søndag 30. mai 2010

Smak av sommar!

Strike a pose!
Mat deilige mat!
Hellu!
Ej e so søt!
Heimelaga is!

Dagens visdom:
Eit bilete seier meir enn tusen ord!

lørdag 29. mai 2010

Angrep på det ukjente og songeksamen done!

Slik som ej fer rundt og surfa på nettet so e ej ofte innom diverse blogga. Der les ej jo om både det eine og det andre, men en ting ej he lagt merke til at monge e plaga med, e stempel. Då snakka ej sjølvsagt ikkje om bokstempel, eller andre ting som du trykke på et ark, men stempel med titlar som emo, lesbe, pyse, homo osv. Ein kan verte stempla for alt mogleg dagens samfunn. E du FOR data interessert e du sjølvsagt datanerd.
*riste på haude*
Dei som ikkje greie å akseptere at nokon e annerleis e berre misunnelege fordi dei ikkje tørr å vere seg sjølv, tørr ikkje å ver annleis. Vel, ej skal ikkje skrive noko lang avhandling om dette, for det fins der nok av ute på nettet, men eg skal seie en ting:

Det er greit å vere annleis, det er greit å ha interesser, det er greit å vere over gjennomsnittleg interessert i noko, det er greit å vere seg sjølv og husk, der er alltid nokon som er glad i deg!

Det va dagens moral. Lat mej fortelle litt meir daglegdagse ting:
I går hadde ej songeksamenen min, og ej va pissnervøs. Som regel bruka ej å vere nervøs berre fyrste songen, so køyre det sej inn, men ej tok mej aldri inn att i går. Men sånn e musikkbransjen. Du he berre en sjanse og det e der og då. Nokon gonga går det flott, andre gonga ikkje. Heldigvis ekje det alltid følelsen av at det gjekk så dårleg stemme overens med sensor si meining. Resultate va ej fornøgde med.

No må ej konsentrere mej om dirigering heile helga. Eksamen e tysdag, og so he me en heil dag med førebuing saman med klassa på mandag. Ette tysdag e d sommarferie frå skule, men då kjem korpset til å krevje sitt. Fredag 4. juni til søndag 6. juni skal me på stemne på Åndalsnes.

onsdag 26. mai 2010

Eksamenstider...

Då e me byrja å nærme oss min fyrste eksamen. Den går av staben på fredag. Det e då utøving og formidlingseksamen som består i å halde en konsert på eit kvarter. Ej he kalt min Filmkvarteret. Skikkelig oppfinnsomt om ej må seie det sjølv. So fram til då e det full sang dagen lang.Repertoaret ej ska ha til den konserten, som du kanskje he forstått, e filmmusikk. Ej skal opne med Kiss me av Sixpence non the richter. Den kjem då frå filmen She's All That. So e d There you'll be av Faith Hill frå filmen Pearl Harbor. Deretter ein skikkeleg klassikar, Over Regnbogen, som e opprinneleg kjent som Over the Rainbow frå munnen til Judy Garland i filmen The Wizard of OZ. Ej skal altså då synge den på nynorsk (litt nasjonale må ein jo vere av og til!:p). So skal ej avslutte med outro'en frå Wolf's rain, nemleg songen Gravity kjent med Maya Sakamoto. Så der he du då konserten min. Ej håpe det går bra...!

I tillegg til dinne eksamenen he ej en anna eksamen på tysdag. Den e då i dirigering. Så meda ej synge må ej også øve taktfirgura. Og som ej he sagt tidlegare so ekje ej noke god på det. Me satsa likevel på å stå på eksamen!:p Etter tysdag e det sommarferie, og det verte HERLIG!

Ellers så e her jo litt liv i heimen. Sunny virkar som ho er byrja å trivst her. I dag he me vorepå oppdagelseferd ute i hagen saman med Anja. Då fekk Sunny si fyrste kontakt med ekte Dalsfjord sjøvatn. Sunny e til og med byrja å verte modige å springe tulling rundt om der ute. Veldig populært. Anja e enda litt voldsom, så dei fekje leike so masse ilag enda, men det kjem nok etterkvart. Eg var til og med så optimistisk eg trudde eg skulle få et fin bilde av dei ilag! Her er nokon bildesmakebitar:

søndag 23. mai 2010

Mellsjøhøgda's Sunshine In My Mind; "Sunny"




Då var Sunny i hus etter ein lang biltur i går. Turen gjekk heldivis fint, og ho sov for det meste i dørken medan Ole Andreas kaure. Då me kom heim fekk ho utforske litt stova før Anja fekk helse på. Anja tok det merkverdig bra, og det gjekk heilt fint å sove på same rom i natt!

No ser me fram til monge kjekke kvalpestunder! :)

torsdag 20. mai 2010

Kobbeglye og Gople!

I dag, medan eg stod å venta på ferja, såg eg ei kobbeglye nedom i sjøe, under lemen. Dette tenkte eg var ei fin ting å sette på facebookstatus, så når eg kom på ferja oppdaterte eg med "såg nettopp ei kobbeglye, då e d sommar i sjøen!^^". Då fekk eg spørsmål om kva det er for noko. Derfor skal eg no lage ei kort forklaring på bloggen min om dette.

Kobbeglye/Gople:
Brennmanet (Cyanea capillata) er en skivemanet. Det kan bli opptil 2 m i diameter, og er det største av alle nesledyr. Den er meget vanlig langs hele norskekysten. (Wikipedia)

Glassmanet er en manet som er svært vanlig i alle hav. Den finnes også langs hele norskekysten, og er lett å kjenne igjen på de fire ringene, som er manetens kjønnsorganer. Denne maneten har ganske korte tentakler med lite neslegift. Den ernærer seg av plankton som tentaklene fører fram til munnåpningen. Den inneholder mellom 97-99% vann. (Wikipedia)

Dette er dei to sortane me har her i fjordne iallfall. No har ikkje eg sånn super peiling på manetar, men der er forskjellige versjonar av desse to, der er nokon som har andre fargar men samme form. Anar ikkje om det er ein eigen art. Me har også slike bittesmå greier som ein knapt kan kalle noko som helst, men sidan ein ikkje bryr seg så hardt med dei, så tek eg dei ikkje med her.

Eg brukar å kalle brennmaneten kobbeglye, og glassmaneten for glasmanet. Mange brukar gople for begge, og mange brukar kobbeglye for begge. Ikkje veit eg kva som er rett, men eg veit iallfall kva det er snakk om!

Dagens visdom:
Anita's just for you ordbok!

onsdag 19. mai 2010



tirsdag 18. mai 2010

17. mai i år, 2010!

I år som i fjår og alle andre år, vart det 17. mai. Dagen byrja med ein snartur på fjellet for å få heise flagget på Petterbu nøyaktig klokka 08:00. Ein fin morgontur. Me måtte vere nede igjen til 09:45, for då skulle toget gå frå Løvika. Det rakk me fint. Så gjekk toget ut til Dalsfjord Kyrkje, der me spelte Gud signe vårt dyre fedreland framfor bautaen. Der vart det også haldt tale om dei som døde i krigen, og kjempa for oss i krigen. Så var det ein 17. mai Gudstjeneste i kykj etterpå.
Deretter var det rett inn på Dalsfjord skule å få sej Sodd, pølse, is og andre etande ting. Samstundes føregjekk det leikar ute. Einaste leiken eg kunne vere interessert i var sjølvsagt hesteskokasting. Eg kom meg eit stykke framover, men ikkje heilt til topps. Eg hadde eigentleg nok med å halde styr på kven som skulle kaste mot kven på dei halvvåte arka mine!

Klokka 15:00 byrja festen inne i gymsalen. Der åpna korpset med Ja, vi elsker, og deretter tre marsjar. Så fylde ei 17. mai tale, matpause med kaker og kaffi og sjølvsagt bordkonkurransar. Etter pausa var det allsong, kåring av hestesko og bordkonkurranse og henteleiken. Ein heilt grei fest.

Så avslutta me dagen med ein fotosession på plenen uttafor huset!^^

søndag 16. mai 2010

22 år gammal..

Då var nok ein gebursdag over, og eit nytt år på begynt. Tida strøymer avgarde fortare enn snøsmelte elvane som renn i fjellsidene no i desse dagar. Eg var jo nett i tenåra og synes gebursdag var det største i verda. Det er rart med det når ein kjem opp i åra, har penga sjølv, og eigentleg ikkje ynskjer seg noko, men har diverse saker og ting som ein skulle hatt bruk for. Det er sjølvsagt kjekt med gebursdag, det er jo MIN dag, og berre min. Folk er meir høflege enn vanleg, dine meiningar kjem litt meir fram for ein dag, og det er verkeleg ikkje nokon motgangsdag. Det er jo også sjølvsagt kjekt å få ei lita overrasking her, og ein pakke der. Det er litt spennande.

Men ingenting kan måle seg med barndommens gebursdagar. Det var alltid noko ein ønska seg som ein ikkje fekk tak i sjølv. På mi liste stod det som regel: Hest, hund, fugl, kanin, katt (og alle andre dyr), og så diverse leiker, spel, cd'ar, filmar eller figurar som eg hadde sikla etter i fleire århundre. Som regel dukka det alltid opp eit eller anna frå lista, og dagen var sjølvsagt redda. Hesten dukka heldigvis, ja eg seier heldigvis, ikkje opp. Så rundt ein alder av 13-14 gav eg nok opp hesten og la meg meir på hund. Som noko gava kom den aldri, men den vart trumfa gjennom på eiga hand.
Sjølvsagt var det ikkje berre pakkane som stod i fokus denne dagen. Barneselskapet var jo halve artigheita. Då kom alle i klassa, pluss vennar eg hadde utanfor den klassa, så song dei til meg, me åt kake, potetgull, brus og anna godteri. Så leika me leika og hadde det kjekt resten. Ingenting er som den gongen. Ein kan fint tilrettelegge alt å feire det på den måten, men det vil fortsatt ikkje verte det same. Alt var så artig og spennande den gangen.

I dag var det som gebursdagar har vorte når ein kjem over den barnslige grensa si. Ein får pakkar som ein er veldig takknemlege for, ting som ein treng, ting som er kjekke å ha, ting ein vert glad for. Eigentleg ønskte ein seg ingenting spesielt, så ein er mest overraska over kva folk greier å finne på. Men eg er meget takknemleg for den merksemda folk gjev meg med desse gåvene. Med mamma fekk eg gamasjar, ukulele og fleece jakke, med Stein Jarle og Linda fekk eg meg hørselsvern med radio og mp3, frå Eva og Knut fekk eg ei hundebok og ein topp, Heidi gav meg handukar, Ole Andreas gav meg rulleskeisse, Mario Wii, haudepute og kake, med Marit fekk eg Cubus klede og med Trude fekk eg såpebobler, ballongar, sprettball og magnetar. Folk er så alt for snille, og eg greier nok ikkje å vise kor takknemleg eg faktisk er for alt dette! :)Maten som vart servert på gebursdagen min var ikkje masse å skryte av (Dei laga seg lammelår inn med Stein Jarle, og eg likar ikkje sau). Der var derimot nydelege kaker, sveler, brus og andre godsaker. Det som var litt dumt var at dei folka eg hadde invitert til eit mindre selskap etterpå kunne ikkje kome i dag, så det enda med at eg og Ole Andreas prøvde ut det nye Wii spelet og tok oss ein biltur. Kva skulle eg gjort utan Ole Andreas?

Nok ein gebursdag er over, og eg føler ingen forskjell. Eg er eit år eldre, eit års erfaring rikare, og eg satsar på der kjem fleire gebursdagar som er like forskjellige for kvar gong! :)

Dagens visdom:
Alderen er berre eit tal..

onsdag 12. mai 2010

Ensembleleiing

Ja.. Dirigering er IKKJE rette yrket for meg. Slik er det berre. Faget er artig det, men så vimsete og ukontrollert som eg er, så er det ikkje råd å halde styr på alle stemmene. Likevel må eg berre trene mykje fram til eksamen no. Innan fredag må eg ha bestemt meg for kva repertoar eg vil ha på eksamenen min, og finne ut kva song eg skal "vise meg" med. All ære til dei som greier å bruke hendene, kroppen og ansiktuttrykk som alle forstår!^^

No er det forresten berre ei veke igjen til kvalpen min er leveringsklar. Fekk vete i dag at oppdrettarnamnet vert Sunshine in my mind. Skikkelig koselig, og oppkalt etter faren som heiter You are my sunshine. No gjeld det berre å finne eit "kjælenamn" til veslejenta. Det er eit vanskeleg val, skal trossalt rope på det i omlag 15 år framover..!

Dagens visdom:


mandag 10. mai 2010

søndag 9. mai 2010

8. mai, gebursdagsbarnet!


Det er litt flaut å ikkje ha rukket å legge ut dinne posten på rett dag, men det lyt berre vere. Betre med ein post for seint, ein ingen post seie berre eg. I går, altså sjølvaste frigjeringsdagen, hadde vår kjære Lisjepus gebursdag.

Lat meg fortelje litt om Lisjepus. Ho vart fødd i 1998 inne på Aksnesa. Sånn omlag 10 eller 12 veker etter fødsel vart ho henta ut hit til oss i Lisjevika. Her budde då berre en katt frå før, nemleg Gråpus (som fyller 14 i år :) ). Nokon i husstande, slett ikkje eg, fann ut at katten skulle heite Evita, for det var slikt eit fint namn. Det synes ikkje eg, så eg fortsatte berre å kalle katten Lisjepus (trass i at det er den største katten i huset).

Dagar, månedar og år gjekk, og Lisjepus har vakse opp til å verte ein fin katt, som krev mykje kos og kjærleik. Eg har hatt mine ueinigheiter med denne katten, men me greier fortsatt å bu under same tak. For å få det på reint, så er Lisjepus ikkje min katt, men Linda sin.

Så er me då komne til dagen i går. Då fylde Lisjepus, for den trente reknar, 12 år.
Gratulere med dagen!

fredag 7. mai 2010

Kammermusikkfestivalareidar!

Jess. Frå i går til i morga jobba ej som Kammermusikkfestivalarbeidar. Et herlig langt ord. Kammermusikkfestivalen er altså det ein festival som innvolverar dyktige musikarar som kjem å spelar, naturleg vis, kammermusikk. Det er fyrste gong dinne festivalen er arrangert på Sunnmøre, iallfall ette heftet. På opningskonserten var der mykje folk, og det er kjekt å sjå dei ikkje har gjort mykje arbeid forgjeves.

Dei som deltek som profesjonelle musikarar kan du lese om her!

Så er du då ein som elskar kammermusikk / klassisk generellt, eller du berre vil ha ein musisk opplevelse (e musisk et ord?:S). Då bør du ta turen på ein av konsertane. I kveld på Aasen-tunet er det ein konsert 21:00, i morga kan du reise til Herøy Frikyrkje kl. 13:00, eller vere med på avslutningkonserten 19:00 i Volda Kyrkje! :)

Dagens visdom:
Kammermusikkfestivalarbeidarar er eit flott hangman ord!:D

søndag 2. mai 2010

Med Dina på besøk! :)




I dag he Dina vore på besøk med Anja. Dette har vore stas, og mykje liv. Me byrja dagen med ein tur opp på Fossastøylen. Anja og Dina leika heile vegen opp, og var betrakteleg rolegare når me kom i hus igjen. So har dei fått vore inne nokon timar i stova å herja og slappa av om kvarandre. Prøvde også med fototaking, og ca 1 av hundre bilete var eit bra blinkskudd! ^^ Det er vel dei bileta du ser over her. Deretter gjekk turen på vegen, og ej og mamma tok kvar sin hund. Dei gjekk utrulig nok fint begge to. Etter turen vart det litt herjing her inne, og så litt soving av og til. Så kom det til det at Dina vart henta, og Anja vart sørgmodig med inn. So no vil eg tru det vert soving resten av kvelden! Anja har hatt det kjempe kjekt med besøk!

Dagens Visdom:
Like hunder, leikar best!