fredag 3. april 2015

Tur til Sunndalsnipa!

I dag stod eg opp tidleg. Kunne kanskje spart meg det, sidan her både regna, snøva og var tjukt i skodde då eg vakna. Heile veka har vêrmeldingane vist fint veir fredag. Då eg sjekka i dag tidleg skulle det lette etter klokka tolv, dog både yr og storm var veldig ueinige. Planen var nemlig Sunndalsnipa. Det flate platået eg så lenge har sett på på veg til jobb kvar dag. No måtte eg berre. Skredfaren var etter varsam.no målt til 3. Eg tok sjansen.

Ved å følge Kviven var vegen til utgangspunktet enkel. Eg tok av ved Kalvatn mot Osdalen, vidare var det skilta "Nordfjordeid". Denne vegen har eg jo køyrt før. Då eg padla på Hornindalsvatnet sist faktisk. Det var derfor intet sjokk at det så vidt var plass til ein bil på vegen. Heldigvis kom Grøndalsvatnet fort, og parkeringa var som det stod på nettet; pløgd ut. Det var ikkje berre eg som skulle på fjellet i dag.


Eg pakka på meg sekk, leitte fram trugene og fekk ut hundane. Så var eg i gong. Kom meg omlag 500 meter før eg spurte ein tilfeldig forbipasserande kva veg eg skulle. Eg var nemlig litt usikker på om randonnèfolket som gjekk rett før meg skulle same veg. Det såg ut til at me så absolutt skulle same veg. Dermed var der trakka fint på vegen oppover. Det var reine folkevandringa.

Sola var litt ta og på, men det var vindstille og fint. Skodda kom og gjekk, men eg hadde alltid god sikt. Utsikt var vel mykje kvitt dog. I den tyngste bakken like før sørtoppen kjente eg på at det var Langfredag. Eg tenkte faktisk litt på Jesus som bar det korset heile vegen til Golgata. I eit lite sekund tenkte eg at no slit eg som han, men heldigvis var mi framtid litt lysare enn Jesus si denne dagen. Etterkvart som eg nådde sørtoppen løsna det litt, og eg fekk sjå Eidskyrkja ruve til venstre for meg. Det er alltid litt ekstra stas når du då kan tenkje; "jammen har eg vore der borte!".

Frå sørtoppen var det flatmark bort til sjølve hovudtoppen. Med flatmark meinar eg ei endelaus lang strekning. Tok jo aldri slutt. Då eg endeleg kom fram kom ei snøbyge, så utsikta var nada. Snakk om flaks. Eg satt meg ned, Junah sovna, og så kom utsikta. Rett nok berre i retning Volda, men det fekk duge det i dag. Sakna sjølvsagt den eineståande utsikta mot resten av Sunnmørsalpane, men den kom diverre aldri.

Etter alt for mange kommentarar på at eg burde hatt ski for å kome meg ned att satte eg kursen nedover. Gjekk radigt i laussnøen. Brått var eg ved bilen igjen. Ein flott tur. Eg trur nok det vert igjen ein gong.

mandag 23. mars 2015

Rallyhelg Trondheim!

Denne helga var destinasjonen nordover. Me reiste etter jobb på fredag. Dette gjer me nok ikkje igjen. Oppover tok me ferja på Festøya, kaure via Åndalsnes-Dombås-Trondheim. Me var passe trøtte etter ein trasig snøstorm over Dovre, og var framme på Sandmoen Bed & Breakfast godt over midnatt. Heldigvis var det eit flott rom med eige soverom, bad, og ei lita stove. Det var fort i seng denne kvelden.

Laurdag var det tidleg opp. I Trondheim var det kaldt, men heldigvis kom sola. Sjølve stevnet skulle vere på Klæbu, i ein ridehall. Det var heldigvis lett å finne fram. Nervane var ganske heftige medan klasse 1 gjekk. Så vart det endelig vår tur å briefe. Mange kjekke øvingar. Det letta heldigvis trykket litt.

Eg var sist i mi klasse. Junah var sånn omlag på. Ho var med, men hadde ikkje noko spesiell driv over det heile. Hadde ein veldig treig sitt, og måtte sjølvsagt bort å sjekke kva som var i matskåla på 8-tal øvinga. Totalt fekk me 193 poeng og enda som nummer fire i klasse to. Eg kunne ikkje anna enn vere nøgd med det.

Etter ein lang dag i ridehallen kaure me til IKEA og handla bamsar. Bamsane på ikea er geniale. Dei tek evig lang tid før dei vert øydelagt. Det er sjølvsagt til hundane me brukar dei. Etter ein god middag på cafen kaure me ut til kysten. Der følgte me ein populær tursti som eg ikkje hugsa navnet på. Deilig å gå litt. Så vendte me heim, og jammen kom eg meg tidleg i seng. Sandmoen har forresten gratis vafle til gjestane som ein får steike sjølv. Desse var nydelige!

Søndagen krevde ennå tidlegare oppvåkning. Då skulle nemlig stevne vere i gong klokka ni. Me var på plass i hallen i god tid. I dag hadde eg ny oppvarmingstaktikk. Gårsdagen hadde eg trent og øvd før me skulle i ringen. I dag satte eg opp eit bur i hallen og henta Junah når klasse 2 byrja. Etter å ha briefa bana mi i klasse 3 tok eg ei lita påminningsrunde på Junah. Me måtte minnast litt på korleis me skulle rygge, komme inn i front og sitt-stå-sitt. Heldigvis var favorittøvinga til Junah med; snurr under marsj. Trur det hjalp oss veldig.

Før eg passerte ringbandet lurte eg Junah med at eg hadde godbitar. Ho trudde på meg, og var heilt med heile vegen. Me hadde ein treig sitt igjen, og fekk eit trekk for skeivheit i rygginga. Den skeivheita var eg veldig usikker på. Eg var egentlig førebudd på å skulle diske. Eg er jo veldig negativ frå før, så tenkte det kunne vere greit å vere innstilt på det verste. Men me vart aldri oppropt på disk. Me vart ikkje oppropt før heilt til slutt, som vinnar av klasse 3, med direkte opprykk til elite! Eg vart litt i sjokk og overlukkeleg.

All ære til Junah for eit strålande løp! Me fekk masse premiar. Det var dei veldig gode på i Trondheim. Dette var Norsk Collieklubb avdeling Trøndelag som hadde, og eg synes arrangementet var strålande!

søndag 11. januar 2015

2015 i full gang!

 2015 er i full gong. Dagleglivet er tilbake. Arbeid, hundetreningar. Fyrste veka har gått utruleg fort. Det var sjølvsagt hardt å snu døgnrytma, men eg kom meg på eit vis i gong. Det er rart kor avhengig kroppen er av rutiner. 

No er det tilbake til travle dagar. Sidan planane for det fyrste halvåret er fyllt med hunderelaterte hendingar er sjølvsagt treningane i full gong. Meera har mykje grunnleggande ho må lære, Junah må finpussast på til konkurransar, og Anja skal inn i den spennande verda av lukter. 

Opp i alt dette skal turar opplevast, og kvile søkjast, men i alle planar har eg diverre fått sansen for serien "The Originals". Då må eg putte inn nokre timar i dette også. 

Konklusjonen min er enkel; der er for få timar i døgnet, men ein må berre la vere å setje seg ned!

Godt Nyttår!