onsdag 28. desember 2011

Dagmar i Dalsfjorden..

 Som dei fleste har fått med seg har Dagmar herja rundt, spesielt på Vestlandet dei siste dagane.
Fyrste juledag, på kveldstid, tok det laust. Sjøen var så høg han slo inn på gangen til oss,
og tok med seg trappa vår. Heldigvis fann me ho igjen!
 På Reitane var dei så uheldige å få stabburet øydelagt.
 Inne i Løvika gjekk det med naustveggar, naustdører og mykje materiale.
Der såg ikkje mykje fint ut morgonen etter!
 Her skal vel Petra vere glad det ikkje traff huset..
 Ikkje alle var like heldige....
 Men Pessløda står..
 Vegen var sperra fleire gongar her, både søndag, mandag og delar av tysdag..
 Sjølv dei største trea måtte bøye seg for denne..
 Den stakkars julegrana ut på busslomma kan du skimte i bakgrunnen.
 På Aksneset var det utruleg med skog som hadde lagt seg..

 Ikkje rart me var utan straum i 70 timar..
 Kalle sitt tak var hardt medfere!
 Heggen som har stått gjennom det meste takka for seg..
 Trampolina måtte reddast midt i stormen. Her er det som ligg att,
ein kan og skimte kvar floda låg. Det var vatn til knea når eg demonterte den..
Her kan ein også sjå på floda si herjing,..
No er ENDELEG stearintida over. Tida går seint utan straum, og enda verre når mobildekninga er ute i tillegg. Dette skulle ikkje ha vore mogleg i 2011.

Dagens visdom:
S.T.R.A.U.M.

Ingen kommentarer: