mandag 6. februar 2012

Evita aka Lisjepus..

 I dag måtte Lisjepus forlate oss etter lengre tids sjukdom. 
No var ikkje kattelivet verdig nok lenger til å fortsette.
Lisjepus var fødd 8. mai 1998 inne på Aksneset.
Me henta ho som 10 veker gammal, og sidan den gong har ho budd hjå oss.
 Ho har alltid vore utruleg kjælen, og tillitsfull. Var du ute å tok bilete var du sikker på å få med henne. Aldri eit spørsmål om kvar Lisjepus var. Det vert rart å vere ute å ta bilder no. Liksom ingen som trykker seg opp i linsa for å verte klappa.
 Katten har vore heldig. Aldri vore sjuk eller plaga. Levd livet fullt ut, og fanga utruleg mykje mus. Ho prøvde vel seg på noke fugla også en gong, men då fekk ho høyre det frå mamma. Så fuglar vart det aldri så mykje av. Det vart meir leik og morro med dei som gadd å leike med henne.
 Ho har alltid vore ein praktfull katt som alle har lagt merke til. Det vil ho nok alltid verte hugsa som også. Det skal også seiast at ho elska den merksemda ho fekk. Ho hadde også sine kjennemerker. Når Thomastoget vart plystra, var det ikkje lenge før katten var på plass. Det sørga Linda for. Det var vel strengt talt ho som trente ho opp. Det er jo henna katt.
No er åra med morro og jakting over.
Takk for den tida du var her saman med oss.
Kvil i fred, Lisjepus!

Ingen kommentarer: