Rundt august 1996 vart Gråen fødd. Ho var einaste i kullet som var fødd med kort hår, så ingen ville ha ho den gongen. Den dåværande kjæresten til Eva ville derimot det, og Gråpus budde hjå han til ho var rundt seks månadar. Etterkvart byrja Gråen å rasere i huset medan mannen var på jobb, så han ville ikkje ha ho lenger. Det var då me fekk tilbudet. Me hadde berre ein katt frå før, Svartepus, så me bestemte oss for å prøve. Dette var skikkelig klaff.
Gråpus vaks og vart ei godjente. Når ho ar lita hadde ho digre øyrer som såg ut som parabolantenner, og ho likte å sjå dråpar falle frå krana og ned i vasken. Dette var morsomme saker då ho var lita. Svartepus var veldig snill med Gråpus, og då Svartepus døde brukte Gråpus ofte å vere i nærheita av grava.Sidan jul har ho hatt dårleg pels og vore litt rar i oppførsel. For to veker sidan var me bort å fekk sjekka ho, sidan ho var betydeleg annleis. Den gongen fann ein ingenting, og mistenkte at ho kunne ha blærekatarr, og kanskje vondt for å snu seg så ho fekk vaske seg. På laurdag byrja ho sleve så voldsomt, og det var ikkje noko fint syn når me opna munnen for å sjå. Der hadde det vokst seg ein tumor under tunga på høgre side. Ein vanskelig sort å operere, og ei agressiv krefttype. Me valde å la ho sleppe meir. Utviklinga var for skummel til å fortsette med, og Gråpus har det nok langt betre der ho er no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar