fredag 27. september 2013

Haust og fjell..

 I veka som har gått har det vore strålandes haustver i fagre Dalsfjord. Dermed har det vorte mykje fjellgåing. Eg vil fortelje om rundturen me hadde i dag. Me starta nede frå Lyngnes og gjekk opp mot Støylen. Var ikkje innom Støylen sånn med det fyrste, men prata med folk i råsa. Då me kom til Huldretua kryssa me over elva å sikta oss inn mot Lisjenipa, som de ser til venstre på dette bilete.
 Oppover ryggen mot LIsjenipa traff me to jegera som var på rypejakt. Me tok oss ein prat med dei for å forsikre oss om at me ikkje vart skotne på vegen vidare. På Vardehornsida kunne ein skimte ein større gjeng jegera også. Me vart forsikra om at me var trygge og vandra oss vidare oppover til dagens fyrste mål, Høgenipa.
 På høgenipa traff me ei hyggeleg dame som og var på tur i fineveret. Me slo oss ned for ein god lunsj her, då sola varma sånn passe, og det var vindstille. Då fekk me og nyte den spektakulære utsikta Nipa byr på. Fekk til og med den aha-opplevinga at eg ser heilt ut i havhorisonten. Det hadde eg ikkje tenkt på.
 Etter ein god lunsj tok eg sekken på ryggen å vandra ned den skuggelagde sida av Nipa. Her var frost i form av rim og sleipe steinar. Tydeleg at vinteren er på veg. Kaldt var det også. Ei heilt anna verd enn solrike me kom frå. Men snarleg var me nede i Sandskaret som baud inn dei varme strålane. Her såg me oss ut vårt neste mål, Vardehornet.
Etter å ha klatra oss opp nokre nye høgdemeter nådde me Dalsfjorden si perle, iallfall etter mi meining. Vardehornet er så mykje. Vakker utsikt fyrst og fremst. Her stoppa me for ein kort lunsj nummer to. Mykje eting i fint ver må forstå. Så vandra me vidare ned på trevarane. Der er også stoppeverdig sjølvsagt. 

Så gjekk turen i den virkelige nedoverbakken ned mot Fossastøylen. Der traff me på ny folk å prate med, før me sette kurset heilt heim. Totalt sett fekk me mange gode opplevingar i fjellet i dag. Hyggelege folk, uendeleg mykje rype, godt ver, glade hundar og slitne kne. Me sjåast snart igjen, haustfjell!

Dagens visdomsord:
Dei gamle fjelli synigom..

mandag 23. september 2013

Ny kompetanse..

Då var hausten verkeleg komen til Dalsfjorden. Mykje flotte fargar i fjell og generelt skog no. Beste tida på året dersom veret er fint, eller, vinteren er og fin, våren også. Er vel berre sumaren som sviktar her til lands. 

Som sagt tidlegare har eg vore i Førde mykje i haust for å ta trinn 1 instruktørkurs med NKK. Dette kurset er eg no ferdig med, og fekk bestått eksamen i helga som var. No manglar eg berre nokre instruktørtimar før eg kan kalle meg ferdigutdanna trinn 1 instruktør. Vert spennande å halde kurs. Skal byrje med mitt fyrste allereie i haust. Mange søte kvalpar og unghundar som ventar på å verte forma!

Dagens visdom:
Just like a star..

torsdag 12. september 2013

Skoddehav..

 I dag vakna me til tjukk skodde rett utfor døra. Det betyr berre en ting, at skodda ligg veldig lavt. Dermed veit me godt at om me berre går litt oppover så får me oppleve eit spektakulert syn. Slik vart det i dag.
 Det kan virke som om det berre var Dalsfjorden som var ramma i dag. Alt anna var så klart og fint. På dette bilete kan du og skimte Lyngneset. Det vil seie skodda låg heilt ned i sjøen.
 På Hestefjellet fann me finaste utsikta. Hundane syns også det var spennande.
 Frisk haustmorgon, med strålande sol. Er ikkje verst å vere hund på den tida då.
Draumen er alltid å kome over skodda. Enda meir spektakulert er det når ho ligg mellom dei høge toppane og du kjem over, men dette var meir enn bra nok for meg i dag.

Dagens visdom:
The sun is only hiding 
benhind the white and grey..

torsdag 5. september 2013

Hausten er komen..

 Då var september i gong. Dagane mine er veldig uforutsigbare for tida då eg berre er tilkallingsvikar. Sidan eg då ofte har mykje tid til over kan eg ta meg tid til å sjå rundt meg. Haustfargen strålar for fullt i fjella, og alt er så nydeleg.
 Ein kan merke eit siste krampetak i dei dyra som har lita tid igjen. Humla er no byrja å få dårleg tid, men sumarvarmen vil ikkje sleppe taket. Ho held så godt ho kan, men snart må ho gje tapt for kaldare makte. Den fyrste nysnøven har allereie gitt sine glimt på fjelltoppane. Sola har ennå overtaket å driv vekk kulda, men snart greier heller ikkje ho å halde det borte.
 Regnet held seg oppe, meir og meir. Våte dråpar kling rundt dei haustlege godene. Frukt og bær ropar etter å verte plukka, og dei siste blåbæra gjev tapt for ein raud lyng. Våt pels vert kald pels og følelsen av frisk luft, snø i lufta og morild til kvelden gjev håp om ein fin haust.
Andre prøver å ete seg opp å verte store til å takle kong vinter på ein god måte. Vekta må opp dersom søvnen skal vere god. Kveldane vert tidleg mørke, og morgonane er tyngre enn før. Enda godt me snart skal stille klokka.

Dagens visdom:
Verda vert omkransa av regnbogen sine fargar,
det er haust..