søndag 1. januar 2012

Årskavalkade 2011..

I 2011 måtte me seie farvel til mange gode sjele. Gråpus var ein av dei, men også andre gode dyr forlot oss. Der var også mykje folk frå bygda som tok eit siste farvel med oss.
På våren var det duka for ein heidundrandes boknasildfest. Der var mykje herlege folk, og me fekk oss ei fin tid på fjellet denne gongen også.                                                     
Rundt påske flytta også denne vesle karen inn ut med mamma. Dono har vokst mykje sidan den gong. No er han ein stor tulling, før var han ein liten tulling. Han har sjølvsagt sin sjarm inntakt.
På vårparten gjekk eg også fortsatt på Musikk i Volda. Då fans også Sandra i Volda. Her er bilete frå den dagen Sandra fekk seg kamera. Må innrømme eg saknar litt leiligheita hennar, og alt det artige som ligg igjen. Er rart å gå forbi no..
Eg fekk også skrive mi fyrste bacheloroppgåve i vår. Der skreiv eg om Bruken av Glee i Kulturskulen. Dette gjekk fin fint, men eg håpar eg slepp å skrive mange slike før eg veit kva eg vil styre med..
Studiotid var også ein stor del av våren. Der ligg igjen mykje gode minner, og eg skulle egentlig ynskje eg hadde eit slikt studio tilgjengeleg heile tida. Det er ein artig hobby.
 Junah jenta mi har også hatt ein enorm vekst dette året. Me har fullført eit kvalpe og unghund kurs på vårparten. Ho har vokst enormt både fysisk og mentalt. Det er kjekt å sjå ho vekse opp, men det skjer så alt for fort..


Me har også hatt mykje kjekk hundeleik dette året. Dette ser me fram til å fortsette med i 2012. Det er kjekt med dei faste og kjære hundevennane våre, men også kjekt når nye kikar innom.
Det var også smak av litt fint ver seint på våren, men sommaren skulle vise seg å verte det stikk motsatte, med ekstrem nedbør og dårlige tider for alt som var. Junah fekk likevel sin fyrste tur på Fossastøylen.
I mai var også eg og Junah å såg på vår fyrste utstilling. Dette var veldig så spennande, og kanskje me tårer ogss til å prøve det ein gong. Me syns også agilityringen var veldig spennande, og kika sjølvsagt også innom lydigheit. Sandra var med som sjerpa.
Viss ein skal sjå på det historiske aspektet i bygda er det vel Dalsfjord Skule som stod i sentrum dette året. Den er no ferdig og klar til bruk. Elevane skal vel byrje der no i denne veka som kjem. Ein ny skule har også budd på alt for mange diskusjonar og feider med nabobygda, men dette får ein håpe 2012 byr mindre på.
Så må eg ikkje gløyme å nemne at eg og Ole Andreas gjekk inn i sju årskrisa i år.. Med dette kom eit nytt høgdepunkt, me flytta saman. Dette har fungert veldig fint hit til, og det håper eg fortsetter!
 Eit av høgdepunkta i år må ha vore Eagles konsert på Norwegian Wood. Dei har tapt seg litt sidan 70-tallet, men var herleg å sjå dei live før dei vart totalt forfalne!
 Sommaren budde også på mykje hundetid, og ny mobil. Smarttelefon er kjekt, men er noko drit å skrive melding på. Verte liksom aldri van med det,.
 
 Eit anna høgdepunkt var "Fossastøylen Rett Opp".
Eit artig tiltak for oss bygdefolket. Eg håpar dette også vert ein realitet i 2012. Det er koselig å sjå mykje folk på støylen, og i eit nedgongsår som i 2011, kan me berre håpe på betre ver og fleire på støylen.
Der var også to bilar som tok farvel med meg i år. Poloen flytta til Herøy, og Omegaen vart spikar..
 Eg byrja også på nytt studie; Idrett grunnfag.
Der har det vore ein aktiv haust, men eg har enno ikkje bestemt meg heilt om eg likar det eller ikkje. Eg har gått saman med mykje kjekke folk, men trur kanskje ikkje dette var rette linja for meg.
For Anja har det langt frå vore eit supert år. Ho har vore ut og inn av dyrlegen fleire gongar. Ho har tre gongar øydelagt ei klo heilt eller delvis, gått gjennom kur for kennelhoste, gått på kur for nasemidd, vorte bitt av to hundar og då til slutt kastrert med komplikasjonar. Slett ikkje eit godt år for ein liten sjel. No ser me fram til eit aktivt og friskt år.
Me har også fått eit nytt tilskudd til hundefamilia. Really har vorte ein del av kvardagen vår. Ein glad, trivelig og lystig hund. Utadvendt som få, og glad i alt bortsett frå bil. Han HATAR å køyre bil. Junah og Anja har tatt han godt imot.
 Eg og Junah har også vorte aktive innan lydigheit. Me går fast kvar mandag med ein herleg gjeng. Me har fått meirsmak totalt, og kjem nok til å fortsette med dette. Målet vårt foreløpig er bronsemerket, men kan vere me vågar oss på klasse 1 etterkvart!
 Til slutt må eg nemne Dagmar. Berit var ingenting, men når Dagmar kom. Fy flate. 70timar utan straum er lenge, jula vart ikkje noko av i år føltes det som. Den berre kom og gjekk utan å seie Hei i det heile.

Alt i alt har 2011 bydd på både nedturar og oppturar. Eg kan ikkje seie det har vore eit heidundrandes år, for slik føles det ikkje i det heile, men det har vore eit OK år. Eg håper no 2012 byr på nye moglegheiter, og nye gleder. Eg håper også på ei god utvikling, og oppdagelse av nye stiar å gå.

GODT NYTT ÅR!!

Ingen kommentarer: