fredag 15. juli 2011

Endeleg litt sjøbading!

 Torsdag hadde eg endeleg ein liten fridag. Heldigvis for meg var det også fint ver. Fyrste delen av dagen brukte eg i Volda/Ørsta. Der var eg og Junah ute blant folket med ei lita oppfrisking både på miljø og sosialtrening. Ho er så flink vesle jenta mi no. Ikkje redd noko som helst (bortsett frå trapper!!!). No har eg også endeleg fått attende Store Sirius. I tillegg har eg kjøpt meg ny mobil. Verda er no ein god stad å leve. Iallfall i morga etter klokka tre.
 Men lat meg kome til poenget. Eg og Christina drog på oss våtdrakter å gjekk inn på Fleda. Der kom me oss gradvis ut i vatnet (dvs, Anja sprang rett ut i), for å til slutt legge av. Ein ting som forundra meg, var Junah. Eg ropte på ho, meda eg stod eit stykke ute i vatnet, og jammen det sprang ho til ho måtte legge over i svømming. Ho kom heilt ut til meg, og stussa ikkje eit sekund. Snakk om å trasse eld og vatn for å komme til meg. Verste var at ho ikkje stussa på å gjere det fleire gangar. Trur nok ho likar litt å svømme. Det gjer Anja også. Dei elskar eigentleg begge vatn.
Det var herlig å endeleg prøve ut sjøen, sjølv om det var lit juks med våtdrakt. Eg lovar at neste gong vert det utan. Var berre så lite fristande å hoppe i utan noko den dagen. Var nemlig ikkje meir enn skarve 14 grader i skuggen. Ventar til sommartemperaturen kjem att. Kan ikkje verte sjuk no når eg straks går ut i ferie. Bade i sjøen er likevel absolutt anbefalt. Mykje varmare enn eg hadde trudd!!

Dagens visdom:
Swim like Flipper,
and you'll get fishy!

Ingen kommentarer: