fredag 29. april 2011

Dagens rett!

Dagens rett består av kvitt og brunsvart hår,
blå auger, mykje energi, og ein lang hale.
Ikkje anbefalt for allergikarar.
(Litt uklart bilete då det er mobilbilete)
Dagens middagsgjest er Junah. Ho er slett ikkje fornøgd med dagens rett. Ho synes "Dono" er for eksotisk, og vil heller ha "Royal Canin". Det skal likevel seiast at det er Anja si skål. Ho ville ikkje ha mat i dag tidleg. Synes det er snillt av Dono å tilby seg sjølv som mat eg altså..

Dagens visdom:
Du skal ikkje leike med maten!

torsdag 28. april 2011

Dono og gjengen!

Her møter Dono Oskar, BitteLita og Lisjepus. Dette var kjempe skummelt. Han skalv når eg bar han opp att. Samstundes var det nok litt spennande også!
(trykk på bilete for å få det større)
Ett hårstrekk er perfekt leike. I tillegg har eg kjøpt badebasseng av hardplast til hundane. Dono synes det var utruleg stas å leike i den eine delen som eg ikkje hadde vatn i!
Det var litt spennande med vatten på den andre sida også!
Kulast var det likevel der det var tørt!
Etterkvart byrja Junah å sprute så mykje vatn rundt seg i andre enden,
så Dono gav opp å leike i tørre delen. Det kan ein tydeleg sjå på dette bilete.
Ho bløytte ein god radius rundt seg for å seie det slik.
Då fann han seg ei hundeskål med vatn..
Her er linselusa som berre gjekk i veia når eg prøvde å ta bilete av kaninene og Dono. Mange bileter har dermed berre mykje pels, og lite anna interessant.
Eg vil ta med eit bilete av Kalle.
Dette fordi eg tykkjer han ser ut som en panda.Heilt til slutt eit sjarmbilete av min vakre Junah, og snuten til Anja!

Dagens visdom:
Alle gode dyr er våte..

onsdag 27. april 2011

Anja 3 år, Junah 8 mnd!

ka i..?
Anja ser ganske forlegen ut her altså...
Berre oversjå kamera du!!

Makta e byrja jamne sej her ja!!
Heilt nydelige tenne på disse to kjellene altså!

I dag er den vesle Anja min heile tre år. Tida går så inderlig fort. Synes ho nettopp flytta hit eg. Ho kom til oss på jonsokafta i 2008. Liten og søt. Jammen vaks ho fort opp. Ho var som ein turbo når ho var lita, og enda kan eg møte folk som seier: "Neimen kor roleg Anja har blitt, sånn var ho ikkje før", eller "er ho sjuk, ho er så roleg?". Ting har forandra seg, men inni hovudet er Anja egentlig berre unghund på halvåret ennå. Ho elskar å vere barnslig. Denne hunden veks nok aldri opp, og det er eg glad for. Gratulere så mykje med dagen din i dag, min kjære Anja!
Desverre må Anja dele dagen sin, med Junah sin 8 mnd dag. Det må vere litt kjipt, men so snart Junah er over året, er det ikkje mnd so feirast lenger, og då går også denne krasjen bort. Junah har også vakse fort, men oppføre seg vaksent må eg nok sjå lenge etter. Ein skal vel vere glade so lenge dei er små. I dag skal Junah på sin fyrste dag på kvalpe og unghund kurs. Det vert nok veldig spennande!

Dagens visdom:
Når leiken er god, er allting godt!

søndag 24. april 2011

Skrubbenestjønna..

Ei gammal tømmerhytte er alltid fin bakgrunn.
Junah er alltid klar for å takast bilete av!
Her er reisefølget vårt. Anja er ute å går for fyrste gong etter sjukmeldinga. Ho synes det var litt ubehagelig når potesokken vart våt, men ellers hadde ho mykje energi som måtte ut. Det er ikkje lange turen, så eg bar ho eit lite stykke oppover, så ho slapp å gå alt. No er ho heilt utsleta etter fyrste tur på ei veke!!
Dagens visdom:
Ut på tur, aldri sur..

fredag 22. april 2011

Ein liten påskehyttetur!

Den glade, vesle familie..
Junah trakka seg gjennom kvar einaste gjørmebad og elv som fans opp på fjellet. Ho sprang tulling, grov i snø og gjørme, datt i litt djupare vatn enn ho hadde tenkt, og var ellers gal. Var kjekt å ha med ho aleine ein tur, så ho fekk all merksemda!
Stein Jarle har vore trubadur, og det har vore mykje allsong.
Dette er Sunnmørsfjell.
Medan dei andre beit i boknasild, grilla ein liten gjeng av oss pølse og karbonade.
Her brenn Ole Andreas bort alt rotet!
Her sit me på enden av langbordet.
Mykje folk på fjelle desse to dagane.
Junah fekk restane etter hjortekjøtet. Dette fekk ho slikke rett frå panna. Ho synes det var kjempe kjekt å få smake på alt mulig rart. Spørs kor det går med magen!

Dagens visdom:
Dei gamle fjell i syningom..

tirsdag 19. april 2011

Dono sin fyrste dag!

Er ikkje enkelt å skrive noko på dataen når pusen skal ligge saman med tastaturet..
Junah er den voffen som er skumlast, for ho er så vilter..
Anja er ikkje fullt såå skummel, men litt stor kanskje..
Søt e an uansett :)

Dagens visdom:
Me har visst kjøpt meir enn ein katta i sekken..

mandag 18. april 2011

Atter ein nyinnflyttar!

I dag flytta ein liten birmagutt inn til oss. Han heiter frå oppdrettet sitt Dono Dare, me kallar han foreløpig berre Dono. Dette er mamma sin katt, så veit ikkje kva han skal kallast, men Dono er kult det synes eg. Han var ørsting, og budde med Siw Lødemel, som driv NO*Ped Alba, som er oppdrett av Hellig Birma. Koselig familie han har budd med, me er takknemlig de ville la han flytte hit!
Foreløpig synes Dono det er kjekkast å ligge på fanget å sove. Dette er ein ordentlig kosegutt. Han synes Junah er litt skummel når ho kjem springande, men dette får me håpe går seg til etterkvart som me greier å roe ned Junah. Anja er fortsatt litt smådopa etter dyrlegen i dag, så ho har ikkje brydd seg noko om han. Me gleder oss til å følge med oppveksten til Dono, så får me håpe det vert katt av han også! De vil nok sjå mykje meir av han!

Dagens visdom:
Mjau..

søndag 17. april 2011

På helgetur til Storefjell!

Fredag sette me avgarde mot Gol, og høgfjellshotellet Storefjell Resorts. Eg, Ole Andreas, mamma og Stein Jarle, med to hundar i baksetet. Turen ned vart litt lang, då me stoppa ein del. Derfor var det veldig godt å kome fram. Der var det ingen tvil om kven som skulle ha sofaen på rommet iallfall!
På hotellet møtte me Eva, Knut og Petter. I tillegg var der noko vennar og slekt av den vesle familien Løvik Mikalsen. Eg og Ole Andreas budde avsides i forhold til dei andre. Dette var vel mest sannsynleg fordi me hadde hunderom med egen inngang. Rommet var fint. God plass, og boblebad på badet er ikkje å klage på. Det som derimot var dumt, var at det var mykje trafikk (i form av folk) uttafor glaset vårt både dag og natt. Med to hundar som var på vakt var ikkje dette veldig praktisk. Ein annan ting som ikkje var praktisk, var at Junah ikkje takla vere på hotellrommet aleine med Anja. Så når me skulle å ha oss mat, måtte begge hundane stå ute i bilen for at dei skulle vere stille.
Det var skuffande lite snø på fjellet. Trekka var ikkje noko å satse på. Dette var dumt for Ole Andreas som berre hadde "nedoverski". Me andre som hadde med "bortoverski" hadde derimot lukka med oss. Løypene inn gjennom vidda var flotte. Bra med snø, og godt føre. Meir kan ein ikkje krevje. Laurdag gjekk eg med Anja, medan mamma tok med Junah. Dette var fyrste gong Junah såg ski, men det gjekk overraskande bra for ho. Ho hadde ingen problem med å springe ved sidan av, og halde avstand frå skia.Der var endelaust med moglegheiter. Kilometer på kilometer med skiløyper i alle retningar. Heldigvis var alt skilta, og merka med forskjellige bokstavar. Til dømes gjekk me frå S1-S8. Eit greit system å fylgje, men eg sakna skilt som sa kva retning du måtte gå for å komme til dei forskjellige punkta. Ein ting som derimot var veldig nøyaktig merka var namn på stadane. Sidan eg og mitt var langt frå lokalkjente, var det greit å få hjelp på eit av kryssa med ei hyggelig dame med to Border colliar. Søndag gjekk eg og Anja ein tur aleine, då eg ikkje såg mitt syn med to hundar på ski. Er meir enn nok å drage inn ein hund når ein møter folk i løypene, om eg ikkje skulle hatt ei lita vimse ved sidan av. Derfor fekk Junah vere igjen på hotelle saman med mamma. Anja var sjølvsagt meget fornøgd med å vere med, så ho drog og sprang av hjartans lyst i dag. Var herlig å sjå ho kunne ha litt køyreglede ho også. Ein ting eg vart glad, og imponert over å sjå, var ein mann som kom på ski med ein husky som gjekk laus. Huskyen hadde ingen interesse for verken folk eller hundar rundt seg, den berre sprang dit den skulle saman med eigaren sin. Er så kjekt når folk har kontroll på hundane sine. Eg kunne aldri sluppet Anja. Hadde vore over alle hauar ho då.
Eg synes denne skyformasjonen var litt morosam. Her skimtar du den endelause vidda. Det var nydelig å gå der. Skulle ynskje me hadde slike vidder her på sunnmøre også. Er berre opp og ned over alt her.
Måtte ta nokon bileter av Anja i dag, sidan me tok så få bileter i går. Vart liksom aldri tatt fram det kamera. Trur ikkje der er mange bileter totalt frå helgja. Medan eg er inne på det, så kan eg fortelle at Vassendgutane hadde konsert på hotellet laurdag. Dette resulterte i mykje bråk på natta. Dermed har det vorte ytterst lite søvn på meg, og ikkje minst hundane. No er me alle dautrøtte!
Her sit me å ser på dei som badar i utandørs boblebad. Det var då eg tok dette bilete eg merka at der var så mykje blod overalt på platten. Det var ingen andre enn Anja det. Ho har kløyvd eine kloa på frampoten, og fossblødde der og då. Om du ser nærmare på den kvite labben, ser du at kloa heilt til venstre står heilt feil veg. Då var det fram med fyrstehjelpspakken. Me stoppa blødning, og bandasjerte labben. I tillegg hadde me potesokk på. Ho skal nemleg ikkje slikke såret. I morga fer me til vetrinær og får ordna bort den kløyvde delen. Stakkars Anja. No vert det rolig tid inne og antibiotika atter ein gong. Verste er at det skulle skje no til påske. Synes ho har vore enormt uheldig dette året......

Dagens visdom:
Jeg snører min sekk,
og spenner mine ski..

søndag 10. april 2011

Junah på fjellet for fyrste gong!

Junah var glad og fornøgd,
og ikkje minst nyskjerrig på sin fyrste tur til Fossastøylen!
"Stamkarane" fekk ho også møte på toppen, så det vart både sosialisering
og fjelltur i eitt denne gongen!
Det som var kjekt i hytta var å tygge på ALLE vedaskider, og fliser..
Enda meir interessant var det sjølvsagt når Stein Jarle skulle ete mat.
Dette måtte ho få med seg. Var ikkje heilt borte vekk Anja heller då.
God blest, men det bryr ikkje denne pelsen seg om. No ligg Anja i senga si å snorkar, og Junah har slåkna i stolen ved sidan av meg. Me var alle samde om at det var ein gild tur!

Dagens visdom:

Du er ikkje framme før kaffien kokar..

lørdag 9. april 2011

Katten som ingen ser..

Amigo i sitt rette element..
Litt jakt på pinne er kjekt!
Gjer seg lekker for kamera!
Grooowl!
Amigo er katten som ingen veit me har. Dette er fordi ho aldri er tilstades når framand folk er på besøk. Ho har verdens mjukaste pels, og er kjempe kosete. Ho hatar derimot hundar og som sagt, framandfolk. Likevel er ho jo ein del av katteflokken. Ein veldig fin katt!

Dagens visdom:
Purrrrrr....