søndag 30. november 2014

Fyrste snø, fyrste utstilling!

Denne helga var me i Oslo. Der fekk me for fyrste gong vere med på ein sheltiespesial, og for fyrste gong fekk Meera prøve seg i utstillingsringen. Ho var veldig flink. Stod stort sett i ro, lot seg gjerne verte tatt på, og oppførte seg over all forventning. Diverre så var ikkje alt det estetiske på plass. Derfor havna me på 4. plass av fem deltakande i klasse 4-6 mnd. Me seier oss nøgde med ein slik start. I alle fall når eine øyra har lyst å henge tungt.

Ho fekk følgande kritikk:
Good size, very nice head, little bit heavy ears,
 could have more neck enough angulations, good coat, moves well. 
Nice temperament.
Dette var av dommar Judith Koroz-Papp.

I tillegg til at eg og Junah fekk trene LP og rally i ein hall full av forstyrringar, fekk me også oppleve litt av kong vinter. Det var kjekt å faktisk gå på ein frossen bakke, oppleve snø, og føle at det faktisk er siste dagen før desember, og fyrste helga i advent.

No er det på tide å få opp noke lys i vår eigen heim, og gå inn i advent med håp om kjekke stunder den siste månaden av dette året. Det er mykje nytt og spennande som ventar for ein ung kvalpekropp. Me gled oss!

Dagens visdom:
Another first..

onsdag 19. november 2014

Meera 4 mnd!

Mandag som var feira denne galningen heile 4 månadar. Den siste veka har Meera gått med halskrage grunna ei skade i foten. Dermed har ho fått ein puffsveis og øyrer som dinglar alle vegar. Dette viser godt igjen på bileta denne månaden. Håper det kjem seg til spesialen neste helg!!
For tida øver me mykje på å stå då ho skal debutere i ringen 29. november. Me prøvar også å få inn både sitt, dekk, gå fint og innkalling. Eller andre ting som eg finn ut er viktig. Har prøvd oss litt på apportering og rygging også. Prøver å ta unna alle tinga eg brukte så lang tid å lære Junah!
Meera ser ut til å kome innanfor standard. Håper berre ho ser bra ut resten også. Er trossalt mitt store utstillingshåp. Kjekk er ho jo uansett!

Dagens visdom:
Tomorrow you say?

søndag 2. november 2014

Sheltietreff på Emblemssanden..

 I dag var eg, Junah, Really, Sansa og Meera på sheltietreff i Ålesund. Her var veldig mange shelties. Det krydde faktisk. Fyrst synes kvalpane det var kjempe skummelt, men så snart dei fann ut at der var fleire kvalpar var dei på. Dei herja å styrte rundt.
 Really synes også det var kjempe kjekt å få herje både med kjente og mindre kjente.
 
 Aller kjekkast var det rett nok å herje med kjente..
 Eit lite kvalpetreff der alle snur ryggen til kamera sjølvsagt..
 Der var visst nokre vaksne også..
Sansa synes nokre av dei vaksne var litt skumle..
Jammen var det kjekt å observere (så får andre høve til å snuse)..

Dagens visdom:
Jo fleire me er saman..

lørdag 1. november 2014

Allehelgensaften..

Tenn eit lys for nokon nære, tenn eit lys for dine kjære. La ilden lyse opp i mørkets veg, så dei kan finne lys for seg. Tenn eit lys for håp og framtid, hald gode minner nær deg alltid.

Kvelden byr på tilbakeblikk, og minner. Minner om det som ein gong var, og det som ein gong skal verte. Tanken på dei som ikkje lenger er her, og tanken på framtida utan. Gode minner som dansar rundt deg, medan minnet om tapet snik seg inn. Følelsen av død og sorg, bygg seg rundt deg som ei borg. Sorga som aldri vil sleppe taket. Inn i borga ligg ei visse, om at minne kan kjempast fram. Tanken om den tida me hadde, medan smilet når munnen.

Saman går me ned minners veg. Nyt det gode, gledesruset. Før alt forsvinn, og her sit eg, igjen med berre vindesuset.

Carpe Diem!