torsdag 30. juni 2011

Denne dagens dyrestatus!

Dono vil UT..
Miini sitt å kviler i buret.. Ein lang dag er over..
Kalle har sløkna..
Oskar gjer seg klar for kvelden..
Sånn btw slo eg opp agilitysettet mitt i dag..
Ronja besøkte oss..
Helene vert mobba i kaninflokken..
Her sitt mobbeofferet sitt verste mareritt..
Midna held vakt i trappa..
Amigo gjer seg til som alltid..
Alle marsvin har tatt kveld..
Anja kviler etter ei økt i gjerdet..
Det gjer Junah også..
Sånn var Dono på fyrste fotosession. Så gjekk kamera tom for batteri, og eg måtte ta resten ta statusane på kveldstid..
Til slutt eldstemora; Lisjepus..

Dagens visdom:
Nyt fridagen, du veit aldri kva tid neste kjem..

onsdag 29. juni 2011

Våte dager..

Schwartzi synes vatn er kult..
Pleco er tøff i tryne når veret er vått..

Dette er ein ny fisk i stove-havet. Han heiter Tay-tay.

Dette er broren til Tay-tay.

Han heiter Non-Swift, på grunn av det korte sløret!

Dagens visdom:

Drypp, drypp, drypp, la regnet falle!

mandag 27. juni 2011

Junah 10 månadar!

I dag er Junah vorte heile 10 månadar. For det meste er ho ei tøff jente, men nokre ting likar ho ikkje. Døme på dette er gitteret på nedste delen av altanen, eller som du ser på øverste bilete, å stå på bord. Fyrst ville ho berre legge seg ned, men med litt trening fekk me ho iallfall til å stå. Men som du ser er halen mellom beina. Om me noken gong skal tåre oss på utstilling må me nok øve litt meir! :)
Her har ein standard Junah uttrykk. Ho er veldig kontaktsøkjande, og likar godt å vere der folket er. Ei skikkelig godjente!


Å springe etter pinnar er kjekt. Som oftast er det full fart heile tida, men i dag har begge hundane vore litt reduserte etter ein ganske aktiv dag i går. Så det vart litt, "skal ej, eller skal ej ikkje gidde å hente den pinnen?".

Her har me også ein standard Junah. Følger nøye med på alt som skjer rundt seg. Då er det naturleg å følge fotografen ned på huk med hovudet. Artig jente. Ho har vore litt trasse no under løpetida, men me satsar på at ho tek på seg interessa for lærdom igjen no i ettertid.

Junah ser seg alltid tilbake. Her har me nok eit eksempel på det. Gratulerer så mykje med din 10 mnd dag. Du veks så alt for fort.


Dagens visdom:

Cats in the cradle and a silver spoon..

søndag 26. juni 2011

Saknar store SIRIUS..

Om du skulle lure, så er det sjølvsagt min kjære STORE pc som heiter Sirius. Mini pc'en var ei god erstatning, heilt til Junah tok ledninga for andre gang fordi eg var så dum å legge den frå meg på gulvet. No står den utan batteri, og alt er berre sorgen. No er eg på låne pc frå AR-data (som forøvrig har fucka pc'en min..) medan eg ventar på tilbakelevering av min sin. Håper dei får fingrane ut snart for eg saknar Photoshop, Firefox, og alle andre programma og "kulturen" eg oppretta på pc'en min. Orkar ikkje skape noko kultur på ein midlertidig PC.


I dag har Chiko vore her å sprunge saman med jentene. Det var veldig morosamt synes Anja. Junah var mest sliten i dag, så ho holdt seg mest saman med meg i håp om å ligge på fang, eller verte klappa. Er ikkje heilt i superstrøk no i løpetida. Forstår eg godt. Tenk om alle skulle ha løpetid i tre veker i slenger. Fytti katta. Eller hunden om du vil......
I går var her forsinka jonsokfeiring. Då møtte litt bygdefolk opp å kjøpte seg graut, og så grilla me saman inn i fjøra inn på Fleda. Det var stas, synes iallfall eg. Anja og Junah var også med. Det synes dei var spennande. Spesielt alle dei gode luktene, og restane av rjomegraut. Det skal også nemnast at eg flytta 17 pallar tidligare denne dagen, noko som har resultert i at eg har ei verkande venstreside på kroppen. Har vel forslått eit kvart med dei stygge pallane tenkjer eg.

Ellers går livet sin vante gang. Akkurat i dag var veret fint. Det var deilig. I morga er det på an igjen med arbeidslivet. Er litt greitt å arbeide også. Har liksom noko å gjere på, i tillegg til å tjene pengar av det. Likevel skal ein ikkje sjå vekk i frå at eg gledar meg til å ha skikkelig ferie. Fri for korps, kor, arbeid, skule og andre ting som krevst gjennom ei veke her i heimen. Eg har bestillt sol, varme og ellers fint frå 17. juli av. Berre vent!


Dagens visdom:

Stjerna flaug over himlen og kika ned på jorda;

"Så smått, men likevel så vel verdt!"

onsdag 22. juni 2011

Sju år saman!

I dag har eg og Ole Andreas vore saman i sju år. Lange tider det. Det heile starta 22. juni 2004. I dag, sju år seinare, har me vore ute å ete mat i Volda. Det var koselig det. No satsar me på minst sju år til, så sant me kjem oss gjennom sju års krisa. Det vert eit spennande år for oss framover, no som me skal verte sambuarar. Me gled oss til å ta eit steg vidare. Still going strong!

Love is in the air...

Dono veks, og trivst..

God stil!
Tøff i tryne..
Skjer a?
Skal ta deg..
Apekatt!
Ser så klok ut atte..
Dono portrett..
Jaktmodus!

Dagens visdom:
Mjau..

onsdag 15. juni 2011

I farta..

Anja har utruleg god stil!Dei lyser sin sjarm til kamera som vanleg..
Junah er i stand til å snu seg på ein femøring..
Såååå gøy å leike sisten. Synn Anja ofte har den.
Junah viser sin sexy side..
Like hunder tenkjer likt..
Elektrisk sjokk..
Endelig er det Junah sin tur å jage!

Dagens visdom:
Ingen renskar måsen opp som potar i spurt!

tirsdag 14. juni 2011

Norwegian Wood, Eagles..

I går var eg, Ole Andreas, Stein Jarle, Eva og to venniner av Eva på Eagles konsert i Frognerbadet. Dette var i regi av Norwegian Wood, og til oppvarming song Ida Jenshus. Over ser du eit svært sjarmerande bilete av Joe Walsh. Eg hadde sjølvsagt berre mobilkamera å ta bilete med, så vart ikkje noke spesielt bra, men en ser iallfall kva det er for noko!
Eagles spelte musikk frå alle åra sine. Dermed kom nokre gode slagera som Life in the Fast Lane, Hotel California og Heartache Tonight for å nemne nokre. Don Henley song ein song frå solo karriera si (The Boys of Summer), og Joe Walsh song ein del frå si (for mange etter mi meining).
Det var tydeleg at bandmedlemmane var byrje drage på åra. Stemmene har nok sett si beste periode, og dei er langt frå så spreke som dei en gong var. Likevel gjorde dei jobben sin, men ikkje så mykje meir enn det heller. Gitarspelinga til Walsh kan ein ikkje klage på, medan Henley var noko matt på desse trommene sine. Frey synes eg har tapt det han hadde av stemme, medan Timothy kanskje burde vurdere å droppe falsetten som han ikkje lenger nailer slik han brukte. Totalt sett synes eg likevel Henley klarte seg best songmessig. Walsh vart for hjerteskjærande for min smak, og det var nok ein grunn til at Frey song lite solo.
Det var ein god opplevelse å sjå dei live, og eg er glad eg gjor det no, og ikkje seinare. Aller mest meinar eg at Eagles bør gje seg no, medan dei fortsatt har litt verdigheit igjen. Dei dreiv showet med stoltheit, men eg følte det var fire egoista, ikkje eit felles band som var på scena til tider. Dei skal ha ros for den perfekte kombinasjonen av lys og bilete dog. Konserten hadde ikkje vorte det samme utan.
Alt i alt kan eg vel seie at det var ein god opplevelse, og svarte til forventningane mine (og alderdommen deira). Dei har nok hatt sine gulldagar, men likevel måtte eg kjøpe meg Eagles tour 2011 t-skjorte. Til encore fekk me høyre både Take it Easy og Desperado. Konserten var nesten fyllt med alle favorittane mine, men sakne var stort etter Tequila Sunrise og One of These Nights.

Dagens visdom:
On a dark desert Highway
Cool wind in my hair..

lørdag 11. juni 2011

Doggelganger!


Artig måte å finne omplassering til hundane.
Gå inn hit og sjå kva hund som passar deg!

Dagens visdom:
There's plenty more fish in the sea!