mandag 30. desember 2013

Nyttårskavalkade 2013

2013 starta ganske så hardt hjå dyrlegen. Rebus måtte bøte med livet etter akutt sjukdom på nyttårsafta. Ingen kjekk start på året, men kanskje skulle det verte betre?
Januar fortsatte med tunge og kjedelege pedgogikktimar. Eit lite lyspunkt i kvardagen var at me starta jakta på ny bolig. Dette skulle vise seg å vere ein mykje lenger prosess enn me hadde håpt på. 
Medan me sonderte boligterreng, sonderte eg også anna terreng, Mork som trening for LP, og Mork som trening for blodspor og vakker natur.
Sånn på større basis var januar 2013 frost, men nydelig veir. Me kan derfor bevege oss vidare til februar. Sidan det var kaldt i februar kunne dei produsere mykje snø på skisentera. Dermed vart den fyrste slalomturen då. Elles var februar fyllt med ennå meir fineveir, flotte fjelltura, og VINTERFERIE.
I mars tok me steget vidare. Eg ville muntre opp min kjekke sambuar og spanderte dermed hotellweekend med skipass. Påska kom også strykande i mars. Då reiste eg og Ole Andreas ned til Stavanger og henta eit flyttelass, og tok med oss Linda og Alexander heim til Dalsfjorden. I Stavanger fekk me forøvrig oppleve Earth Hour på Big Horn.
Påska gav mange flotte fjelltura. To flotte turar på Vardehornet mellom anna, og ein koseleg hyttetur på Fossastøylen.
Fyrste helga i april reiste eg til Bergen saman med Hege og Stine. Dette vart den fyrste utstillinga til Junah i 2013. Me satt seks tima i ein iskald ridehall, MEN Junah fekk si fyrste raude sløyfe. Kanskje den siste også? Er ikkje godt å seie. Ein kjekke tur var det iallfall.
27. april fyllte Anja 5 år. Då hadde me treff med alle søskena me fekk tak i. Herlig å sjå alle dei forskjellige søskena. Håpe me får sett dei igjen ein gong.
I mai skjedde det mykje. I starten var eg og Hege med hundar ute å gjekk blodspor. Eksamensperioda kom i gong (mykje lesing). Bolla piggsvin vart sett ut i den frie natur. Me gjekk mykje i fjellet, hadde ei flott pinse med fint veir, fekk kajakk til gebursdagen min, og den er flittig brukt sidan. Så var det 17. mai som og gjekk smertefritt.
Juni starta flott, med bryllaupet til Mari og Per Arne. Skikkelig koselig å få dele dagen med dei. Me deltok også på utstillingskurs i desse tider. Dermed vart Junah påmeldt til Vestnes. Etter mykje boligkiking skreiv me under kontrakt på leiligheit i Olaskogen. I mellomtida reiste eg og Ole Andreas til Kreta.
Men rett før Kreta-turen var eg ferdigutdanna som Adjunkt. Ferdig på skule (for no), så ei herleg veke i sol og glimmer. Då me kom heim feira me at me hadde overlevd kvarandre i 9 år, før me bestemte oss for å anskaffe katt. Junah fekk forøvrig blå sløyfe igjen på Vestnes. Kjipt.
Så kom juli. Ferien i gong for fullt. Det vil seie, eg arbeidde seks veker på Løvikbuda. Erin kom i hus, då vart alt straks mykje meir livlig i heimen. Ho datt på sjø frå andre etasje, tryna i betongen frå altanen og gjor mykje anna sprell. I juli var og eg, Hege, Thareq, Junah og Anja på Bekarshornet. Ein flott tur, trass mykje vind.
Juli var full av regn her på Vestlandet. I slutten av månaden kaure eg og Hege ned til det flotte Sørlandet. Nærare bestemt Arendal. Her deltok me på eit kurs med Amokk. Frå leik til lydigheit. Her fekk me så nydeleg veir at me måtte vere inne i hallen. Ein kjekk campingtur saman med godt selskap.
Så kom august sigande. Fyrste helga reiste me til Storefjell. Alltid kjekt å vandre på viddene der. Me fekk og med oss Plumbo konsert. Deretter byrja instruktørkurset i Førde for NKK. Her møtte eg mange nye, kjekke hundeinteresserte. Me hadde og helikopter på støylen denne månaden. og sist men ikkje minst vart Junah 3 år 27. august.
September kom med fineveir. Mange nydelege fjellturar denne månaden. Eg byrja og som vikar på Øyra barneskule. Sidan det ikkje var så mykje arbeid til meg, var eg veldig mykje ute å gjekk. Gløymer nok aldri dei flotte turane me hadde. Eg bestod også instruktørkurset sin eksamen denne månaden.
Så kom oktober. Den er eigentleg ikkje så mykje å snakke om, men eg vart tante igjen til vesle Anna 16. Oktober, og Ole Andreas vart eit år eldre. Derfor går me fort vidare til november, month of change.
 Me fekk vere med Åse med compani ut på Kråkenes i yrande storm. Ei stor oppleving, og utruleg kjekt. I tillegg kom fyrste snøfallet. Størst av alt, eg fekk tilbudt og starta i kontinuerlig jobb.
Så kom desember. Me starta den i København. Ein herleg adventstur i rushen. Deretter var det nokre intensive veker med juleditt og juledatt før freden senka seg den 24. desember. Sidan då har eg ete, ete og ete. No går 2013 mot slutten, og oppsummeringa er gjort. Mange store vendingar dette året, og herlege turar saman med herlige menneske. Eg håpar 2014 byr på meir spenning, nyhending og gledje. 

Let all your memories hold you close!
Godt nyttår!

mandag 23. desember 2013

Det er jul..

Eg har samla dei beste julebileta av dei firbeinte og samla dei på eitt bilete. Dette for å vise mangfald, men og for å ynskje liten og stor, fattig og rik, ei riktig god jul. Eg håpar alle rundt om får minst ei gåve, at alle har gitt minst ei gåve, og at alle har god mat, tak over hovudet, varme og folk/dyr dei er glad i rundt seg på ein av dei største dagane i året. For å minne dykk litt på kvifor me feirar jul har eg lagt med det geniale juleevangeliet for fjortissar. God lesing:

«Det skjedde for dritlenge siden at det gikk ut befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle joine en gruppe: «Vi som vil skrives inn i manntall». Dette skjedde mens Kvirinius var helt sjef i Syria, og gruppa fikk drøyt mange likes.

Josef traska fra byen Nasaret i Galilea, opp til Judea, til Davids by Betlehem, for å signe manntallet sammen med Maria, dama hans, som hadde boller i ommen. Og mens de var der, hevet bollene, for å si det sånn, og Maria leverte varene. Hu pakka kiden inn i noe tøy, og la’n i ei krybbe, for det var ikke plass til dem i herberget.

Det var noen gjetere som var ute i natta og passa på sheepsa sine. Med ett var Herrens engler F2F, og Herrens diggbarhet lyste. Gjeterne bare: «OMG! WTF?!», og engelen bare: «Slapp av, noobs! Jeg kommer med en tweet om glede, en glede for hele folket: #Frelser #Kristus #jomfrufødsel … og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne en kid som er... innpakka i noe tøy og chiller'n i ei krybbe.»

Så kom engelens followers, en himmelsk hærskare, som ga masse creds og shoutouts til Gud og retweeta: #Frelser #Kristus, og #ffnor Gud og fred på Jorden blant mennesker som har Guds velbehag» @Gud.

Da englene hadde tatt kvelden, sa gjeterne til hverandre: «Smæle! La oss stikke inn til Betlehem for å sjekke trøkket.» Og der fant de Maria og Josef og den lille kiden som læxan i krybba. Da oppretta de en ny gruppe: «Vi som har sett Guds sønn». Folk bare: «Saklig, LOL».

Gruppa fikk ikke så mange likes, for å si det sånn, men det var bare i starten, for seinere i livet fikk Jesus sinnssykt mange followers.

Og Maria bare: «#DenFølelsen»

Og gjeterne bare: Konge, ass!

Dagens visdom:
#Julegledje 

mandag 16. desember 2013

Leik med fargar..

Millom juleførebuing og arbeid bør ein ta seg ein liten halvtime, setje seg ned, gå ut, eller gjere noko ein generelt lika. I dag gjekk mi lisje til overs tid til å redigere dette bilete om til eit "liksom-maleri". Syns det var så nyyydelig i Gimsdalen i går, at bilete fortente ein ekstra piff.

Dagens visdom:
Remember the good times,
forget the bad.. 

søndag 8. desember 2013

Something about December..

Verda er fylde med lys i kvar ein krik og krok. Lukta, følelsen, eg reiser tilbake i tid. Desember. Me pyntar med nissar, julepynt, glitter og stas. Ute set me fram kristorn og granbar medan me håpar snøen skal kome. Eg lukker augene og tenkjer tilbake. Brått er eg tilbake, heime, der jula er perfekt.

 La minna ta deg tilbake, uansett kvar du er. Du er aldri aleine, for dei du har kjær er aldri langt unna. Kven treng gåver, når kjærleik er til for å gje. Draumen om snø. La minna ta deg tilbake, uansett kvar du er. Tilbake til samhaldet, familie, snø, lukta som fyller huset, lukt av gran, ribbe og krydder. Songane som me syng, treet me pyntar. Det fjerde lyset me tenner.


Dagens visdom:
If Christmas is in your heart.. 

torsdag 5. desember 2013

Advent i København..

For fyrste gong så lenge eg kan hugse, har eg brutt med faste tradisjonar og opplevingar når det kjem til advent. Eigentleg kan ein kalle det ein revolusjon. Nyhending og omdirigering står ikkje sterkast i livet mitt. Tradisjonar har alltid vore viktig, og gitt trygge, faste rammer. Eit eller anna må ha skjedd, for i år tok eg det slett ikkje med tungt mot å bryte alt av tradisjonar.

Fredag kveld flaug eg og Ole Andreas ned til Oslo. Der fekk me overnatte med mi kjære syste. Det hadde vore ei tung, og lang veke. Fyrste veke i ny jobb der kvardagen byrja klokka fem om morgonen var over, og energien til å reise vek var meget fraværande. Likevel føltes det godt å kome ned til Oslo. Laurdag byrja me førmiddagen i sentrum. Der var to korte mål; Neo Tokyo og Starbucks. Starbucks vart fyrste ut. Der naut eg ein god Chai Latte, medan dei andre prøvde seg på andre vel-klingande varmdrikkar. Etter ein kort lunsj sette me vegen mot Arkaden, og mitt mål. Pocky vart det hamstra inn av, og eg fann ein gensar eg berre MÅTTE kjøpe. Er ikkje ofte eg får den følelsen av "må ha", men denne gongen slo eg til. Totoro i mitt hjarte. Smilegensar for godt humør. Kjem godt med i tunge vinterdagar.

Etter ei japansk kulturreise vart det litt meir vandring på Karl Johann. Melange hadde mellom anna ein pepparkakestand der ein kunne pynte si eiga gitarpeparkake. Dette gjor eg sjølvsagt. Pynta den med små marshmellows, tyrkisk pepar og jelly beans. Det var for so vidt berre dei tinga ein kunne velje mellom. Eg elskar alt som er gratis. Ein ekte Sunnmøring.

Klokka var no byrja nærme seg to. Då var det på tide å vende nasa mot det eigentlege målet; DFDS og København. På denne turen tok me med oss Linda med familie. Me budde på Commodore lugar. Det vil seie at me hadde havutsikt og litt meir plass på rommet. Dette kjem godt med då turen nedover til tider føles som lang. Det skal og nemnast at det var mellom sterk kuling og storm når me reiste nedover, så sjøgangen i båten var heftig. Ein greidde ikkje gå i rette linjer og hovudet byrja surre. Nesten so eg nesten datt ut av senga på natta.
Men etter ein real storm lysnar alltid sola opp tilverelsen. 8:30 på morgonen stod eg ute på dekk å fotograferte sola som røyste seg i horisonten. Eit herleg syn, og stor kontrast til den vuggande natta. Etter ein god frukost gjekk me i land i Danmark. Nærare bestemt København. Godt med vind ennå, og litt småkjølig, men heldigvis hadde me kledd oss godt. Shuttlebussen frakta oss inn til Kongens torv og me kunne starte sightseeinga vår.
Me byrja som forrige gong på Magasinet. Eit stort kjøpesenter i enden av "Strøget". Her gjekk me veldig fort gjennom. Mykje merker og sånne fancy ting der. Ikkje noko for oss bondeknøla. Dermed sette me kursen mot "Strøget", Københavns svar på Karl Johan. Her måtte me innom viktige butikkar som Disney, Lego og H & M. Me kika for det meste, men litt shopping vart det.
Til slutt måtte me ein tur innom det berømte tivoliet midt i sentrum. Dei hadde dekorert til jul i alle retninga, og all mark var dekt av kunstsnø. Mykje fine lys og fargar. I tillegg fann me reinsdyra til julenissen. Etter å ha kjøpt det obligatoriske sukkerspinnet sette me kursen opp igjen mot Strøget, før shuttlebussen førte oss i retur til båten.
Eg kjøpte meg ein kattekjole i København. Dette valde eg å bruke til julebordet på båten på returkvelden. Dette la sjølvsagt den fulle tenåringsgjengen merke til, så det enda med at dei gjekk rundt og mjaua resten av kvelden. Trur eg haure nokre bjeff også. Etter mykje god julemat fekk me nærare bekjentskap med Black jack og roulette. Eg rula i black jack på privaten, men fekk prestasjonsangst på kasino. Roulette var deriomot artig, sjølv om eg spelte vekk pengane eg hadde tatt ut. Ole Andreas derimot tjente seg inn ein god slant.

Så putra båten i retur til Oslo. Der skilde me lag med vårt reisefølge, før me flaug ein meget turbulent tur heim. Vert ei gooood stund til eg skal flyge igjen. Alt i alt var me samde om at det var ein gild tur!

Dagens visdom:
Eit friskt pust,
gjev livets lust!