lørdag 3. mars 2012

Våren er snart her..

 I veka som var, fylde Junah 18 månadar. Ho er halvegs i unghundtida. Eg er spent på korleis det skal verte frammover. Mandag står bronsemerkeprøva for tur. Eg håpar så inderleg at me greier den. Me har øvd intens sidan september. Men ting kan fort skje. Junah kan ha ein dårleg dag, eg kan ha ein dårleg dag, veret kan herje med oss. Men der er også ein sjangse for at Junah er heilt med, eg er heilt med, veret er fint. Det ville glede meg stort om me fekk til denne prøva.
 Junah har mykje potensiale. Derfor skal me gå ein del kurs no i vår. Eg vil bygge eit godt grunnlag til ho trer inn i dei vaksne rekker. Me skal på agilitykurs i april, no i mars skal me byrje eit firevekers kurs innanfor utstilling. Sist, men ikkje minst skal me delta på det berømte Ellinorkurset i mai. Forhåpentligvis skal me også debutere i utstillingsringen, og kanskje LP ringen? Det vil tida vise. Viktigaste for meg er at me har det kjekt, og arbeidar oss frammover!
 I dag har det vore skikkelig vårstemning i Dalsfjorden. Sola har vore her, og folkelivet yrar. Ein merkar at me går mot varmare tider, sjølv om minusgradene ligg i nærheita. Det er mykje som skal skje frammover, derfor er det greit at sola gjev oss litt energi. Den gjev iallfall meg litt ekstra håp, noko som trengs i desse dagar.
 Dono klenger seg på alle stadar han kan. I dag har han gått å hylt uttafor hundegjerdet, heilt til eg løfta han over. Det er ikkje det at han ikkje kjem seg gjennom, det er den enorme trangen til merksemd. Han er litt merkelig egentlig, men samstundes ein herlig godgutt!
 Ein av konklusjonane frå dagen handlar om at Really ikkje går an å ta bilete av. Han er faktisk heilt håplaus. Trur ikkje me har eit einaste bra bilete av han aleine. Dette må ein arbeide for å få til altså. No er han forøvrig ganske nedrøyta, og ikkje heilt på si beste utsjånadsmessige side.
 Etter mykje om og men fekk eg eit bilete av han, men så viste det seg at Junah stod i vegen. Typisk det, når en endeleg har rette vinkelen. De får iallfall sjå fjeset hans.
Ein skal ikkje gløyme "gamlemora". Ho har mykje energi for tida. Etter kastreringa har mykje endra seg til det positive, sjølv om litt heng igjen. Ho nærmar seg ein kjekk og bedageleg hund. Uansett er ho ei godjente. Derfor fekk ho vere med meg og Junah på Tussatun å trene i dag. Trur kanskje ho angra allereie, men ho fekk iallfall vere med.

Dagens visdom:
Show must go on..

Ingen kommentarer: