På tysdag morgon vart Anja kastrert på Kjæledeggen Dyreklinikk i Ålseund. Eg var sjølvsagt kjempe nervøs for heile inngrepet, men saman med Stine fekk eg tida til å gå på Moa meda Anja var under operasjon. Etter ei to timar ringte dei, operasjonen hadde gått fint, og me kunne ta ho med heim.
Alt var greit, med ei litt urolig Anja.
Nokre timar etter me kom heim merka eg at det hadde komt blod på den mintgrøne bodyen hennar. Eg ringte sporentreks til dyrlegen å haure om det var normalt. Eg fekk beskjed om at ei to til tre matskeier kunne vere normalt og at det burde stoppe etter ein times tid. Blødninga stoppa, men kom igjen seinare på kvelden, no i større mengder og gjentatte gongar. Klinikkane var no alle stengde og eg måtte ty til å ringe dei to kjekke vetrinærane eg hadde på telefonen privat.
Begge desse synes ikkje det var så normalt med blødning, men sa det kunne komme litt. Me fekk tips om å legge kompress på, og sjå om det hadde ei effekt. Me la ein improvisert kompress rundt såret og fekk stoppa blødninga. Kvelden vart sein og me gjekk til sengs. Eg sjekka omlag annakvart minutt om der var komt blod. I ett tida måtte Anja ut på do, og når eg kom inn att såg eg det hadde komt litt blod igjennom. Det var ikkje store mengder, og auka ikkje gjennom natta heller.
Morgonen etter ringte Kjæledeggen og spurte kor det gjekk. Då hadde me ikkje tatt av kompresset, og alt såg eigentleg fint ut. Kort tid etter tok me av bandasjen, og det byrja straks å bløde igjen. Me hadde no fått nok å reiste bort i Ørsta for å få eit svar på dette. Dyrlegen der meinte at dette ikkje var normalt. Det var for mykje, og for reint blod til å berre vere noko lite som gjekk over. Ei blodåre eller noko anna måtte leke, og me fekk beskjed om at dei mest sannsynlig måtte opne ho igjen. Her vart eg sjølvsagt skremt over tanken å ha ho i narkose igjen. Me kaure no direkte til Ålesund igjen.
I Ålesund tok dei blodprøve, blødartest og ultralyd for å sjekke grundig før ei eventuell opning av buken igjen. Ultralyden viste at det ikkje var stor indre blødning, men utanom det kunne dei ikkje sjå anna råd enn å legge ho under igjen. Det syns eg personleg var grusomt. Me dopa ho, og ho sovna noko lunde fort. Så måtte me forlate ho, slik at dei fekk legge ho i narkose og byrje operasjonen. Eg og mamma måtte finne noko å bruke ei bekymra tid på, så me reiste inn til Moa og lufta Junah og Really (som heldigvis fekk vere med på den turen som berre skulle vere til Ørsta).
Me hadde fått beskjed om at det skulle gå ein times tid operasjonen, men me var tilbake på dyreklinikken før. Me ville liksom berre tilbake dit. Ho var ikkje ferdig i operasjon når me kom, så me vart sittande å vente. Nokre minutt seinare kom dyrlegen ut, og fortalte at dei hadde funne årsaka. Knuten på livmorhalsen hadde gått opp, så no hadde dei knytt ekstra godt igjen der. I tillegg hadde operasjonssåret vorte litt større sidan dei hadde sjekka lag for lag etter blødningar. No ønska dyrlegen å ha Anja der over natta, slik at dei kunne overvåke ho etter fleire komplikasjonar.
Me måtte reise tomhendt heim. Den følelsen var slett ikkje god, men det var ein liten tryggleik i at ho var i gode hender. Heldigvis fekk eg melding med dyrlegen om tilstanden til Anja på kveldstid. Ho hadde byrja vakne skikkelig og hadde til og med fått i seg litt mat. Dette hjalp veldig på nattessøvnen!
Morgonen etter reiste eg tidleg for å køyre ei vennine til flyplassen på Vigra. På vegen dit ringte dyrlegen som avtalt og fortalte at alt var vel med Anja, og at me kunne hente ho klokka tre. Eg og Stine slo ihjel 4 timar på Moa. Ikkje så lenge seier du? Prøv å ver på Moa i fire timar utan å ha noke spesielt du skal kjøpe du! Me fekk likevel tida til å gå. Me var også tidleg ute til dyreklinikken for å hente Anja. Det var herlig å høyre ei velkjent piping frå eit anna rom når eg byrja prate. Enda betre var det å sjå igjen den sjarmerande kroppen med ein alt for stor krage rundt halsen. Me fekk med oss meir antibiotika og recovery for heim.
Vel heime kunne eg ikkje la vere å sjekke annakvar minutt om ho ikkje blødde, eller sjå etter teikn til at noko var gale. Hønemor kallar me slike. Anja var byrja likne seg sjølv no. Rette stillingane og lydane, og enorm matlyst sjølvsagt. Bekymringane senka seg litt, sjølv om dei fortsatt fins. I kveld ligg ho her i sofaen med meg, heilt borte i sin eigen verden. Kragen har eg hatt av (sidan eg likevel sitt her å passar på), men den mintgrøne bodyen er på. No er mitt største juleynskje å sleppe infeksjon i såret, og ellers andre komplikasjonar.
Eg fekk behalde jenta mi til jul, det er mi største julegåve.
No kan det herje både orkan og regn ute, me har det varmt og godt innandørs.
God Jul til alle der ute!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar