fredag 18. november 2011

Siste i slekta har reist..

Helene var fødd her hjå meg 9. april 2004. Mora hennar var ei svart og kvit hermelinkanin med namnet Mulan. Faren var ein kvit dvergwedder med namnet Moony. Helene vart opprinneleg solgt vekk til ein annan heim, men kom tilbake til meg ikkje langt tid etter. Sidan den gong har ho budd her saman med familia si. Helene var den siste igjen av familia, så no er denne slekta borte, iallfall i vår heim.


Det er likevel godt å vete at bror hennar lev ennå bort i Ørsta. Han skal også snart verte pappa. Det vert nok nokre flotte ungar.


Helene byrja vise aldringsteikn tidlegare i sommar, og der ifrå har det eigentleg berre gått nedover. Me har forsikra oss om at ho ikkje har hatt det vondt. No får ho endeleg møte familia si igjen, medan me vil sakne henne!


Kvil i fred, Helene!

Ingen kommentarer: