torsdag 29. desember 2011

Då verda gjekk imot meg..

Nokre dagar føler ein at verda totalt går imot ein. I dag har det delvis vore ein slik dag for meg. Då eg stod opp i dag tidleg hadde eg bestemt meg for at eg måtte ha meg ein tur på Fossastøylen. Måtte ha meg ein siste tur i år. Akkurat i det eg har gjort meg klar møter eg mamma i døra. Då må eg ringe telenor, butikken har ikkje telefon og bankterminal, og dekninga suger. Det gjer ho for so vidt i heile fjorden. Eg fekk ringt dei (etter lang ventetid), og fekk gitt beskjed om at telefonen var lovd rundt klokka tre. Den kom forøvrig aldri.

Endeleg kunne eg ta med meg Junah og Really, og gå. Begge fekk gå lause opp gjennom vegen, det brukar dei som regel alltid også. Der låg en del tre i vegen på vei opp som me måtte klatre oss forbi. Då me passerte Trollvadet kom også snøv. MYKJE snø. Sjølvsagt var eg so dum å la attende trugene heime. Aldri meir fjelltur utan truge. Snøen var roten, og eg gjekk gjennom annakvart steg. I tillegg ville ikkje Junah kome på innkalling, for ho var fullt opptatt med å bjeffe på noko opp i ett tre. Irritasjonsnivået var no ganske høgt, og Junah vart tatt i band.

Me kom oss til slutt opp på skaret. I håp om å få gå på snøen, fortsatte me frammover. Neida, bar ikkje meg. Typisk. Me kom opp til huldretua, der turde Really endeleg å krysse ei lita elv. me fortsatte frammover, men når eg kom opp til eit grantre, ikkje langt frå der Really kryssa elva, merka eg at Really var borte vekk. Eg ropte nokre gongar, men ingen respons. Eg fortsatte å rope, og byrja no å følge spora han hadde etterlatt. Der var så fullt i hundespor rundt om at det var ikkje lett å skilje.

Tida gjekk, og eg ropte meg hes samstundes som eg prøvde å ringe etter hjelp. Som tidlegare nemnt er dekninga elendig for tida, sidan dei ikkje har fått fiksa nettverket. Eg fekk ikkje ringt til noken. Så der stod eg, aleine med ein hund for lite, utan dekning. Eg vandra rundt å prøvde å følge spor medan eg ropte i desperasjon etter hunden. Byrja tenke at han kanskje hadde skada seg eller noko anna dumt. Eg fekk til slutt sendt melding om at han var borte, og at eg trengte hjelp.

Eg valde å følge elva, i tillfelle han kunne ha rota seg ned i den, og enda til slutt nede igjen på skaret. Her såg eg nokre spor som gjekk nedover igjen, og Junah signaliserte tydeleg at ho ville den vegen. Eg følte eg ikkje kunne gå ned att, før eg var sikker på at hunden ikkje var aleine igjen på fjella. Det vart snart mørkt, og eg såg skodda kome sigande.

Me vada oss opp på hestefjellet og fekk endeleg dekning. Då ringte Ole Andreas. Dei hadde funnet han. Really hadde gått ned att råsa, og følgt hovudvegen heim. Mamma hadde møtt han akkurat når ho svingte opp på vegen og skulle køyre innover. Det gjekk altså bra med hunden. Junah drog, bjeffa og snusa heile vegen ned att. Ho visste kvar Really hadde fere, og ville vise meg det.

På toppen av kransekaka tryna eg så meint nedgjennom råsa etter Kuvadet. Då kom det ikkje fine ord frå munnen min. Det verste med heile historia er følelsen eg stod med på fjellet. Eg var sint og redd på same gong, samstundes som eg følte meg totalt forlatt. Ingen godfølelse der i garden. Vert lenge til Really får gå med meg laus igjen, dog ein veit at han berre går heim!
Dagens visdom:
I'll be home for Christmas..

Ingen kommentarer: