I tilegg e d Jesus sin gebursdag. Alle burde vete koffor me feira jul. Legge derfor med juleevangeliet til dokke alle:
Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har glede i!»
Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.