Dyra mine

På denne sida vil du alltid finne ei oppdatert liste over dyra mine.
 
Hundar
Under dette taket er det å finne to hundar. Anja er min fyrste hund, og frå 23. juni 2008, då ho kom inn døra, vil det nok alltid vere hund i mitt hus.

Anja
Anja var fødd 27. april 2008. Mora hennar er ei blandingstispe mellom Samojed og Flatcoated Retriever. Ho heiter Kajsa og bur på Leikong. Faren til dette kullet var ein Beagle gutt med namnet Luke. I kullet var der totalt åtte kvalpar. Me er så heldige å ha jamn kontakt med eine søstera, Dina. På jonsokafta samme året henta me vår vesle vidunderkvalp og døypte ho Anja. Sidan den gong har me vore gjennom mykje kjekt. Anja er utprega jakthund, men nyter livet som ein god familiehund. Ho er veldig aktiv, så dermed må me også vere aktive. Ho har god sprett og nyter samvære med andre hundar som ho kjenner. Anja er min fyrste eigne hund, og vil nok alltid ha ein spesiell plass her i heimen.

Innanfor hundesport vert Anja hovudsakleg trena i spor. Likevel er det til tider artig og utfordrande å trene andre triks og kvardagslydigheit med ho.

Junah
Junah vart fødd 27. august 2010. Mora hennar er ei søt blue merle sheltie med namnet Rikke. Faren er ein praktfull tricolor sheltie med namnet Simon. Junah er altså ein reinrasa Shetland Sheepdog frå kennelen Mellsjøhøgda. Hennar fulle namn er N RLCH Mellsjøhøgda's Xotic Illusion.

 23. oktober drog me av stad til Lillehammer å henta ho. Anja godtok ho som sambuar med ein einaste gong, og sida har desse to vore gode venner. Med Junah trener eg aktivt konkurranselydigheit og rallylydigheit. Me konkurrera foreløpig berre i klasse 1 LP, men har komt oss til klasse 3 i rally. På utstilling er foreløpig resultat berre raud sløyfe. Me har saman deltatt i mange kurs, mellom anna agility, utstillingskurs, bronsemerkekurs og andre konkurranselydigheit/rally kurs. No er den nye interessa hovudsaklig rallylydigheit.

HELSE:
Augelyst fri
HD: B

Resultat:
Utstilling
Excellent - 4. plass (beste resultat utstilling)

Rallylydigheit
1. plass  200 poeng- 1. premie - bronsemerket - rallylydigheit klasse 1 - Lom
4. plass 197 poeng - 1. premie - sølvmerket - rallylydigheit klasse 2 - Lom
4. Plass 193 poeng - 1. Premie - RL kl. 2 - Trondheim
1. Plass 197 poeng - 1. Premie - gullmerke - RL kl. 3 - Trondheim

Norsk Rallylydighetschampion 10/09-16

Lydigheit
Bronsemerket - LP
12. plass - 3. premie - LP - klasse 1
3. Plass 2. Premie -LP klasse 1

Meera


Meera (RL1 RL2 Awesome Meera) er født 17/7-2014. Ho er døtra til Junah og har to soble søstre. Desse høyrer alle til Junah sitt fyrste kull som hadde temaet; Game of Thrones - Friends of Stark.  Meera vert brukt aktivt i rallylydigheit og er no i klasse 3. Hausten 2016 måtte ho diverre fjerne eine auget, og har no silikonauge. I tillegg har ho fått påvist hjartefeil (pda). Derfor er Meera utelukka i avl, men vert meir ein konkurransehund.

Resultat:
4. plass i 4-6 mnd - Nssk nov. 2014
Tittel RL1 RL2 2016


Arya

Arya er ein hund eg har på for i Bergen. Ho er håpet mitt for vidare avl. Arya var fødd 28. april 2016. Er veldig spent på korleis ho kjem til å utvikle seg. Om ho utviklar seg bra vert det eit kull i 2018.

HELSE:
Augelyst fri

Katt
Sidan eg var fødd har her alltid vore katt i huset. Eg vil nok mest sannsynleg også alltid ha ein katt saman med hundane mine. Per i dag er der tre kattar med mamma, og ein katt hjå meg.

 Erin
Erin var fødd 5. april 2013 og kjem frå Siw Lødemel i Ørsta. Mora til Erin er Hellig Birma, men faren er ein random huskatt. Ho er ei fargerik jente med foreløpig mykje iver i. Flytta inn 3. juli. Erin er ein heilt spesiell katt på mange måtar. Ho trur hovudsakleg at ho er ein hund. Ho stortrivst å gå tur saman med meg og hundane. Ho har fallt i sjøen 3 gongar, men er ennå ikkje redd vatn. Ho elskar å leike, jakte og hyler. Appropos stemme så bruker ho den veldig mykje. Ho elskar alle folk, og plagar støtt og stadig naboane her borte.

Dyr som eg har satt igjen "heime"

Amigo
Amigo var fødd 7. juli 2004 ute i Haugen på Lauvstad. Ho er ein typisk huskatt. Amigo elskar å bli klappa og kost med, men er ganske nervøs og redd av seg, så det er ikkje alle som har sett denne katten, sjølv om dei er relativt ofte på besøk. Ein kan vel seie det slik at det er ein katt for spesielt utvalde. Amigo er fyrste katten som er berre min. Ho har alltid silkemjuk pels, og likar seg både ute og inne. I dårleg ver held ho seg helst innandørs. Hundane er ho livredd stakkar.
Amigo bur heime med mor mi etter flytting.

Midna
Midna vart fødd 14. mai 2007 ute på Bakketun. Mora hennar heiter Titta, og eg ser titt og ofte alle syskena. Broren hennar bur heime med pusemora. Han heiter Titt. Eine søstera bur saman med bror min, ho heiter Melodi. Siste bur saman med May-Liss ute i Holen, og heiter Sarafina. Midna er eit lite utskudd i forhold til søskena. Ho har kort hale, feilforma klør, og dyrlegen seier ho er tilbakeståande. Likevel er Midna verdens herligaste pus. Ho er ikkje redd hundane, og er gjerne på stova saman med dei. Ho elskar å ligge på fang å få kos, og ho er venn med begge dei andre kattane. Midna er ein liten godklump, og er min andre katt.
Midna bur heime med mor mi etter flytting.