fredag 3. april 2015

Tur til Sunndalsnipa!

I dag stod eg opp tidleg. Kunne kanskje spart meg det, sidan her både regna, snøva og var tjukt i skodde då eg vakna. Heile veka har vêrmeldingane vist fint veir fredag. Då eg sjekka i dag tidleg skulle det lette etter klokka tolv, dog både yr og storm var veldig ueinige. Planen var nemlig Sunndalsnipa. Det flate platået eg så lenge har sett på på veg til jobb kvar dag. No måtte eg berre. Skredfaren var etter varsam.no målt til 3. Eg tok sjansen.

Ved å følge Kviven var vegen til utgangspunktet enkel. Eg tok av ved Kalvatn mot Osdalen, vidare var det skilta "Nordfjordeid". Denne vegen har eg jo køyrt før. Då eg padla på Hornindalsvatnet sist faktisk. Det var derfor intet sjokk at det så vidt var plass til ein bil på vegen. Heldigvis kom Grøndalsvatnet fort, og parkeringa var som det stod på nettet; pløgd ut. Det var ikkje berre eg som skulle på fjellet i dag.


Eg pakka på meg sekk, leitte fram trugene og fekk ut hundane. Så var eg i gong. Kom meg omlag 500 meter før eg spurte ein tilfeldig forbipasserande kva veg eg skulle. Eg var nemlig litt usikker på om randonnèfolket som gjekk rett før meg skulle same veg. Det såg ut til at me så absolutt skulle same veg. Dermed var der trakka fint på vegen oppover. Det var reine folkevandringa.

Sola var litt ta og på, men det var vindstille og fint. Skodda kom og gjekk, men eg hadde alltid god sikt. Utsikt var vel mykje kvitt dog. I den tyngste bakken like før sørtoppen kjente eg på at det var Langfredag. Eg tenkte faktisk litt på Jesus som bar det korset heile vegen til Golgata. I eit lite sekund tenkte eg at no slit eg som han, men heldigvis var mi framtid litt lysare enn Jesus si denne dagen. Etterkvart som eg nådde sørtoppen løsna det litt, og eg fekk sjå Eidskyrkja ruve til venstre for meg. Det er alltid litt ekstra stas når du då kan tenkje; "jammen har eg vore der borte!".

Frå sørtoppen var det flatmark bort til sjølve hovudtoppen. Med flatmark meinar eg ei endelaus lang strekning. Tok jo aldri slutt. Då eg endeleg kom fram kom ei snøbyge, så utsikta var nada. Snakk om flaks. Eg satt meg ned, Junah sovna, og så kom utsikta. Rett nok berre i retning Volda, men det fekk duge det i dag. Sakna sjølvsagt den eineståande utsikta mot resten av Sunnmørsalpane, men den kom diverre aldri.

Etter alt for mange kommentarar på at eg burde hatt ski for å kome meg ned att satte eg kursen nedover. Gjekk radigt i laussnøen. Brått var eg ved bilen igjen. Ein flott tur. Eg trur nok det vert igjen ein gong.

Ingen kommentarer: