onsdag 31. mars 2010

Fruits Basket

Fruits basket e min absolutte favoritt anime. Den gir mej rett og slett kjempe mykje. Dette e verkeleg eit must å sjå. Som ej sa t Sandra en gong; V du forstå mej, sjå Fruits Basket!

Handling:
Tohru Honda er ei 16 år gamal foreldrelaus jente som vert invitert til å bu i huset til ein av klassekameratane sine, den kjekke guten Sohma Yuki, og søskenbarnet hass, 16 år gamle Kyo og den 27 år gamle Shigure. Men, desse unge mannfolka og delar av familia deira (både fjerne og nære) har ein forbannelse; viss dei får ein klem frå motsatt kjønn forvandla dei seg til dyr frå den kinesiske kalendaren. Kvar dag vert dermed eit eventyr for Tohru, etter som ho vert kjent med kvar enkelt person i familia både i vanlege, og bisarre situasjonar. Men, Sohma familia sin forbannelse er ikkje noko å le av. Den held på ein grusom ondskap og er hjerteknusande.
(Kilde: myanimelist.com)

Sjanger:
Komedie, romanse, drama, delar av livet og shoujo (jenteanime)

Introsangen:



Virkelig vert ein kik!

mandag 29. mars 2010

Dagens dyrestatus!

Anja har ei formeining om at me stod opp for tidlig i dag. Me har vore på EU - kontroll med bilen, så me måtte litt tidlig opp. Ho var likevel glad når ho forstod at me skulle gå tur medan me venta på bilen. Ho var til og med så heldig å møte ein kjekk Berner Sennen kar. Då var dagen hennar redda! Veret bryr ho seg lite om, og etter ein snartur for å mate naboen sine kattar er ho storfornøgd når me leika sisten på marka ettepå.
Gloria nyter søvnen ved sidan av vedaovnen. Det er ikkje greit å vere hamster, søv vekk heile dagen.. Og som du ser på bilde he ho rydda i natt. Rart kva eit hamster ser som ordentleg..
Sandra har siesta saman med døtra Eli. Samstundes som Vilde sitt utafor å tenkjer djupe tankar. Brukar som regel å vere litt meir liv i dei utover ettermiddagen!
I akvariet er der også sieta. Vanlegvis brukar ein å sjå ein flokk med tetra, nokon schwarziar, ein diger flat algetar, noken pansermalle og så kan du på bilde skimte nokon siamesiske algetarar. Slørhalane er heilt bortevekk no på dinne tida av døgnet.Midna ligg på sin faste plass på telefonkrakken på gangen. Det er ikkje eit uvanleg syn det, sidan ho søv heile dagen.På badet finn du dronninga, Evita eller Lisjepus om du vil. Ho ligg der å nyter varmen frå varmekablane. Desse gamlingane er glad i søvn og varme!Nede på gangen finn eg Amigo, som er i skikkeleg rampehumør. Det er ikkje vanskeleg å høyre Midna kome ned trappa bak meg, og snart er Amigo byrja å yppe seg på henne. Katten som besøkande aldri ser er skikkelig i slaget i dag!Den eldste i huset av dei firbeinte, Gråpus, nyter dagen opp på vaskemaskina. Eigentleg har me kjøpt oss ny vaskemaskin, men mamma vil ikkje hive ut den gamle sidan katten vil berre ligge opp på den. Gråpus er alltid pratsom, og gir meg nokon fine purrrr, ho seier sikkert eg skal helse til internett.Cognac var eigentleg ikkje våken, heilt til eg kom inn døra. Då trudde han det var godteri på gong, så då vart det litt godt å tygge på med då. Det er viktig å tilfredsstille dei små ørkendyra også.Naboen til Cognac, Luke, ser helst han slepp å stå opp i det heile, men når eit par solsikkekjerner vert lagt framfor nasa er det ikkje lenge før ein ser snuten. Han er trøtt i dag stakkar.Ute i hagen er det hakket meir liv. Frå venstre Helene, Mulan og Oskar. Helene vakar mora, som då er Mulan. Mulan har vore sjuk i to veker, men var frisk for nokon dagar sidan, ho ser litt shabby ut i dag, så det spørs om det vert dyrlege besøk snart. Oskar har eigentleg ingenting å gjere i dette buret akkurat no, men det har vorte litt laussluppe no dei siste vekene sidan de går så godt ilag alle saman. Dei vandrar frå plass til plass akkurat slik dei sjølve vil.
BitteLita var visst også tilstades plutselig. Ho høyrer heller ikkje til her. Ho ferdar rundt etter mat og nokon å yppe med.Sissi slappar av under buret sitt. Det kan vere greit å ta det med ro no når BitteLita ikkje står på gjerdet å masar.Bonnie (Kanina som sitt inn i buret) og Miini er dei eigentlege sambuarane til Bittelita, men dei serkje ut til å sakne ho akkurat no. Desse har ein djup samtale om eit kvart vetigt tenkjer eg.Sist men ikkje minst må eg kike opp i familieburet for å sjå om eg finn den siste kanina, Moony. Han ser ut til å ha ein "inne-kvil-seg-dag".

Dyras Visdom:
Livet det er helt ålreit!

søndag 28. mars 2010

Kjære snøv, he du gløymt ej sa opp avtalen vår?


D ekje alle so e like verglade som Anja. Seriøst, snøv no igjen?!
Ej va skikkelig innstilt på våren, blomstrane, varmen, berre vegar og andre vårliknande saker.
No trur ej at ej berre må innstille mej på snøv igjen..

Dagens visdom:
Fatt mot, der kjem ein somar..

fredag 26. mars 2010

Påskeferie!

Endelig e påskeferien her. Eller endelig og endelig. Å gå musikk er nesten ferie heile året. Uansett så er det jo påskeferie. Det betyr at bygda verte meir folksom, og sosiale aktivitetar står for tur. Ein positiv ting i desse triste vertide. Men eg må jo også skrive den der oppgåva om kor, men det tek me ein dag engasjementet er til stades!

Ekje ofte ej lika å prate om veret, men i dag e alt så stille og mystisk. D e nesten som å vere i ein draum når ein går ute. Skodda ligg heilt ned i sjøen, og du ser berre hundre meter fram. Herrlig å gå på veien. Her er eit innblikk i det:No snart skal ej av stades til Dimna å hente Eli. Ho skal på besøk her i helja. Så får me håpe det vert ei kjekk helg med mykje spanande opplevingar!

Dagens Visdom:
I'm through with playing by the rules of someone elses game!

Nytt familiemedlem!

Til din informasjon kjøpte eg meg eit nytt familiemedlem i går. Liten, søt og sleip. Anar ikkje om det er jente eller gut, men den får eit ganske tvekjønna namn. Den skal heite so mykje som Zora. Ja, du har rett, den er enten oppkalt etter Zora frå Zelda:Eller så er den oppkalt ette den elendige filler arca som var i Naruto etter Gaara arca, nemleg Sora:Men sidan min kjære Zora er ein fisk, så trur eg at Zora er den mest passande tittelen, då Sora berre er humbug. Her er bilete av min flotte fisk, eller nærare bestemt ein slørhale:

tirsdag 23. mars 2010

Ferdig med Høgskulekoret, for no..


I dag hadde Høgskulekoret ein jazz konsert på Rokken. Ein kan ikkje seie det var fullt hus, men noko folk var det jo. Lyden av koret var jo nokolunde, men kunne vore så mykje betre. Likevel vart heilheita nokolunde, og solistane trakk det heile mykje opp. Som en del av koret må eg nok stille meg ganske så objektiv, men dei eg kjente av publikum sa faktisk at det ikkje var så verst.

Old time religion, Route 66, Birdland, Never Gonna, My funny Valentine, Georgia on my mind og Tuxedo Junction var repertoaret til koret.

søndag 21. mars 2010

Den beste ven..


Det er noko med den følelsen å stå opp kvar einaste morgon og vete at nokon er glad i deg. Det er jo ikkje slik at eg er heilt borte vekk frå alle folk då, men det er noko med å kvar einaste dag føle at nokon har behov for deg, og ventar på deg. Å setje føta ut for sengekanten å kjenne varm pels sope forbi og ein hale som slår mot leggen din. Nokon gangar nokon djupe brune auger som kikar ned på fjeset ditt å spør om du ikkje skal stå opp snart.

Etter at du har fått tatt ditt morgonstell og hunden har gjort sitt fornøde ute på plenen kjem ho hoppande bort etter golvet for å seie at no er det morgon, skal me ikkje ete frokost? Og etter ein solid frokost merkar du forventningane som sitt i den lykkelege kroppen som vandrar der rundt med ein konstant vaggande hale. Nokon gongar må ein berre skuffe ho med at kvardagen, skulen eller arbeidet ventar. Ho vert ikkje skuffa, ho godtek det slik det er, og stolar på at eg kjem tilbake. Der fins ikkje tvil i den pelsen.

So kjem ein heim, litt småsliten etter ein lang dag. Halen går av lykke. Endeleg er du heime, "eg har venta på det sidan du for". Ikkje eit teikn til sinne, eller skuffelse over at du var litt seint ute, det er greit slik det er, for du kom. Klar som et egg til alt du måtte finne på.

So ordnar ein seg litt heime medan hunden vandrar rundt eller går å legg seg tålmodig å ventar. Endeleg vert det hennar tur. Og den gleda som sprudlar i kroppen hennar når du dreg opp glidelåsen på jakka, tek på deg hua og plukkar opp hundebandet. Den som hadde den lykka som hunden viser då. Du tek på ho bandet, og går ut å møter naturen.

Kanskje er du litt gretten fordi det er surt ver, eller det er kaldt, for mykje vind, for lite vind, for varmt. Me mennesker finn alltid noko å klage på, men hunden, ho kunne ikkje brydd seg mindre om kva ver det er. Om det er vinter, vår, somar eller haust er ho der, og så lenge ho er på tur saman med deg, så er heile verda hennar fullkoma. Du pratar til ho, men ho seier ikkje mykje tilbake. Likevel kan du sjå ho lyttar tålmodig. Ein betre lyttar skal ein leite lenge etter. Om du skulle vere så uheldig å falle eller snuble er ho der med ein einaste gong å trøystar på sitt vis.

Etter ein tur ute kjem ein begge heim og er småsvoltne og trøtte. Då tek ein nok eit måltid, og roar seg ned for kvelden. I den eine stolen du, og den andre hunden. So lid det på kvelden og de synes begge det er eit tiltak å røyse seg frå stolen, likevel tvingar de dykk sjølve opp og ut for å ta kveldsstellet. Deretter ventar den gode varme senga. Hunden legg seg fyrst, men ikkje på di side. So kjem du og legg deg og pakkar dyna godt rundt deg. Rett før du duppar av og inn i ein god og djup søvn, kjenner du ein varm kropp kome å legge seg ved sidan av deg. Den fuktige snuten sveipar kanskje raskt over fjeset ditt, og du høyrer eit etterlengta sukk som strøymer forsiktig forbi hovudet ditt. So sovnar de begge inn i kvar dykkar draumar og ladar opp til ein ny kvardag.

Ein trufast ven som alltid stiller opp
Ein ven som kan trøyste og forstå
Ein ven som er med på alle dine tankar
Ein ven som veit kven du er, og godtek det
Ein ven som gjer sitt beste
Ein ven som aldri svikar eller lyg
Ein ven som er der berre for deg
Din beste ven for alltid!

The great pleasure of a dog is that you may make a fool of yourself with him and not only will he not scold you, but he will make a fool of himself too.

søndag 14. mars 2010

onsdag 10. mars 2010

Ny korpslogo..

Korpset skal no ha sej nye hettegensarar. Dei skal vere kongeblå. Me har også bestemt oss for at logoen skal vere kvit. So derfor har me hatt ein logokonkurranse. Verte spennande å sjå gjennom alle forslaga å finne en so e bra som alle kan synes e OK å gå med på ein gensar! ^^

Så får me håpe styret verte einige om ein av dei til slutt..
Her e då noken av mine forslag:

søndag 7. mars 2010

Kjærleik i Fokus

No har me bestemt oss for å halde ein konsert den 25. april på Dalsfjord Skule. Kven er då så me? Jau, det er eg, Sandra og Gloria. Me skal sjølvsagt ha med oss band og lage alt så gjennomført som mogleg. Dette er ein konsert både for unge og gamle. Også dei midt i mellom!

Me skal synge mange fine songar som har med kjærleik å gjere. Nokon gamle slagera, og nokon nye. (Neida, det er ikkje berre kjedelige suppesongar, der er nokon med litt futt i også!). Du er vel møtt på Dalsfjord Skule klokka fem på ettermiddagen. Konserten er sjølvsagt GRATIS og du har ingenting å tape!

Dette er sjølvsagt langt opp og fram. Men eg fortel det til deg no så du kan sette av helja! Då he me en deal!;)

Love is in the air..