lørdag 5. april 2014

Nyinnflytta..

Då var tida koma og eg har sagt farvel til Dalsfjorden som heimstad. 25 trufaste år saman er slutt. Eg har pakka sekken og flytta ut. Me kjem alle til dette steget i livet. I alle fall dei fleste.

Det har vore travle veker med pakking, rydding og vasking. På to stadar. Slik er det når ein forlet ein heim for å innvandere ein ny.

I forgårs, altså natta til torsdag, var vår fyrste natt i ny heim. Litt rart, men eg sov som ein stein. Det var rart å måtte tenke annleis om kva tid ein skulle stå opp. Inga ferje å rekke. Berre ein tanke om reisetid ut til Haddal, og eventuelt tida ein brukar på å lufte hunda. Ein heilt annan tankegang etter 10 år med fast pendling.

Den nye heimen er flott. Alt er nytt og me har sjølve bestemt utsjånaden. Her ligg litt byggstøv i lufta ennå. Det kjenner eg godt. I tillegg er det nokre småting som må i orden før me kan leve normalt. Me har mellom anna ikkje fått opp fjernsynet og har ingen form for bord. Slik er det i overgangsfasa. Det kjem seg nok.

Flytting har opna mange nye moglegheiter. Likevel kjenner eg litt på hjertesukket til heimfjella. Eg har fått så mange val no. Det er Ikkje bestemt kvar turen skal gå. Mykje som skal vennast til. Nye stiar, nye relasjonar, nye tankar. Ein ny sjanse. Eg ser framover!

Dagens visdom:
Menneske er eit vanedyr,
Skil du det frå vanar og gange
Vert dei rare og bange
Men vips er nye vanar etablert
Dei gamle vanar har då krepert

Grunna problem med blogger appen kjem bilete seinare.

Ingen kommentarer: