fredag 30. desember 2011

Litt snø igjen..

 Junah sjarmerer og poserar som vanleg..
 Sånn ser Really gutten ut for tida..
 Litt pjuskete i pelsen og delvis ståører, men hundre prosent go'gutt!
 Junah er no 16 mnd og har fått herleg pels!
 Og ei vidunderfull personlegheit..
 
 Junah synes det var kjempe kjekt med eit lite snølag!
 Really skiftar ham. No vert han mørkare og mørkare..
 
 Kjekkast på fanget til ho mor ja..
Nemi søker fortsatt ny heim.
I dag datt ho på sjø i forsøk på å drikke sjøvatn..

Dagens visdom:
Dumskap skal dumskap vere..

torsdag 29. desember 2011

Då verda gjekk imot meg..

Nokre dagar føler ein at verda totalt går imot ein. I dag har det delvis vore ein slik dag for meg. Då eg stod opp i dag tidleg hadde eg bestemt meg for at eg måtte ha meg ein tur på Fossastøylen. Måtte ha meg ein siste tur i år. Akkurat i det eg har gjort meg klar møter eg mamma i døra. Då må eg ringe telenor, butikken har ikkje telefon og bankterminal, og dekninga suger. Det gjer ho for so vidt i heile fjorden. Eg fekk ringt dei (etter lang ventetid), og fekk gitt beskjed om at telefonen var lovd rundt klokka tre. Den kom forøvrig aldri.

Endeleg kunne eg ta med meg Junah og Really, og gå. Begge fekk gå lause opp gjennom vegen, det brukar dei som regel alltid også. Der låg en del tre i vegen på vei opp som me måtte klatre oss forbi. Då me passerte Trollvadet kom også snøv. MYKJE snø. Sjølvsagt var eg so dum å la attende trugene heime. Aldri meir fjelltur utan truge. Snøen var roten, og eg gjekk gjennom annakvart steg. I tillegg ville ikkje Junah kome på innkalling, for ho var fullt opptatt med å bjeffe på noko opp i ett tre. Irritasjonsnivået var no ganske høgt, og Junah vart tatt i band.

Me kom oss til slutt opp på skaret. I håp om å få gå på snøen, fortsatte me frammover. Neida, bar ikkje meg. Typisk. Me kom opp til huldretua, der turde Really endeleg å krysse ei lita elv. me fortsatte frammover, men når eg kom opp til eit grantre, ikkje langt frå der Really kryssa elva, merka eg at Really var borte vekk. Eg ropte nokre gongar, men ingen respons. Eg fortsatte å rope, og byrja no å følge spora han hadde etterlatt. Der var så fullt i hundespor rundt om at det var ikkje lett å skilje.

Tida gjekk, og eg ropte meg hes samstundes som eg prøvde å ringe etter hjelp. Som tidlegare nemnt er dekninga elendig for tida, sidan dei ikkje har fått fiksa nettverket. Eg fekk ikkje ringt til noken. Så der stod eg, aleine med ein hund for lite, utan dekning. Eg vandra rundt å prøvde å følge spor medan eg ropte i desperasjon etter hunden. Byrja tenke at han kanskje hadde skada seg eller noko anna dumt. Eg fekk til slutt sendt melding om at han var borte, og at eg trengte hjelp.

Eg valde å følge elva, i tillfelle han kunne ha rota seg ned i den, og enda til slutt nede igjen på skaret. Her såg eg nokre spor som gjekk nedover igjen, og Junah signaliserte tydeleg at ho ville den vegen. Eg følte eg ikkje kunne gå ned att, før eg var sikker på at hunden ikkje var aleine igjen på fjella. Det vart snart mørkt, og eg såg skodda kome sigande.

Me vada oss opp på hestefjellet og fekk endeleg dekning. Då ringte Ole Andreas. Dei hadde funnet han. Really hadde gått ned att råsa, og følgt hovudvegen heim. Mamma hadde møtt han akkurat når ho svingte opp på vegen og skulle køyre innover. Det gjekk altså bra med hunden. Junah drog, bjeffa og snusa heile vegen ned att. Ho visste kvar Really hadde fere, og ville vise meg det.

På toppen av kransekaka tryna eg så meint nedgjennom råsa etter Kuvadet. Då kom det ikkje fine ord frå munnen min. Det verste med heile historia er følelsen eg stod med på fjellet. Eg var sint og redd på same gong, samstundes som eg følte meg totalt forlatt. Ingen godfølelse der i garden. Vert lenge til Really får gå med meg laus igjen, dog ein veit at han berre går heim!
Dagens visdom:
I'll be home for Christmas..

onsdag 28. desember 2011

Dagmar i Dalsfjorden..

 Som dei fleste har fått med seg har Dagmar herja rundt, spesielt på Vestlandet dei siste dagane.
Fyrste juledag, på kveldstid, tok det laust. Sjøen var så høg han slo inn på gangen til oss,
og tok med seg trappa vår. Heldigvis fann me ho igjen!
 På Reitane var dei så uheldige å få stabburet øydelagt.
 Inne i Løvika gjekk det med naustveggar, naustdører og mykje materiale.
Der såg ikkje mykje fint ut morgonen etter!
 Her skal vel Petra vere glad det ikkje traff huset..
 Ikkje alle var like heldige....
 Men Pessløda står..
 Vegen var sperra fleire gongar her, både søndag, mandag og delar av tysdag..
 Sjølv dei største trea måtte bøye seg for denne..
 Den stakkars julegrana ut på busslomma kan du skimte i bakgrunnen.
 På Aksneset var det utruleg med skog som hadde lagt seg..

 Ikkje rart me var utan straum i 70 timar..
 Kalle sitt tak var hardt medfere!
 Heggen som har stått gjennom det meste takka for seg..
 Trampolina måtte reddast midt i stormen. Her er det som ligg att,
ein kan og skimte kvar floda låg. Det var vatn til knea når eg demonterte den..
Her kan ein også sjå på floda si herjing,..
No er ENDELEG stearintida over. Tida går seint utan straum, og enda verre når mobildekninga er ute i tillegg. Dette skulle ikkje ha vore mogleg i 2011.

Dagens visdom:
S.T.R.A.U.M.

lørdag 24. desember 2011

Julafta..

Gledeleg Jul til alle saman!

Dagens visdom:
«Frykt ikke! Se, jeg forkynner dere en stor glede, en glede for hele folket: 11 I dag er det født dere en frelser i Davids by; han er Messias, Herren. 12 Og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne et barn som er svøpt og ligger i en krybbe.»

fredag 23. desember 2011

Kvelden før kvelden deler historia om Anja..

 På tysdag morgon vart Anja kastrert på Kjæledeggen Dyreklinikk i Ålseund. Eg var sjølvsagt kjempe nervøs for heile inngrepet, men saman med Stine fekk eg tida til å gå på Moa meda Anja var under operasjon. Etter ei to timar ringte dei, operasjonen hadde gått fint, og me kunne ta ho med heim.
 Alt var greit, med ei litt urolig Anja. 

Nokre timar etter me kom heim merka eg at det hadde komt blod på den mintgrøne bodyen hennar. Eg ringte sporentreks til dyrlegen å haure om det var normalt. Eg fekk beskjed om at ei to til tre matskeier kunne vere normalt og at det burde stoppe etter ein times tid. Blødninga stoppa, men kom igjen seinare på kvelden, no i større mengder og gjentatte gongar. Klinikkane var no alle stengde og eg måtte ty til å ringe dei to kjekke vetrinærane eg hadde på telefonen privat.

 Begge desse synes ikkje det var så normalt med blødning, men sa det kunne komme litt. Me fekk tips om å legge kompress på, og sjå om det hadde ei effekt. Me la ein improvisert kompress rundt såret og fekk stoppa blødninga. Kvelden vart sein og me gjekk til sengs. Eg sjekka omlag annakvart minutt om der var komt blod. I ett tida måtte Anja ut på do, og når eg kom inn att såg eg det hadde komt litt blod igjennom. Det var ikkje store mengder, og auka ikkje gjennom natta heller.
Morgonen etter ringte Kjæledeggen og spurte kor det gjekk. Då hadde me ikkje tatt av kompresset, og alt såg eigentleg fint ut. Kort tid etter tok me av bandasjen, og det byrja straks å bløde igjen. Me hadde no fått nok å reiste bort i Ørsta for å få eit svar på dette. Dyrlegen der meinte at dette ikkje var normalt. Det var for mykje, og for reint blod til å berre vere noko lite som gjekk over. Ei blodåre eller noko anna måtte leke, og me fekk beskjed om at dei mest sannsynlig måtte opne ho igjen. Her vart eg sjølvsagt skremt over tanken å ha ho i narkose igjen. Me kaure no direkte til Ålesund igjen.

I Ålesund tok dei blodprøve, blødartest og ultralyd for å sjekke grundig før ei eventuell opning av buken igjen. Ultralyden viste at det ikkje var stor indre blødning, men utanom det kunne dei ikkje sjå anna råd enn å legge ho under igjen. Det syns eg personleg var grusomt. Me dopa ho, og ho sovna noko lunde fort. Så måtte me forlate ho, slik at dei fekk legge ho i narkose og byrje operasjonen. Eg og mamma måtte finne noko å bruke ei bekymra tid på, så me reiste inn til Moa og lufta Junah og Really (som heldigvis fekk vere med på den turen som berre skulle vere til Ørsta).

Me hadde fått beskjed om at det skulle gå ein times tid operasjonen, men me var tilbake på dyreklinikken før. Me ville liksom berre tilbake dit. Ho var ikkje ferdig i operasjon når me kom, så me vart sittande å vente. Nokre minutt seinare kom dyrlegen ut, og fortalte at dei hadde funne årsaka. Knuten på livmorhalsen hadde gått opp, så no hadde dei knytt ekstra godt igjen der. I tillegg hadde operasjonssåret vorte litt større sidan dei hadde sjekka lag for lag etter blødningar. No ønska dyrlegen å ha Anja der over natta, slik at dei kunne overvåke ho etter fleire komplikasjonar.

Me måtte reise tomhendt heim. Den følelsen var slett ikkje god, men det var ein liten tryggleik i at ho var i gode hender. Heldigvis fekk eg melding med dyrlegen om tilstanden til Anja på kveldstid. Ho hadde byrja vakne skikkelig og hadde til og med fått i seg litt mat. Dette hjalp veldig på nattessøvnen!

Morgonen etter reiste eg tidleg for å køyre ei vennine til flyplassen på Vigra. På vegen dit ringte dyrlegen som avtalt og fortalte at alt var vel med Anja, og at me kunne hente ho klokka tre. Eg og Stine slo ihjel 4 timar på Moa. Ikkje så lenge seier du? Prøv å ver på Moa i fire timar utan å ha noke spesielt du skal kjøpe du! Me fekk likevel tida til å gå. Me var også tidleg ute til dyreklinikken for å hente Anja. Det var herlig å høyre ei velkjent piping frå eit anna rom når eg byrja prate. Enda betre var det å sjå igjen den sjarmerande kroppen med ein alt for stor krage rundt halsen. Me fekk med oss meir antibiotika og recovery for heim.
Vel heime kunne eg ikkje la vere å sjekke annakvar minutt om ho ikkje blødde, eller sjå etter teikn til at noko var gale. Hønemor kallar me slike. Anja var byrja likne seg sjølv no. Rette stillingane og lydane, og enorm matlyst sjølvsagt. Bekymringane senka seg litt, sjølv om dei fortsatt fins. I kveld ligg ho her i sofaen med meg, heilt borte i sin eigen verden. Kragen har eg hatt av (sidan eg likevel sitt her å passar på), men den mintgrøne bodyen er på. No er mitt største juleynskje å sleppe infeksjon i såret, og ellers andre komplikasjonar.

Eg fekk behalde jenta mi til jul, det er mi største julegåve. 
No kan det herje både orkan og regn ute, me har det varmt og godt innandørs.
God Jul til alle der ute!

fredag 16. desember 2011

Ny data, juleferie!

Her er min nye laptop. Ein Asus N53S. Hittil må eg seie meg særs nøgd med valet. Den funerar flott for mitt bruk. Så, skal du ha deg ny data i middelklassa er denne eit veldig godt alternativ!

I tillegg kan eg fortelje litt om den siste tida. Eg har hatt tre eksamenar før jul, og har såtte pal å lest. Seinast i dag hadde eg muntleg i pedagogikk. No er eg endelig ferdig med alt slikt og tek ferie med godt samvet. I kveld var eg også på den årlige kyrkjekonserten. Der var flotte innslag både frå korps og kor. Då er tida inne for å leite etter julestemninga!

Dagens visdom:
If you want to view paradise,
simply look around and see it

tirsdag 6. desember 2011

Snøleik!

 Lang lang rekke, Junah er så frekke!
 
 Villdyret har vakna..
 
 Super Anja rides again..
 Snøfres...
 Villdyre et føtter!!!
 Hoppebite gjer ho også..
 Snøball?!
 Der forsvann drikkeskåla..
 Snøhund..
Anjatryne..

Dagens visdom:
Snow don't just light up,
snow lift us up..

torsdag 1. desember 2011

Julekort del 2..

 Langt kjekkare å tygge på anda si..
 Eit ord; KAOS.
 "Mååå ej?"
 Viss julenissen liknar denne, må den gjerne kome hit til jul!
 Så sitt me her å ventar på Really..
Der va han og nissefar ja..

Dagens visdom:
Der vart eit bilde fint og flott
Du får vente å sjå, din vesle fjott!