mandag 16. mai 2011

Gåve og ny side!

I går var den store gebursdagsdagen. Den feirierte eg saman med min kjære Ole Andreas. Me byrja dagen med å delta på TiTurmål som gjekk til Lisjevatnet, eller Sæsslisjevatnet. Heiter iallfall ein av dei delane. Då fekk sjølvsagt Anja og Junah vere med. Ein flott tur, sjølv om det gjerne kunne vore varmare i veret. Eg åt sjølvsagt masse kake, og avslutta dagen med ein tur til Fiskå. Der åt eg og Ole Andreas hamburger til kvelds. Det er akkurat slik det skal vere.
Her er bilete av ein del av gavene eg fekk av folk. Her ligg mellom anna to sesongar av Grey's, to filmar, godteri, klede, blad og ikkje minst den fnisesmileyen som du ser. Den smileyen har også eit skilt med bilete av meg og Sandra på. Ei artig gave! :)Her ser du gåva eg fekk av Ole Andreas. Eit 3-mannstelt.
No vert det camping på oss i sommar iallfall!
I tillegg har han lovd å finansiere ny mobil til meg (noko som eg synes er håplaust å finne), og så kjem der ein gensar i posten, så laga han kake til meg, konfekt og gav meg rose. Trur eg må leite lenge etter ein betre kjærste!

Heilt til slutt vil eg berre nemne at eg har oppretta ei ny side på bloggen. Den finn du på høgre sida saman med "Dyra mine". Den heiter "Schleich dyr". Denne har eg oppretta så det skal verte enklare for dykk å kjøpe schleich dyr til meg ! :p

Dagens visdom:
HIPP HIPP HURRA

Ingen kommentarer: