
I dag er den vesle Anja min heile tre år. Tida går så inderlig fort. Synes ho nettopp flytta hit eg. Ho kom til oss på jonsokafta i 2008. Liten og søt. Jammen vaks ho fort opp. Ho var som ein turbo når ho var lita, og enda kan eg møte folk som seier: "Neimen kor roleg Anja har blitt, sånn var ho ikkje før", eller "er ho sjuk, ho er så roleg?". Ting har forandra seg, men inni hovudet er Anja egentlig berre unghund på halvåret ennå. Ho elskar å vere barnslig. Denne hunden veks nok aldri opp, og det er eg glad for. Gratulere så mykje med dagen din i dag, min kjære Anja!


Dagens visdom:
Når leiken er god, er allting godt!
Når leiken er god, er allting godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar