mandag 29. desember 2014

Jula mi er verken fancy eller moteriktig..

Nok eit år er snart omme og nordmenn har nok brukt fleire millionar på julepynt og julegreier i år også. Nye flotte, moteriktige dingsar til å plassere her og der. Juletreet skal pyntast med "matchande" pynt, og dorullnissane skal ut. Jula skal vere perfekt, også interiørmessig. Puter med hjort og sengetrekk med snøkrystallar. Handukar, tepper, bilen, alt skal vere perfekt og passe til kvarandre.

Nye fancy krims og krams dukkar opp i oktober kvart år. I år trur eg det må vere "in" med slike julestjerner som står på stake. Det har i alle fall alle mine naboar. Ja, og den kvite hjorten du får kjøpt på nille. Det er årets gjengangarar på facebook. 

Eg er sikker på at dei som er interessert i slike ting hadde fått sjokk viss dei kom innom her. Her er jo ingenting på stell, og veldig lite matchande eigentleg. Dorullnissen prydar hyllene, og ei eldgammal musefamilie står på tv-benken. Dukane våre er i tre forskjellige raudfargar, og eine stjerna vår ser ut som ho har krasja. Juletreet er pynta med minner frå det eine og det andre og golvet er nok ikkje vaska mange nok gongar. Jul vart det likevel. 

Når alt det er sagt, så finn du nok nokre hjortar på mine bilete også. Det er då eg vil drage min lange konklusjon og seie nokre vetige ord om følgande. Det viktigaste er at ein feirar jula på den måten ein føler for sjølv. Dreg fram sine tradisjonar, dei viktige tinga som må fram for at akkurat du skal kjenne juleglede. Me har alle våre måtar å lage julestemning. 

God Jul!

Ingen kommentarer: