torsdag 28. august 2014

Kvalpane 6 veke!

 I dag fyller det vesle kullet heile 6 veker. Leveringsdatoen nærma seg med stormsteg. Eg synes eigentleg det går alt for fort, og skulle ynskje dei kunne vere her lenger, men slik er det berre ikkje. Denne veka som har gått har dei byrja å utforske verda utandørs. Som eg skreiv i forrige blogginnlegg var dei på gardsbesøk på Bjørke. Dei har også byrja å vere utandørs kvar dag, på asfalt, på gras, på grus, på altan og så vidare. Variasjon er vel stikkordet.
Deira nye favorittstad er hundegjerdet i Dalsfjorden. Der får dei herje fritt på innegjerda området. Her har mor deira starta opplæring av korleis ein skal leike, og korleis det fungerar dette med språk og slikt. Dei har det hivens der ute. I dag får dei ormekur gong nummer 2. Siste før levering.
Arya har komt seg gjennom nok ei veke med nye utfordringa. Ho tek ting fort og tilpassar seg bra. Ho er nok ein av dei mest aktive, men det handlar ikkje om store forskjellane frå dei andre. Hopping og dansing og leik er det store i hennar hovud, den maten har ho nesten ikkje tid til.

 Meera har vorte ei lita lure. Dersom du sit på golvet skal du vere sikker på ho kjem å bit deg i tåa. Ho elskar å klatre, og er mogleg ein utbrytarkonge. Ho tek utfordringa på strak arm, og ser ut til å få ein kropp som egnar seg godt for utstilling.
 
Sansa har vokse enda meir psykisk. Ho synes nye hundar er kjempe spennande. Ho har også nådd igjen dei andre i fysisk utvikling og er vidfaren og morsom. Ho tek gjerne litt kos dersom noken har tid, og ser på deg med sine bedårande auge.

Dagens visdom:
"It does not do to dwell on dreams and forget to live, 
remember that."

lørdag 23. august 2014

På utflukt til Maria!

 I dag tok me turen ut på Bjørke til garden "Hos Maria". Dette er i utgongspunktet ein besøksgard, men sidan me kjenner Maria fekk me kome i dag, sjølv om der ikkje var andre folk. Heldige som me var fekk me privat omvisning. Lilli, hunden på bruket, var utruleg flink og kjekk med kvalpane. Ho hadde omsorgsfølelsen og prøvde til og med å få dei med på å leike med ballen sin.
 Fyrst ut var hønene. Alt var eigentleg litt skummelt, for det var så mykje nytt. Lyd, lukt, og ikkje minst bevegelsa. Likevel var snutane så vidt bort for å sjekke kva dette hønedyret var for noko. Ingenting skummelt skjedde, og då var det liksom greit då.
 Kyr er skumle dyr, i alle fall når dei prøvar å sleike deg.
 Eller snuse med det enorme hovudet sitt.
 Eigentleg er dei kjekkast på avstand.
 Endelig ute igjen, men saman med kaniner!
 Kanin var veldig spennande, men ingen turde å springe etter dei.
No var dei nemleg så trøtte og slitne at dei ikkje orka meir i det heile. Då var det på tide å pakke seg inn i bilen til ho mor igjen.

Dagens visdom:
Det nye, det nye..

torsdag 21. august 2014

Kvalpane 5 veker!

 I dag er kullet 5 veker gamle. Som de ser på bilete har mykje skjedd i utsjånad. Denne veka har dei opplevd mykje, slik eg skreiv om i forrige blogginnlegg. Dei har også møtt katten skikkelig, prøvd halsband (dette brydde dei seg ikkje om) og vore saman med folk. No er det tre veker igjen til dei skal forlate reiret. Det vert nok litt vemodigt, men eg håpar dei får fine og flotte nye familier å tilbringe tid saman med!

Kvalpane vart i dag registrert i NKK. Dermed er "oppdrettarnamna" klare. Dei vert som følger:
Tispe 1: Arya Stark
Tispe 2: Awesome Meera
Tispe 3: Adorable Sansa

A-kull og GOT-kull i eit og same namn.
 Arya (tispe 1) er fortsatt ei litt tøff og røff jente, som gjerne byr opp til leik i tide og utide. Samstundes har ho ei rolig og bedagelig side. Merksemd frå folk er kult, og leike med leiker saman med folk er aller best. Denne veka har ho utforska mykje, og er ofte den som spring mest tulling rundt.
Så har me Meera (tispe 2). Ho har også vorte meir tøff i tryne siste veka. Glad i alle folk, og veldig interessert i å kome seg ut av kvalpekassa for å utforske. Det er jo dei forøvrig alle tre. Ho tek gjerne kontak med folket og bit deg gjerne i tåa. Ellers er ho lik seg sjølv, og ikkje minst mora.
 Sansa (tispe 3) er nok den som har hatt størst utvikling denne veka. Forskartrangen har vakna og ho er klar for nye eventyr. Lograr godt når folk kjem inn i kvalpekassa og tek seg gjerne tid til ein liten lur på eit fang dersom det er mogleg. Er ikkje lenger den som et mest, så no kan eg ikkje kalle ho matvrak lenger.

Dagens visdom:
I'll follow the light..


onsdag 20. august 2014

Utflukt til stova..

 Her er nokre bilete frå dagens utflukt på stova. I dag var dei særs aktive. Dei fekk prøve å gå på ein ikeapose (lagar fryktelig mykje lyd). Dette synes dei var kjempe artig. Spesielt om ein hoppa litt rundt. Var nok veldig likt avislyden når eg knørvar og ryddar i kvalpekassa.
 Dei har også fått prøve teltet sitt. Uvant underlag, men kjempe artig å grave i! Junah syns også det var heilt greitt å ligge der å passe på kvalpane. Sjølv om dei stortsett var alle andre plassar i dag. Radiusen har byrja verte stor.
 For fyrste gong fekk dei utforske det å gå på flis. Sansa var fyrst ut. Ho syns det var heilt greitt. Så kom Meera, ho tenkte ikkje over det. Måtte berre yppe litt med senga til Junah som stod på gangen. Arya forstod ikkje heilt saken, men når ho fyrst hadde tatt fyrste steget var det null stress. Måtte berre forstå at der gjekk an å gå. Dei lærer fort.
I tillegg har dei fått opplevd litt trakking rundt seg og rare lydar. Ei god runde på stova i dag med andre ord. No ligg dei heilt utsletne i kassa, og snart er det foring igjen!

Dagens visdom:
Den spennande verda..

tirsdag 19. august 2014

Rutiner og lærdom..

Kvalpane veks og trivst, men ein kan ikkje sitje berre å sjå på at dei vert større. Ein lyt bruke litt tid saman med dei, og førebu dei på tida som kjem. Dermed har me oppretta nokre faste rutiner kvar dag.

Fyrste rutina er i forhold til mat. Kvar gong eg kjem med fatet ropar eg på dei. Dette er starten på ei innkallingstrening, som kvalpekjøparar kan dra nytte av i seinare tid. Då forbinder dei "ropinga" med noko godt.
 Kvar dag vert kvar enkelt kvalp tatt opp i fanget. Her ligg den på rygg. Så byrjar eg systematisk å gå frå klo til klo, som om eg klipp dei. Sjølve klippinga gjer eg berre ein gong i veka, men eg går over alle klør kvar dag slik at dei blir van med dette. I dag sovna alle på fanget mitt medan eg styrte på. I tillegg til å sjekke klør sjekkar eg øyrer og tenner. På den måten er dei førebudde på framtidige helsesjekkar.

Nye stadar og nye miljø har også byrja verte ein del av kvardagen. Kvar dag får dei ein tur inn på stova/og eller på besøk til mor mi. Dei får og køyre ein kort tur med bil. Dermed førebur me dei på forskjellige innemiljø, folk og bil. Nyttige verkty i kvardagen som vaksen hund.
Eg prøvar å møte nye folk ofte. Dei må verte van med nye stemmer og forskjellige håndteringar. Eg prøvar likevel å ikkje overdrive. Nye hundar vert også på programmet frå neste veke. Hit til har dei berre jamnleg kontakt med ein annan sheltie enn mora. Dei elskar han. Kjekk å bite på, kjekk å springe etter. Vidare kjem møtet med andre dyr, men dette kjem me tilbake til.

På kvalperommet står P4 på dagane. Slik vert dei vane med andre lydar. Støvsuging, matlaging. Alt foregår rundt dei. Eg byggar rustning, og håpar dei vert førebudde. Eg gler meg til vidare utforsking og lærdom!

torsdag 14. august 2014

Kvalpane 4 veker!

 I dag fyller jentene 4 veker. Tida har jammen gått fort, og mykje skjer på kort tid. Eg ser store forandringar både i oppførsel og ikkje minst utsjånad. Verda utanfor kvalpekassa er byrja verte interessant. Ukjente lydar, hendingar, folk eller hundar har byrja å ha ein verdi. Kvalpane får meir personligheit, og mora behandlar dei på ein annan måte. I tillegg har dei komt over i 4 måltid per dag. No et dei karbonadedeig og tørrfor. Snart er ikkje ho mor den viktigaste matkjelda lenger.

I tillegg har dei denne veka fått vere med å utforske stova. Dette har vore underhaldande både for dei og meg. Det er ikkje lenge dei held det gåande, men når dei fyrst herjar så er det livlig. Til slutt er dagens nye oppleving å få ormekur. På pakken stod det at den skulle smake godt, men det syns ikkje desse tre!!
 Arya (tispe 1) er tøffingen i kvalpekassa. Ho har attitude, og virkar fryktlaus. Robust jente, men med ei godside. Ho set stor pris på merksemd. Det er nok derfor ho har utvikla bjeffinga si til å skaffe merksemd. Er ikkje mange bjeffa, men eit lite er nok til at nokon reagerer. Ho er den desidert ivrigaste på avvenninga. Ho vil helst ete all maten slik at søstrene ikkje får. Denne veka var ho 1339g.
 
Meera (tispe 2) har vakna litt denne veka. I staden for å berre nyte kos frå folket har ho byrja å ta tak i halar, øyrer og skinn på søstrene sine. Ho inviterar gjerne til leik, og riv gjerne i bamsane som ligg i kvalpekassa. Ho padlar med føta, slik mor hennar gjor som kvalp. Dess artigare er det å observere henne når ho herjar rundt. Ho har funne ut at det går an å lage knurrelyd når ein leikar. Dette brukar ho flittig. Denne veka veg ho 1101g.
 
 Sansa (tispe 3) er kanskje den som har utvikla seg mest denne veka. Ho har byrja få ei personligheit. Ho er veldig glad i folk, og den fyrste som møter deg i kassa. Ho likar å verte styrt med, og har også eit ivrig engasjement i leik med dei andre. Ho dreg gjerne rundt på bamsar eller tygg på tepper. Dette vert nok ei skikkelig god jente å ha som partner.

Dagens visdom:
A home without a dog is just a house..

søndag 10. august 2014

Leik i kvalpekassa - 3 veker!

Her er ein liten videosnutt frå kvalpekassa i kveld. Ein stakkars rottebamse får gjennomgå, det same får alle tre søstrene. Dei har ikkje heilt kontroll, men dei styrer på! Enjoy:

torsdag 7. august 2014

Kvalpane 3 veker !

 I dag er gjengen heile 3 veker. Berre på ei veke har det skjedd store forandringar. Dei har byrja verte ganske stabile på føta. Dermed har dei også byrja å leike og bite kvarandre. Tennene har derimot ikkje komt heilt fram, men munnen er flittig i bruk. Har også haurt nokre få bjeff, knurring og hylinga har vorte meir intens når den fyrst oppstår. Hørselen er godt på plass og synet ser ut til å vere mykje betre. Dei er ikkje lenger små bamsar i ei eiga verd. Dei har lyst å vere ein del av verda utanfor kvalpekassa.
I dag fekk dei prøve sitt fyrste måltid, og avvenninga er offisielt i gong. Fyrste måltid bestod av karbonadedeig og litt lunka mjelk. Dette syns Arya og Meera var kjempe godt når eg fyrst fekk dei til å smake på det. Sansa var ikkje heilt overbevist. Ho tykkjer mjelka åt mor er betre foreløpig.
Det var faktisk så godt at dei måtte gjere fatet reint fyrst, og så vaske kvarandre rundt munnen. Etter dette fekk ho mor sleppe inn å vaske både kvalpar og kvalpekasse. For ho syns jo også det er kjempe godt med litt anna mat. Det skal og merkast at eg tok fotorunda FØR dei fekk mat. Tenkte kanskje folket ville sjå reine kvalpar utan "blodige" føtter med karbonadedeig!
 Arya (tispe 1) har denne veka lagt på seg godt, og er ein av dei mest ivrige i kvalpekassa. Ho er heller ikkje lenger den minste å sjå til. Ho har eit godt vokabular allereie med bjeffing, knurring og piping. Ho har også allereie godt utvikla motorikk. Ho er nok den kvalpen som fyrst kjem seg over kvalpekassekanten.
 
 Meera (tispe 2) har gått inn i rekka som minste i kullet. Ho har lagt på seg fint, men ikkje like mykje som sine to søstre. Ho har også komt langt i motorikken sin og har forskjellige lydar. Ho er nok den hunden som er mest avslappa med heile greia, men tek gjerne imot ein god leik. Ho er foreløpig den som er likast mora si slik ho var som kvalp.
 
 Sansa (tispe 3) har passert 1 kg og er fortsatt den største i kullet. Ho har også komt seg godt på beina og er flink med lydane sine. Ho er fortsatt eit matvrak, men som sagt likte ho ikkje ideen om å ete noko anna enn mjelk frå mora. Litt sunn skepsis til ny mat kan nok ikkje skade.
Dagens visdom:
Keep growing strong!