lørdag 27. april 2013

Anja 5 år!

 I dag er det fem år sidan Anja var fødd saman med sju andre håpfulle ut på Leikong. Det siste halvåret har eg prøvd å spore opp desse hundane, og eigarane deira. Målet var å samle alle i ei facebookgruppe. Eg fann etterkvart fleire og fleire. Til slutt spora eg fram alle med unntak av ein. Den siste har eg leitt lenge etter, men har diverre ennå ikkje lukkast. Kanskje kjem det fram ein gong kvar den vart av. Den drog visst til Haugesund den gongen.

I høve femårsjubileet ytra eg ynskje om å samle gjengen. Eg har jo alltid vore nyskjerrig på korleis dei andre hundane vart. Dette ynskje vart vel motteke, og i dag samlast me for fyrste gong på fem år, for å treffast igjen. Slik gjekk det til:
 Her kom endeleg ho mor. Me var seks hundar frå kullet, og mor til kullet på treffet. Ho mor hadde god kontroll på ungane, sjølv no, fem år etter.
 Her har du overlukkelege Bo som vil leike saman med den einaste andre guten, Pondus. Mykje tispe, lite gutar. Er vel slik me damene likar.
 Her har me Susi. Einaste svarte i kullet, med mindre det er stygt å skrive. Ho er einaste som har fargen åt ho mor.
 Her har Kaisa satt på plass Susi, slik at ho oppfører seg på jordet!
 Luna var litt forsiktig i starten, men dette kom seg betrakteleg etterkvart. Det du sit å lurer på no, er nok kvar alle bileta av Anja er. Jau, det skal du få vete. Anja fekk ikkje springe saman med søskena sine. Etter ei uheldig episode med hundar for nokre år tilbake har ho vorte svært problematisk saman med andre hundar. Ein kan vel seie det slik at ho har vorte det svarte fåret mellom desse, desverre. Slik er det berre.
Her har du alle på treffet, frå venstre: Anja, Dina, Susi, Luna, Bo, Pondus og til slutt ho mor, Kaisa.

Dagens visdom:
The more we are together...

lørdag 13. april 2013

Sketsh..

 Denne helg er Really her, då mamma og dei he reist på Storefjell. Dermed er me tre hundar i hus. Vert med andre ord ei skikkelig hundehelg. Derfor feirar me ein liten take off på bloggen med to teikningar eg har teikna med blyant i kveld..:
 
Eller så har eg berre hatt det kjekt på photoshop. Your choice. 

Dagens visdom:
God Helg!

søndag 7. april 2013

NCK utstilling i Bergen..

 Fredag morgon reiste eg og to trivelege jenter nedover til Bergen. Målet med reisa var NCK utstilling laurdagen i Lysefjord Ridehall. Fredagen brukte me på litt sightseeing i byen. Stine var med som guide, heldgivis, slik at me fekk dei ultimate turopplevingane. I tillegg fekk me gå innom dei viktigaste butikkane, som for meg denne gong var Outland
.

 Til kvelden gjekk me opp på Fløyen og fekk oppleve ein nydeleg solnedgong.
 Junah og gutta på tur. Det var kjekt å vere ein del av gutteflokken, men Junah syns dei også var litt travle. I tillegg var det skummelt med stupbratte fjellsider.
Natta tilbringte me på Marken Gjestehus. Eg og Junah hadde einerom med køyseng. Rommet var slett ikkje stort, men stort nok for oss to. Me kosa oss med godteri, litt Naruto og ei deilig mjuk seng. I tillegg gjor me litt finpuss på føtter og pels før me la oss. Desverre var ikkje natta så alt for lang.

 Så kom den store dagen. Me var oppe halv sju, avreise frå Bergen kvart på åtte. Det hadde snøa ein del på natta, så det va variert føre. Så kom me fram til ein ridehall me aldri hadde vore i. Mold og hestelort var underlaget. Var slett ikkje enkelt å halde små, nyskjerrige, kvite sheltiepotar unna graving, rulling og tulling. Hadde Junah tatt noko val her hadde ho vore brun før me hadde kryssa hallen. Thareq var fyrst i ringen, med gode resultat. BIR, og BIS3 kvalp. Tenkjer han var fornøgde med det. Så kom ventetida. Me stillte for Peter Muzlai. Han var ein grundig mann, så ting tok tid. Ridehallen var veldig kald. Ingen av oss hadde eigentleg nok klede, så dette vart ei kald oppleving. Heldigvis var der mange flotte colliar og sheltiar å sjå på.
 Seks timar seinare stod eg og Junah klar for ringen.
"2,5 years old tric. Neck a little short, good head, somewhat widely placed ears, good length of body, chest not deep enough, sufficient movements". Dette var altså kritikken me fekk. Kanskje ikkje den beste kritikken, men me enda iallfall med Excellent (raud sløyfe) og 4. plass i åpen tispeklasse. Dette er i seg sjølv eit framsteg frå forrige utstilling, der me enda med blå sløyfe. Me må derfor berre prøve vidare, og kanskje ein dag dukkar CK'en opp for oss også. For meg er iallfall Junah BIS (Best i Sofaen) uansett kva denne ungarske mannen meinar.

 Her har de konkurransetispene våre. Tre flotte soble, som diverre slo oss denne gangen. Sånn er det i konkurranse. Fekk meg ein positiv overrasking over at Junah ikkje var noko spesielt større enn alle andre. Ho har sunke i sjelettet å vorte ein meir "standard" i størrelse. Ein bra ting for framtida.

Etter utstillinga satt me bilen på FULL varme, og sette vegen heim. Stort sett fine vegar, men me bomma med 45 min på Anda. Der fekk me dermed lufta oss godt. Frå Eid og siste rest heim var det grusomt å køyre. Blankis, skodde, snøstorm og det som verre var. Det var godt å kome heim, etter mykje frysing, men mykje latter og gode diskusjonar. Takk for ei flott helg hundar og folk!

Dagens visdom:
It's a dog life..

mandag 1. april 2013

Inneaktivitet..

 På kveldstid kan ein ikkje drive å gå på fjellet. Dermed må ein ha andre syslar. Eg, har blant anna ein stor elsk på bordspel. Er ikkje så mange andre som har det føler eg, men av og til finn ein nokon som vil spele saman med deg, og det er det eg kallar ein skikkelig kjekk kveld. Som du ser over er dette ei romløysing med masse flammar og dører. Eg vil gje dykk ein kort introduksjon av spelet "Flash Point".
Flash Point er eit strategispel der alle samarbeidar om same målet. Me er alle brannmenn/kvinner som skal sløkkje eit hus. Det høyres kanskje kjempe enkelt ut, men så lett er det slett ikkje. Der er folk me skal redde ut. Målet med spelet er å redde ut 7 folk/dyr i live før huset kollapsar, eller 4 folk døyr.
Spelet kan spelast på mange forskjellige nivå. Med jul spelte me mykje enklaste level, men her ein kveld gjekk me over til meir avansert. Utruleg artig når det kjem fleire element på brettet. Sjukebil, brannbil, kjemikalar, hot spots og mykje meir. I tillegg spelar ein med kvar si spesialitet innanfor brannvesen/helsevesen. På det varmaste anbefalt!

Dagens visdom:
Life is but a game..