me". Eg gjekk to steg bak ho, og tok ho med til holdt. Redninga i denne øvinga var at ho holdt seg innanfor to hundelengde. Dermed vart ikkje øvinga 0'a, men me fekk ein 5'ar. Heilt på kanten denne.

Så var det siste og verste øvelse. Enkeltdekk i 1 min. Pulsen min byrja å stige frå eg la frå meg Junah i ein perfekt dekk. Eg gjekk avstanden min, snudde meg, og venta. Det er merkelig kor lenge eit minutt varer. Junah snusa i lufta og virka uroleg i starten. Den type uroleg som ofte får henne til å røyse seg. Men ho ligg. Tida går, ho ligg. Eg får beskjed med dommaren at tida er gått, og hjarte lettar, eg går inntil hunden og ho røyser seg før kommando, noko som dermed øydelegger sjangsen vår for ein tiar. Me vert dermed trekt ned til 8.

Heilheitsinntrykket var dermed ikkje mykje å skryte av. Det låg på 7,5. Dette var slett ikkje dagen vår. Eg føler me har mykje meir å gå på. Det får me ta igjen å vise i klasse 1. Det viktigaste for meg er at me stod. Me STOD på bronsemerkeprøva. Ein andre plass, og totalt 108 poeng. Der er godt forbetringspotensiale, men eg seier meg fornøgd med å stå denne gongen. 

Dagens visdom:
Ein får ikkje både i pose og sekk..

Ingen kommentarer: