torsdag 8. februar 2018

Kvalpeplanar!

Då er det på tide å gjere offentleg at planen er å ha eit kull med Shetland sheepdog kvalpar i løpet av sommaren. Tispa som skal brukast er Mellsjøhøgda's One more Sensation. Hannen vel eg å ikkje seie offentleg heilt ennå, men dersom nokon vil vite tankane bak og slikt kan dei ta direkte kontakt. 


Arya, som tispa til dagleg heiter, er ein hund som eg eig, men som bur til dagleg hjå Ylva. Arya er ei livlig og sosial tispe. Augelysing og røntgen skal gjerast før parring. Forventa løpetid i april/mai.

Meir informasjon kjem etter parring. For å følge det daglege livet vårt anbefalar eg sterkt Instagram då me er mest aktive der.

Vår instagram: 
ittadakimasu

Arya sin instagram: adventures.of.sansa.and.arya 

Bileter av Arya er lånt av Ylva Negard.

Ingen kommentarer: