søndag 9. september 2012

LP klasse 1..

I går debuterte eg og Junah i Lydigheit klasse 1, på stevnet til Ørsta Volda Hundeklubb. Det regna sidelengs stort sett heile dagen, grusbana var eit stort gjørmehol, og alt og alle var våte.
Fyrst ut var fellesøvingane. På tannvisninga røyste Junah seg, for ho syns dommaren var rett så skummel. Dermed fekk med 9. Så var det dags for den øvinga eg hadde grua meg mest til, fellesdekk.

Junah la seg på kommando, eg gjekk ifrå, men då kom nabohunden bort til Junah og det vart mykje rot i linjene. Dette endte med at to av ekvipasjane måtte forlate dekken, og me tre som var igjen fekk byrje på nytt. Eg la ned Junah, og venta dei verste to minutta i mitt liv. Men Junah låg, og me fekk oss ein 10'ar som eg berre kunne drøymt om!

Deretter gjekk dei på enkeltøvingane. Me var nr 8, så me var eit stykke ut på dagen. Dermed fekk Junah ligge litt i bilen. Når det var to ekvipasjar igjen, tok eg ho ut, slik at ho kunne verte van med miljøet. Så kom vår tur.

Det starta med lineføringa. I byrjinga var det berre rot. Junah hadde ingen planar om å vere med, ho ville egentlig gjere alt anna, men mot slutten såg eg eit glimt av augene hennar og dermed enda me på 7,5. Så kom me til dekk fra holdt. Denne øvinga har ho alltid vore sterk i. Men den gang ei, etter trippelkommando nulla me ut heile øvinga. Surt. Innkallinga hadde ho slett ikkje den farta ho har brukt å ha, dermed kom me på 8, medan me på stå under marsj vart trekt for dobbelkommando (eg brukar visst ubevisst handa å stoppe ho) og fekk ein 7. Hopp over hinder har ho ALDRI bomma på, men i går sprang ho rundt. Dermed nok ein null. Etter hoppet fekk eg store problem med å få henne på plass. Ho ville ikkje sitte, ikkje høyre, var uroleg, sprang frå meg, og var rett eit mareritt. Når eg endeleg fekk ho i sitt var avstandskommanderinga døfødt. Vår tredje null for dagen.

Alt i alt enda me på ein skammeleg poengsum av 106,5. Dermed 3. premie og 11. plass av 14. Eg må seie meg litt skuffa over heile dagen, og det var slett ikkje den debuten me hadde håpa på. Likevel finn me ei mager trøyst i at det var mange hundar som sleit. Dommar var John Egil Fiksdal.

Dagens visdom:
Betre lukke neste gong..

Ingen kommentarer: