mandag 26. november 2012

Akkurat no..

Tankane flyt rundt medan elden krøllar seg sakte rundt veden i ovnen. Ein god og naturleg varme snik seg inn på kinna, og kroppen føler ei indre ro. På fjernsynet stend ei kvinne å syt for ho har vondt i knea. Ein kan vel seie det slik at ho øydelegger totalt stemninga...

Facebook marmar om noko også. Hadde eg vore på hytta på Støylen hadde eg beheldt roa, og den gode følelsen, men her er det alltid noko. Besynderlig..

Dagens visdom:
Open mind, empty mind..

onsdag 21. november 2012

Framtidsplanar..

Eigentleg er eg ikkje noko til planleggar, iallfall ikkje langt fram i tid. Det vil seie, eg likar å planlegge litt, eller lat oss heller seie, eg likar å kunne forutsjå kva som skal skje ei viss periode frammover. Denne gongen har eg vore super tidleg ute. Eg har meldt meg på sommarkurs på Amokk Hundeskole i juli, NESTE år. Eg er rett imponert over meg sjølv i det spontane augneblinke eg trykte "send inn".
 Junah har ikkje noko val. Ho må nesten berre vere med. Det er trossalt henne eg har meldt på. Kurset baserar seg på "Frå leik til lydigheit", og eg håpar det byr på mykje inspirasjon til å gjere oss til ekte lydigheitsstjerner. Spennande. Eg gler meg faktisk allereie. Mest sannsynleg kjem eg til å gløyme det heile ei periode, før eg plukkar det opp att når det nærmar seg, og gled meg igjen. Håper berre ikkje verda går under 21. desember. Det ville vere nedtur..

Dagens visdom:
When someone tells you to do it,
Just do it!

tirsdag 20. november 2012

Laust og fast, revidert..

I går satt eg meg ned på ferja på Folkestad å skreiv eit langt, heilt meiningslaust, blogginnlegg som eg kalla laust og fast. Dette innlegget vart tydeligvis aldri publisert fordi vidunderet av ein telefon eg har bestemte seg for at det ikkje skulle visast offentleg. Derfor kan eg bruke dette innlegget til å fyrst og fremst irritere meg over at den forbaska mobiltelefonen valde å la innlegget forsvinne, og litt gjenforteljing av det som liksom skulle sendast ut.

Saken i går var at eg satt på ferjekaia, lite irritert over ferjetidene og at eg ikkje rakk 1950 ferja til Lauvstad. Dermed endte eg midt opp i ventetida som er på kveldstid, der neste ferje ikkje finn stad før 2125. Alt for lenge å vente. Derfor valde eg å ta Folkestad i staden. Den skulle gå 1940, men var sjølvsagt forseinka, for dei lasta bilane ombord alt for seint. Idiotar, tenkte eg.

Tilbake til mobilen min. Min kjære HTC One S er sjukmeld. Hovudet er klart, men skjermen har streika totalt. Dermed er han ikkje brukande, og eg saknar han stort. No har eg ein lånetelefon. Eg trur det er ein Desire eller noko slikt. Ein ting er iallfall sikkert, telefonen suger. Det er INGENTING som fungerar som det skal, og det er eit stort irritasjonsmoment for meg som er van med glatte flotte skinner. 

No sit eg forresten på praksisen. Der skjer ingenting, for eg har faktisk ikkje timar i dag. Likevel må me vere her, for det skal vere møte på slutten av dagen. Er ikkje berre berre å leike lærar....

Dagens visdom:
Det er mangt ein kan irritere seg over..

lørdag 17. november 2012

Så var det slutt på Twilight..

I går var eg og såg siste filmen i twilight sagaen. I høve dette tenkte eg at eg skulle oppsummere kort kva eg syns om alle filmane. Dersom du ikkje har sett alle bør du slutte å lese her.

*SPOILER ALERT*
Twilight
Plottet er bra. Bella flyttar til ein ny stad, på staden bur ei merkelig familie, familia har ein gut på Bella sin alder, guten er fantastisk lekker (les æsj) og ho fattar interesse for han.
I'm a vampire, og så ballar det på seg.
Superskumle James har lyst å ete Bella, Edward redda henne.
Film slutt.

Personal overview:
UUU, eg glitrar i sola. Ånei, kva er du? 
Eg er ein glitrande vampyr. 
Love love, smask smask.
New Moon
. Bella vert ven med den mykje finare guten Jakob, men er også inne i ein djup depresjon sidan vampegjengen stakk av.. Edward prøva seg med sjølvmord fordi han trur Bella er død, det funka dårleg sidan Bella redda han, og Volturi (Stortingsgruppa for vampyrar) verte innblanda.

Personal overview:
Oh no.. Bella kan verte skada....
Eclipse:
 Victoria (angry girlfriend) samla en hau med nyfødde vampyrar. Tid for hevn. Bella er dregen mellom vampyrar og varulvar, men saman sloss dei mot Vic og vinn sjølvsagt.

Personal overview:
Jente blir sint, jente vil drepe, jente likar to gutar, jente greie ikkje velje, gutane er teite, samlar seg, reddar verda, peace out!
 Breaking dawn part 1:
Bella gifta seg med Edward i håp om å få verte vampyr fordi ho ikkje takla rynkene som kjem om nokre år. Dei fer på bryllaupsreise, he heftig sex (les øydelegge senga), og verte gravide. Ungen vekse naturlig nok alt for fort, og ingen kan nå forstå at ungen har lyst på blod. For det har aaaaldri vampyrar lyst på. Dermed vert Bella beinrangel, medan ulveflokken gjer opprør og vil drepe ungen. Ungen vert fødd, Bella døyr, Jakob merka ungen (Renesme/Renneskjetå), Bella vakna opp att.
 Breaking dawn part 2:
Volturi får høyre om ungen, og trur det er eit "udødeleg barn". Noko som visstnok er farleg for å eksponere den store hemmelegheita om at vampyrar fins (HALLO, ikkje ver på film då vel!!). Dermed samlar dei styrkene og gjer seg klar til å utslette heile Cullen. Cullens samlar vitne, og brått er alle venner. Happily ever after...
Personal overview:
Bryllaup, baby, krig, fred..
Oppsummering:
Twilight-sagaen er eit godt konsept, og plottet er bra. Dei fyrste tre filmane føler eg likevel er berekna på småjenter som syns Edward er kjekk. Det er fyrst i dei to siste filmane at eg har fatta ei betre interesse for serien. Dessutan måtte eg sjå korleis det endar. Eg kan forstå at folk er veldig fan av serien, men eg tenkjer at eg held meg til historier som let vampyrar vere vampyrar..

tirsdag 13. november 2012

For nå skal Bolla Pinnsvin gå til skolen..

 For nokre veke tilbake lyste Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal ut ei sak om eit piggsvin. Det skulle visstnok lukte mykje, og var snakk om å fore det opp i vekt, før ein la det ut i kontrollert dvale. Sidan me har ein butikkjellar med jamnt 21 grader i, kunne det passe fint å plassere eit piggsvin der, viss det skulle vere så grusom lukt. Dermed fekk eg det oppdraget.

Nokre dagar seinare reiste eg ut på Dimna å henta det. Det viste seg at denne karen/jenta var ute å vandra i snøstorm, noko som er svært uvanleg på denne årstida. Dermed hadde dei som budde der tatt det inn i garasja. Etterkvart fann dei ut at piggsvinet ville krevje litt, og søkte dermed om hjelp via Dyrebeskyttelsen.
Fyrste dagen vog me det, og vekta låg på 300 gram. Noko som var svært lite, sjølv til ein unge å vere denne årstida. Heldigvis har me noko som heiter Pinnsvinhjelpen. Dei har døgnope, og der er ei hyggelig og veldig behjelpelig dame i den andre enden. Ho har rettleia meg gjennom alt. Piggsvinet har fått ormekur, vore til dyrlegen og fått sjekk, og no vert det fora opp. Maten det får er mellom anna oppbløtt kattungefor, men me fekk beskjed om å prøve litt forskjellig frukt og greier. 

Bolla er no over dobbelvekt og aukar stadig. Han/ho likar best kattamat, men smakar litt på forskjellig som me tilbyr. Vert spennande frammover å sjå om me får lagt han/ho i dvale, og sleppe fri til våren. Og forresten so luktar det nesten ikkje i det heile. Alle dyr luktar sjølvsagt litt, men me skiftar underlag (aviser) kvar dag, så då er det heilt fint. 

Så snart kan Bolla pinnsvin gå til skolen..

To be continued..

mandag 5. november 2012

Ein pendlars vedkjenningar..


Kvar morgon må eg stå opp tidleg. Mykje tidlegare enn dei andre som skal møte opp til same tid som meg. Eg må rekne tid til å stå opp, og lufte hundane, men i tillegg må eg rekne ut pendlelengda mi. Det er ikkje berre enkelt det heller. Ein lå sjå på værforholda, kva underlag ein skal køyre på, og evt kva ferje ein tenkjer å rekke eller korrespondere med.

For tida pendlar eg til Eid. Eg skal vere der i fem veker i praksis. Det er 7 mil til Eid frå meg. Det vil seie at eg pendlar 70 mil i veka. Den fyrste veka gjekk Supert,en so kom snøen. Brått brukte eg myyykje meir tid enn ein skulle tru. Då kan ein sitte i bilen å banne og steike. Ikkje at det hjelp, men du har iallfall tid når du ligg bak treige bilistar, eller ein trailer som ikkje har hatt på kjettingar.
Lukka vert å kome fram, eller heim. Kanskje går det litt fortare heim enn det burde. Eg trur dei som pendlar køyrer fortare enn andre. Eg trur og dei er meir aggressive når trafikken er annleis enn kva dei er van med.

Ein klager og syt heile pendleperioda, men brått ein morgon møter ein ikkje eit snev av motgang. Mot ein lyser morgonsola, og ein får med seg heile soloppgangen frå Dalsfjord til Eid. Då var det brått verdt å køyre sju mil,en dagen etter var lykka brutt..

Dagens visdom:
We love to remember the bad,
When it's the little things in life
that's worth remembering..

søndag 4. november 2012

Winter wonderland..

Velkomen til den nye utforminga.
Weee!

Walking in a winter wonderland..

Allehelgensdag..

Jeg synger meg en blå, blå salme
og takker for all grøde som ble min.
For lyse døgn, for barneskritt i tunet
og dine gode kjærtegn mot mitt kinn.
Men òg for våkenetter
som aldri unte ro
men gav min dag et dunkelt drag
jeg aldri helt forsto.
Nå synger jeg min salme.

I dag er det altså allehelgensdag. Den dagen me tenner eit lys og minnast dei som er døde. Eg har sjølvsagt tent på mine graver, og du har sikkert tent på dine. Om ikkje skadar det ikkje å tenne eit lys heime heller. Aller helst kunne eg tenkt meg mange slike kinesiske lykter som eg kunne sende opp. Det synes eg er koselig.

Dagens visdom:
Light a candle for the ones you've lost
Light a memory and show it costs,
to lose the ones you love the most