fredag 12. september 2008

Fredag 12. september

Brått fekk eg eit innfall om å skrive blogg. Skal tru om eg greier å oppretthalde dette. Eg skal iallfall prøve.

Dagen i dag;

I dag har vesle Sirius fått vete at han slett ikkje er han, men ho. Dette er særdeles trist då me må skifte namn på stakaren. I tillegg fekk han, nei unnskyld, ho, sej vaksine, og rensa øyrene gode og tome for midd. No ligg ho nok nede i leikegrinda si å søv ut den forferdelige bilturen.

Dagen i dag er spesiell på mange måtar. Klokka tolv i natt fekk eg telefon om at ein hund skulle omplasserast, so sidan då har eg prøvd å finne eigar. I kveld kjem den heim til meg, so får me sjå kar dne enda til slutt, iallfall ikkje her, for då vert Anja rasgala, og ikkje minst kattane.

Ingen kommentarer: