søndag 5. desember 2010

Då va helja gådde..

Fredag var eg på julebord saman med firmaet som Ole Andreas arbeida i. Dette var ein hyggeleg gjeng, og i tillegg va der mykje god mat. Einaste om var minus var at eg var plaga av hoste og nase som rann slik som Nilen. Ein ting eg er skikkeleg imponert over og fornøgd med, var hotellet. Me var på Ulstein Hotell, det som er i same bygninga som Sjøborg Kulturhus. Eit nymoderne, koseleg og flott hotell. Rommet var enkelt, med ei god seng å sove i. Badet var flott, sjølv om eg mislikar flate vaskar. Vatnet forsvinn jo aldri ut av.. Det vart også litt for seint på fredagskvelden, der nokon var i meir vigør enn andre, så laurdagen vart kanskje litt tyngre enn den kunne ha vore. Ein treng ikkje drikke for å få dagen der på følelsen seier berre eg.

Laurdagen åt me ein god hotell frukost, før me reiste heim. Det var innom døra og snu, før me vidare satte kursen ut på Ulvestad Skule. Her hadde heldigvis eg, Runar og Sandra kopla opp anlegget på førmiddag fredag, så det var ikkje det verste arbeidet igjen. Likevel måtte me gjere nokon justeringar før anlegget var klart for kveldens hendingar. Dette tok si tid, så igjen var det berre heim om å snu for å få på finstasen. Så kom me til Adventsfesten. Eg arbeidde der som scenearbeidar saman med Kim. Det var travelt å ikkje ha oversikt over kva som skulle skje, sidan programkomiteen ikkje hadde fått øvd tidlegare. Så det vart litt på sparken alt saman. Likevel vart festen svært så vellukka.(Stjåle frå Gullborg sin facebook)
Det som var høgdepunktet for helja var sjølvsagt at eg fekk prøve å spele fiolin for fyrste gong. Julie lærte meg også Lisa gjekk til Skolen. Eg må ærlig innrømme eg ikkje spelte den så veeldig fint, men øving gjer meister seier berre eg. Fekk også ein liten følelse av medkjensle for dei som spelar fiolin. Det ser jo så enkelt ut. Så er eg imponert over kor mange stygge lydar ein kan lage med ei fiolin. Litt kjekt å endeleg prøve spele, etter å ha arrangert så mange verk for strykarar via skulen.

No er det tilbake til kvardagens syslar. Det er eksamen om ei vekes tid, så lesinga skal pågå for fullt i den veka som kjem. Det vert mykje kjedeleg og lite kjekt. Gler meg mykje til eg er ferdig til jul. Heldigvis kunne det vore verre! Så har eg sjølvsagt tent det andre lys i dag.

Så vil eg informere om at eit nytt firbeint har flytta inn i Løvik Zoo i dag. Meir info om han kjem i morga, når nokon bileter er tatt og slikt. Han må jo få ein skikkeleg presentasjon!

Dagens visdom:

Når snøven lavar
veks kvite løgner

Ingen kommentarer: