mandag 3. august 2009

"And I think to myself; What a wonderful world!"

Siste nytt frå Løvik Zoo:

Gloria strevar hardt med å få lappen. Dette grunna råkøyring på riksvei Stova, og skreming av uskyldige hundar. Lærekøyraren seier det kan ta fleire veker før denne jenta køyrer på vegen aleine, men nemner også at ein bør unngå veien når ho kjem dit.

Ein vanleg frokost på kjøkkenet ser slik ut. Katten et maten, hunden siklar og ser på, eigaren prøvar å lese donalde som katten står på.
Anja har gjennom revelusjonerande forskning funne ut at det er viktig å lufte øyrene og haude. Måten du gjennomfører dette på er å stikke mest muleg av deg sjølv ut bilglaset når bilen er i fart. Pass alltid på at nokon held deg i halsbande, det er ikkje godt å seie kva tid du dett ut!
Dagens store nyheit går som følgjer:
Ole Andreas er glad i Anita!

Notatar verdt å nemne for helja:
- Anja likar makrelen levande, ikkje død. Fisking er spanande, kroken er min ven.
- Kylling er ikkje på tilbud på mega!
- Det er nokon som meinar det er viktig å brenne opp bilen sin i grøfta nedafor Einar. Det må iallfall vere so pass at heile bygda snakkar om det dagane etterpå.
- Sjøen er overflødig av ferskvatn grunna tøming av baseng u Lisjevikja.
- Anita har underernæring på potetgull denne helja.

Dagens visdom:
Ein liten bris av lykke kan fort skape ein storm
Ein liten trekk av ondsinn kan skape ein orkan..

Ingen kommentarer: