I dag har Chiko vore her å sprunge saman med jentene. Det var veldig morosamt synes Anja. Junah var mest sliten i dag, så ho holdt seg mest saman med meg i håp om å ligge på fang, eller verte klappa. Er ikkje heilt i superstrøk no i løpetida. Forstår eg godt. Tenk om alle skulle ha løpetid i tre veker i slenger. Fytti katta. Eller hunden om du vil......
I går var her forsinka jonsokfeiring. Då møtte litt bygdefolk opp å kjøpte seg graut, og så grilla me saman inn i fjøra inn på Fleda. Det var stas, synes iallfall eg. Anja og Junah var også med. Det synes dei var spennande. Spesielt alle dei gode luktene, og restane av rjomegraut. Det skal også nemnast at eg flytta 17 pallar tidligare denne dagen, noko som har resultert i at eg har ei verkande venstreside på kroppen. Har vel forslått eit kvart med dei stygge pallane tenkjer eg.

Ellers går livet sin vante gang. Akkurat i dag var veret fint. Det var deilig. I morga er det på an igjen med arbeidslivet. Er litt greitt å arbeide også. Har liksom noko å gjere på, i tillegg til å tjene pengar av det. Likevel skal ein ikkje sjå vekk i frå at eg gledar meg til å ha skikkelig ferie. Fri for korps, kor, arbeid, skule og andre ting som krevst gjennom ei veke her i heimen. Eg har bestillt sol, varme og ellers fint frå 17. juli av. Berre vent!
Dagens visdom:
Stjerna flaug over himlen og kika ned på jorda;
"Så smått, men likevel så vel verdt!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar