mandag 27. juni 2011

Junah 10 månadar!

I dag er Junah vorte heile 10 månadar. For det meste er ho ei tøff jente, men nokre ting likar ho ikkje. Døme på dette er gitteret på nedste delen av altanen, eller som du ser på øverste bilete, å stå på bord. Fyrst ville ho berre legge seg ned, men med litt trening fekk me ho iallfall til å stå. Men som du ser er halen mellom beina. Om me noken gong skal tåre oss på utstilling må me nok øve litt meir! :)
Her har ein standard Junah uttrykk. Ho er veldig kontaktsøkjande, og likar godt å vere der folket er. Ei skikkelig godjente!


Å springe etter pinnar er kjekt. Som oftast er det full fart heile tida, men i dag har begge hundane vore litt reduserte etter ein ganske aktiv dag i går. Så det vart litt, "skal ej, eller skal ej ikkje gidde å hente den pinnen?".

Her har me også ein standard Junah. Følger nøye med på alt som skjer rundt seg. Då er det naturleg å følge fotografen ned på huk med hovudet. Artig jente. Ho har vore litt trasse no under løpetida, men me satsar på at ho tek på seg interessa for lærdom igjen no i ettertid.

Junah ser seg alltid tilbake. Her har me nok eit eksempel på det. Gratulerer så mykje med din 10 mnd dag. Du veks så alt for fort.


Dagens visdom:

Cats in the cradle and a silver spoon..

Ingen kommentarer: