fredag 24. mai 2013

17, mai bilete..

Dette er eit nydeleg døme på fotografering før, og no. Alle bilete ein ser frå gamledagar ser ein alvorlege fjes. Skulle nesten tru det var skummelt å verte fotografert. I dag er me så vande med fotografering at det foregår alt mogleg framfor kamera.

Dagens visdom:
A photo is a reflection of 
a second you'll never forget..

søndag 19. mai 2013

Gebursdag, 17. mai og pinse!

 Onsdag var det 25 årsfeiring av meg sjølv. Dette er sjølvsagt gjevande, iallfall for meg. Her er ei flott kake som mor til Ole Andreas har baka. Rett nok Ole Andreas som har satt på alle lysa.
 I gåve fekk eg kajakk, oppblåsbar sådann. Ein nydeleg ide, for dette byr på spenning for ei svært lovande pinse, vermessig.
 Slik vart det altså. Padling for alle penga. Me har hittil hatt nydeleg ver. Hundane har også fått smaken på kajakk. Derfor sit Anja framme, og Junah bak.
Her har du den stolte hane/høne framme på baugen. Hadde der komt ein kval eller fisk hadde ho nok hoppa for den del.
 Så kom 17. mai. Her er eit tappert forsøk på å ta eit flott bilete i høve årets nasjonaldag. Vidare kommentar på dette veit ikkje eg om eg bryr meg med..
 I dag har dagen gått med på fjelltur. I nesten fem timar har me vandra i fjellet i dag. Sommaren har verkeleg tatt over Sunnmøre. Varmt og godt i sidene. Derfor var gledja ekstra stor når det var IS og VATN i same damen!
 
Resultatet vart to slitne hundar og ein stk solbrent Anita. Slik er det når ein ikkje bryr seg med solkrem, og snøven reflektera i hytt og pine. Det vert derfor ein varm kveld, men steik var det verdt det!

Dagens visdom:
Fridom er i Guds frie natur!

onsdag 15. mai 2013

Sertifikat for å ha dyr?

"Mennesker som er voldelige mot andre mennesker, er ofte også voldelige mot dyr, viser forskning."
Nrk.no har i dag eit innlegg som heiter "-vil ha sertifikatordning for kjæledyr". I artikkelen fokusera dei på at grensene mellom det å gjere vald mot mennesker ikkje er så lang til å gjere vald mot dyr, og omvendt. 

I tilegg fokusera dei på at dyremishandlara ikkje vert straffa nok, og at politiet ikkje tek sakene seriøst.

Dette er ei sak eg har mykje meiningar om. Fyrst og fremst vil eg fremje at det er slett inga menneskerett å ha dyr. Dette har eg hatt lyst å brøle til mange. Eg har vore bort i mange saker som omhandlar dyr, då eg ofte hjelp til i Dyrebeskyttelsen. Eg har støtt på kattar som er forlatt på gata med kattungar, utan mat, utan ly, utan varme. Eg har sett hundar på gata med sjukdommar og skader. Eg har sett folk reise frå dyra sine, og eg har sett folk avliva dyra sine fordi dei skal ha eitt nytt og søtare eit. 
Eg har lest om verre ting. Om henging av kattar, flåing av levande dyr, vald etc. Det er ikkje verdt å nemne alt, for det treng ikkje krediterast. Folk behandlar dyr utan respekt, utan omtanke. Behandlar dei som eit objekt. Men kva er eigentleg eit dyr? Er dei berre til for at me skal herse med dei?

Dyr føler også smerte. Tenkjer dei ikkje over det dei som surrar katten i piggtråd?  Dyr har også tankar, meiningar, dog kanskje ikkje så reflektert som oss. Ser dei berre tomrom dei som avliva hunden fordi dei skal ha seg ny kvalp? Dyr er forskjellige, men er alle likeverdige. Er hunden meir verdt enn hjorten sida dei sender hunden på dei? Kva tenkjer eigentleg folket?

Dyr har vel aldri gjort oss noko. Dei er uskyldige. Dei seier ingenting, dei er der berre.
"Den som tier samtykkjer?" 

Tilbake til artikkelen. Dei framhever at unger som er stygge med dyr kan utvikle det til vald mot mennesker når dei vert eldre. Det ligg vel kanskje noko i det. Sjølv den kaldaste mordar må byrje ein stad.     
Ja til betre rettigheiter for dyr. Me som har lyst å ha dyr på ein skikkelig måte har vel ingenting å frykte for ei slik løysing?

Artikkelen finn du her.  

Dagens visdom:
Darkness has surrounded the helpless.. 

tirsdag 14. mai 2013

lørdag 11. mai 2013

Bolla er fri!

 Endeleg er bileteopplastinga på bane med meg igjen. Dermed tenkte eg at eg skulle dele litt bileter av Bolla og hans nye hus. Over her ser du bolet han bur i. Her har han no budd ei veke ute i, medan eg har vore flink å gå opp med mat. Dette set han nok pris på, sidan han ikkje har funne seg nytt hus.
 Piggsvin er rare dyr. Han her er ennå rarare. Men ein skal ikkje legge skjul på at han er uhorveleg søt å sjå på. Sjarmør, rett og slett..!
No gjenstår det berre å ynskje Bolla lukke til i livets glade friluft. Håpar han etterkvart finn lukka aleine, utan hjelp frå meg. 

Dagens visdom:
So never kick a dog, 
because he's just a pup
You'll better run for cover
when the pup grows up! 

fredag 10. mai 2013

Eit dykk i arkivet: Feelings exposed..

Somme dagar føler ein helst at livet burde slutte. Om ikkje smerta kan ta slutt, og alt var berre luft, tomrom, ingenting. Sinne, skuffelse, sorg, alt i eitt, på ein gong. Om det ikkje berre kunne ta slutt. Fornufta tek over eit lite sekund, og fortel at det kanskje er meir tragisk å forsvinne. Kva om du skulle sakne livet, eller angre? Tanken vert skyvd vekk til fordel for eitt nytt innslag av det elendige livet du vert tvinga til å leve. Ein ekkel klump vrir seg i magen og tårane kjem strøymande.

 Om alt berre kunne ordne seg, om ein for ein gongs skuld kunne få danse litt på mjuke roser, utan tornar sjølvsagt. Den gong ei. Til slutt er ein så sliten at sjølv tårene stoppar opp, og augene svir ubehagelig. Hovudverken kjem sigande, for nasa er tett av elendigheit. Bihulene skrik i smerte, og det same gjer hjarte, utan at nokon høyrer. Ein sitt apatisk attende, stirrar utan å tenkje. Tida går, og kanskje kjem ei ny smerte rullande forbi. Kroppen verkar. Det er ikkje lenger attende noko sinne eller skuffelse. Alt er sorg og smerte. Ei smerte som sit so djupt du sjølv ikkje klarer å skyve ho vekk. Deretter sovnar kroppen motvilleg, og alt vert mørkt.

I eit sekund eller to vaknar ein med blanke ark. Utan behov for følelsar, eller problem. Deretter kjem ho sigande, like klart som natt vert til dag. Igjen trykkjer ho deg ned i eit nytt følelsesjokk. Du har eigentleg gløymt grunnen til følelsen for lenge sidan, men likevel trykkjer han. Kanskje var det nokon som såra deg, gjor deg sint, eller kanskje bunnar det heile i sakn. Du forstår ikkje lenger kvifor du føler som du gjer. Likevel tvinger kroppen deg i reaksjon. Du føler deg gal, gal av å tenke, gal av å føle. Så byrjar dagen, og for litt vert alt gløymt. Kanskje kjem følelsen igjen, kanskje er den borte. Kanskje var det heile tid som du kasta vekk. Tid har me aldri nok av. Den får me ikkje attende. Sorg tek for mykje tid…. 

Dagens visdom:
Ein har ikkje opplevd sorg før ein kan reflektere over den..

Eksamensperioda har byrja..

Det vert ikkje så mykje blogging for tida. Mandag, tysdag og onsdag hadde eg eksamen i kroppsøvingsdidaktikk. Denne var praktisk-muntleg, og har vore ein veldig lærerik eksamen. Det har vore mykje lesing, og intens arbeid dei siste vekene, men det var vel verdt det, då det heile eigentleg var ei kjekk oppleving. I den praktiske delen fekk eg og partneren min i oppgåve å lage ein Boot Camp for ei 10. klasse. Denne Boot Campen hadde eg tenkt å dele med dykk, men av ein eller anna grunn er det ikkje mogleg å laste opp bilete på bloggen. Dermed kjem eg sterkare tilbake. Er ikkje akkurat så interessant å blogge når du ikkje får dele bileter..

Dagens visdom:
Dei vil alltid klaga og kyta..

onsdag 1. mai 2013

Blodspor..

 I dag var eg, Hege, miko, Thareq, Junah og Anja på Mork å gjekk blodspor. Dette var kjekt, men me fekk mykje utfordring i all vinden som herja. Her ser du Junah som kjem tilbake med hjorteskanken i enden av sporet. Glad og fornøgd.
 Artigaste karen var Thareq. Han hoppa og sprang med skanken i stor gledje. Tenk om me alle kunne finne gledje i slike små ting.
 Her ser du tøffingen.
Anja var også særs nøgd med blodsporet sitt, og gevinsten.

Dagens visdom:
It's the little things in life..