lørdag 22. mars 2014

Tid for hund..

Eg har lenge hatt ei stille periode innanfor temaet hund. Eg mista vel eigentleg piffen så Junah for etter bilar i fjor vinter. Sidan den gong har me på ein måte mista tilliten mellom kvarandre, og det gode treningsforholdet me hadde.

Å trene med ein hund du ikkje stolar på er ingen god følelse. Eg vert usikker, då vert hunden usikker og resultatet vert elendig. Trening vert frustrasjon, trening vert kjipt, ein sluttar å trene.

No har me vakna opp att frå dvalen. Det er på tide å sparke seg sjølv i ræva å gjere noko med problemet. Denne helga deltek me på kurs i rallylydigheit. Ein kjekk sport med variasjon og litt spenning i. I tillegg har eg no bestilt boka "slipp kontrollen løs". Eg håpar denne skal hjelpe oss å kome i gong med konstruktiv trening og bygging av nye, gode relasjonar.

Neste helg er det konkurranselydigheit som står på planen. Eg håpar berre me kan allereie ha komt i gong med gode treningsvanar til då. Ein får ikkje ein lydig hund gratis.

Dagens visdom:
Einaste vegen ut av mørket,
er mot lyset..

mandag 17. mars 2014

Snøv, på våren!

Frå gammalt av snakka bestemødre om rider. Nærare bestemt snørider. Det vart sagt at det slett ikkje kunne verte vår før sju snørider hadde fått herja. Kvar ride hadde sitt namn som passa til tida den kom på. Erlerida kom naturleg nok rundt dei tidene du akkurat hadde skifta til sumardekk og linerla ler av deg på trygg avstand. Starerida var rundt dei tidene staren gjor seg kjent. Og slik fortsatte det. Sju rider, så var me trygge.

Det som er kjedeleg med denne tankegongen er sjølvsagt at det har vore minimalt med snørider denne vinteren. Trur me er på 3 eller 4 no. Dermed kan ein sjå lenge etter den etterlengta våren. Den har jo nesten vore her mange gonga allereie. I medan rensar det kvite laget den skitne grunnen og laga grobotn for det nye grøne.

mandag 10. mars 2014

Tida flyg avgarde..

No er det lenge siden eg tok meg tida å blogge. Dagane går unna, og vekene flyg forbi. Fritid går mykje til husarbeid, eller ting som må fiksast til Mork. Dermed er det eigentleg ikkje så mykje å blogge om i det store og heile.

Eg kan meddele at mi kjære datamaskin er død. Dette er eit stort sakn, og set grenser for kor avansert eit blogginnlegg vert. I tillegg kan eg informere om at Junah skal augelysast på fredag. Resultat og kvifor kan me ta fredag.

Til slutt tenkte eg å dele mi favoritt avkopling for tida; Suits. Serien er eigentleg veldig enkel. Den handlar om advokatar. Dette resulterar i mange flotte mannfolk i dress. Serien har humor også. Ei komplett avkopling. Anbefalt.

Dagens visdom:
I don't think I'll win, I know..