søndag 30. september 2012

Haustfargar..

 Det er nydelege fargar i fjellet no..
 Nydelege kombinasjonar!
 Men ingenting vert så nydeleg som dette..
 eller..??

Dagens visdom:
Can you paint with all the colors,
of the wind..?

fredag 28. september 2012

Portraits..

 Anja - Dream of Waves
Junah - Xotic Illusion

Dagens visdom:
When a squirrel loves a nut..

mandag 24. september 2012

Nydeleg haustver..

 Nok ein dag i nydeleg haustver. Då er det for fristande å kome seg ut..
 Anja synes det var kjekkast å sitte kike på Blåhamrevatne..
 Englebarna..
 Trekløveren..
 Really bestemte seg for å posere og gjere seg fin!
No har me alle tatt kveld, etter trening i Ørsta.
Junah helsar God Natt!

Dagens visdom:
What a lovely sun..

lørdag 22. september 2012

Vår fyrste snø..

 I går kveld når eg la meg tenkte eg meg, i morga er det kvitt. Når eg kjem ut i dag tidleg ser det heilt kvitt ut, men det er av skodde. Var så vidt eg såg hundane når me var på tissetur!
 Det var då eg bestemte at i dag må eg opp i høgda. Så skodda vart rett ein motivasjon for å kome seg til fjells. Allereie ved Kuvadet var eg over skodda. Der var det nydeleg ver.
 Det er noko mystisk med å vere over skodda. Alt er så spennande og trollsk. Derfor vart det nok ein god del bilete av det. Måtte teste nyemobilen sitt kamera uansett so!
 Eg ELSKAR panorama. Og dette bilete er synet som frydar deg etter å ha slete deg opp til skaret. Positive følelsar all over..!
 Sidan det er så lenge sidan det har vore finever valde me å gå litt lenger enn støylen. Me tenkte litt på det, og fann ut me går opp mot Skålavatnet og ser om me finn noko snø!
 Jammen var det ei som var overlykkeleg av å sjå snøen igjen!!
 Det var egentleg vårstemning på fjellet i dag..
 Slik såg det ut på Skålavatnet. Skaresnø, men ikkje frosset!
Me glimta opp til Vardehornet! :-)

Dagens visdom:
Sunshine makes life easier..

søndag 16. september 2012

onsdag 12. september 2012

Den mystiske Anjasjukdommen..

Anja har sidan torsdag vore plaga med eit ukjent fenomen. Det har verka som det kjem i krampetak ein stad framme i buken. Ho strakk seg og heva bakparten høgt fyrste dagen. Det utarta seg i løpet av dei neste dagane, og vart verre med hyling i smerte til ho til slutt krøka seg over på ryggen.
 Fredag var fyrste dyrlegebesøk. Ho var grundig undersøkt med det utstyr dei hadde, men ingen smerterespons, og dermed måtte me sjå det an til laurdag. Utover dagen på fredag vart ho så dårleg at ho måtte få smertestillande. Laurdag vart den verste dagen. Mamma var med dyrlegen medan eg og Junah og eg var på stevne. Denne dagen hadde Anja verkeleg smerte, og det vart tatt blodprøve som vart sendt inn mandag.

Søndag gjekk ho på smertestillande og antibiotika, og den dagen hadde ho det egentlig greit. Fekk ta igjen en del søvn. Mandag var og grei, men ho fekk ein del tendensar igjen. Tysdag kom svaret om at blodprøva ikkje viste noko anna enn at der var ein infeksjon ein stad. Kvelden var ho svært uroleg og det vart bestemt at eg skulka skulen onsdag (i dag) for å reise til Ålesund å få ho grundigare undersøkt.

I dag stod eg opp klokka 5 for å ta fyrste ferja. Eg lasta begge hundane i bilen og kaure av garde. Klinikken opna halv ni, og då fekk me kome inn med ein gong. Der gjekk dei fyrst gjennom mage, rygg, lymfer, lunger, hjarte osv. Ingen teikn der. Dermed vart ho dopa. Blodprøver vart tatt, røntgen og ultralyd. 
Etter alt dette var alt dei kunne sjå at der er ein infeksjon ein stad, men dei er usikker på kvar den kjem frå. Samstundes utelukka det ein heil del. Ein annan ting som dukka opp på denne helseundersøkjelsen var forkalking i ryggen. Bakerst var der ein som var langt komen, og ein som var på veg til å verte stygg. Dermed sjekka me etter noko, men kom fram til noko anna. Dette vil nok dukke opp att om nokre år, men intil vidare får det berre vere tilstades.

Ho er no i ny behandling med smertestillande og antibiotika, og så må me berre følge med dei komande dagane. Vetrinæren snakka også om å sjekke noke i høve galleblæra. Det kjem me vel eventuelt tilbake til. No ynskjer eg berre at hunden kan verte friskmeldt!

Dagens visdom:
Whenever searching,
something is revealed..

mandag 10. september 2012

Haustfargar og slikt..

Medan Anja er foreløpig sjukmeldt, må denne energibomba ha trim.
Viss ikkje vert me vel alle galne. Ho er likedann som ho var når ho var seks månadar; gal.
 Dette gjev eigentleg berre gode assosiasjonar.
Bilete gjev også eit godt bodskap.
Hausten er komen, det viser fargane på dette bilete.

Dagens visdom:
Worst things in life comes free to us..

søndag 9. september 2012

LP klasse 1..

I går debuterte eg og Junah i Lydigheit klasse 1, på stevnet til Ørsta Volda Hundeklubb. Det regna sidelengs stort sett heile dagen, grusbana var eit stort gjørmehol, og alt og alle var våte.
Fyrst ut var fellesøvingane. På tannvisninga røyste Junah seg, for ho syns dommaren var rett så skummel. Dermed fekk med 9. Så var det dags for den øvinga eg hadde grua meg mest til, fellesdekk.

Junah la seg på kommando, eg gjekk ifrå, men då kom nabohunden bort til Junah og det vart mykje rot i linjene. Dette endte med at to av ekvipasjane måtte forlate dekken, og me tre som var igjen fekk byrje på nytt. Eg la ned Junah, og venta dei verste to minutta i mitt liv. Men Junah låg, og me fekk oss ein 10'ar som eg berre kunne drøymt om!

Deretter gjekk dei på enkeltøvingane. Me var nr 8, så me var eit stykke ut på dagen. Dermed fekk Junah ligge litt i bilen. Når det var to ekvipasjar igjen, tok eg ho ut, slik at ho kunne verte van med miljøet. Så kom vår tur.

Det starta med lineføringa. I byrjinga var det berre rot. Junah hadde ingen planar om å vere med, ho ville egentlig gjere alt anna, men mot slutten såg eg eit glimt av augene hennar og dermed enda me på 7,5. Så kom me til dekk fra holdt. Denne øvinga har ho alltid vore sterk i. Men den gang ei, etter trippelkommando nulla me ut heile øvinga. Surt. Innkallinga hadde ho slett ikkje den farta ho har brukt å ha, dermed kom me på 8, medan me på stå under marsj vart trekt for dobbelkommando (eg brukar visst ubevisst handa å stoppe ho) og fekk ein 7. Hopp over hinder har ho ALDRI bomma på, men i går sprang ho rundt. Dermed nok ein null. Etter hoppet fekk eg store problem med å få henne på plass. Ho ville ikkje sitte, ikkje høyre, var uroleg, sprang frå meg, og var rett eit mareritt. Når eg endeleg fekk ho i sitt var avstandskommanderinga døfødt. Vår tredje null for dagen.

Alt i alt enda me på ein skammeleg poengsum av 106,5. Dermed 3. premie og 11. plass av 14. Eg må seie meg litt skuffa over heile dagen, og det var slett ikkje den debuten me hadde håpa på. Likevel finn me ei mager trøyst i at det var mange hundar som sleit. Dommar var John Egil Fiksdal.

Dagens visdom:
Betre lukke neste gong..