tirsdag 14. juni 2011

Norwegian Wood, Eagles..

I går var eg, Ole Andreas, Stein Jarle, Eva og to venniner av Eva på Eagles konsert i Frognerbadet. Dette var i regi av Norwegian Wood, og til oppvarming song Ida Jenshus. Over ser du eit svært sjarmerande bilete av Joe Walsh. Eg hadde sjølvsagt berre mobilkamera å ta bilete med, så vart ikkje noke spesielt bra, men en ser iallfall kva det er for noko!
Eagles spelte musikk frå alle åra sine. Dermed kom nokre gode slagera som Life in the Fast Lane, Hotel California og Heartache Tonight for å nemne nokre. Don Henley song ein song frå solo karriera si (The Boys of Summer), og Joe Walsh song ein del frå si (for mange etter mi meining).
Det var tydeleg at bandmedlemmane var byrje drage på åra. Stemmene har nok sett si beste periode, og dei er langt frå så spreke som dei en gong var. Likevel gjorde dei jobben sin, men ikkje så mykje meir enn det heller. Gitarspelinga til Walsh kan ein ikkje klage på, medan Henley var noko matt på desse trommene sine. Frey synes eg har tapt det han hadde av stemme, medan Timothy kanskje burde vurdere å droppe falsetten som han ikkje lenger nailer slik han brukte. Totalt sett synes eg likevel Henley klarte seg best songmessig. Walsh vart for hjerteskjærande for min smak, og det var nok ein grunn til at Frey song lite solo.
Det var ein god opplevelse å sjå dei live, og eg er glad eg gjor det no, og ikkje seinare. Aller mest meinar eg at Eagles bør gje seg no, medan dei fortsatt har litt verdigheit igjen. Dei dreiv showet med stoltheit, men eg følte det var fire egoista, ikkje eit felles band som var på scena til tider. Dei skal ha ros for den perfekte kombinasjonen av lys og bilete dog. Konserten hadde ikkje vorte det samme utan.
Alt i alt kan eg vel seie at det var ein god opplevelse, og svarte til forventningane mine (og alderdommen deira). Dei har nok hatt sine gulldagar, men likevel måtte eg kjøpe meg Eagles tour 2011 t-skjorte. Til encore fekk me høyre både Take it Easy og Desperado. Konserten var nesten fyllt med alle favorittane mine, men sakne var stort etter Tequila Sunrise og One of These Nights.

Dagens visdom:
On a dark desert Highway
Cool wind in my hair..

Ingen kommentarer: