tirsdag 20. november 2012

Laust og fast, revidert..

I går satt eg meg ned på ferja på Folkestad å skreiv eit langt, heilt meiningslaust, blogginnlegg som eg kalla laust og fast. Dette innlegget vart tydeligvis aldri publisert fordi vidunderet av ein telefon eg har bestemte seg for at det ikkje skulle visast offentleg. Derfor kan eg bruke dette innlegget til å fyrst og fremst irritere meg over at den forbaska mobiltelefonen valde å la innlegget forsvinne, og litt gjenforteljing av det som liksom skulle sendast ut.

Saken i går var at eg satt på ferjekaia, lite irritert over ferjetidene og at eg ikkje rakk 1950 ferja til Lauvstad. Dermed endte eg midt opp i ventetida som er på kveldstid, der neste ferje ikkje finn stad før 2125. Alt for lenge å vente. Derfor valde eg å ta Folkestad i staden. Den skulle gå 1940, men var sjølvsagt forseinka, for dei lasta bilane ombord alt for seint. Idiotar, tenkte eg.

Tilbake til mobilen min. Min kjære HTC One S er sjukmeld. Hovudet er klart, men skjermen har streika totalt. Dermed er han ikkje brukande, og eg saknar han stort. No har eg ein lånetelefon. Eg trur det er ein Desire eller noko slikt. Ein ting er iallfall sikkert, telefonen suger. Det er INGENTING som fungerar som det skal, og det er eit stort irritasjonsmoment for meg som er van med glatte flotte skinner. 

No sit eg forresten på praksisen. Der skjer ingenting, for eg har faktisk ikkje timar i dag. Likevel må me vere her, for det skal vere møte på slutten av dagen. Er ikkje berre berre å leike lærar....

Dagens visdom:
Det er mangt ein kan irritere seg over..

Ingen kommentarer: