tirsdag 23. november 2010

Den gløymde klassikaren..

Nants ingonyama bagithi baba..
Ukjent? Kanskje ikkje viss du tenker ein afrikanar brøle det, ei sol stå opp og kjente rytmer strøymer gjennom hovudet og dannar bilete av dyr på savannen i Afrika. Alle afrikanske dyr på veg til ein dåp av den nye prinsen i det store løveriket. Songen er Circle of Life og du har nok allereie gjetta filmen, Løvenes Konge.
Me vert presentert for eit monarki, med løvene på toppen. Mufasa er sjefen, Sarabi den hyggelege kona, og Simba den galne sønnen. Scar er den onde, Zazu den travle fuglen, Nala den gode vennina, Timon og Pumba dei morsomme og sjølvsagt dei tre galne og onde hyene Shenzi, Banzai og Ed. Ein herlig gjeng, som må til for å skape ein heilaftens teiknefilm.
Musikken er ein herleg del i seg sjølv. Ei lang liste med fengande, og ikkje minst passande songar, som er laga av dyktige musikarar. Eg snakkar sjølvsagt om Hans Zimmer og ikkje minst Elton John. Hans Zimmer har også mange andre gode filmar på hand. Det var i 1994 filmen kom ut, og eg kunne raskt alle songan både på norsk og engelsk, og eg har ennå ikkje gløymt dei. Sjølv dei små songane vert ikkje gløymt, som:
Nå har jeg plukket meg ned en kokkosnøtt, tideli-li
Flere andre ligger her på rad,
store, store, store som en melon!
Og ikkje minst:
Verden er vårt felleshjem!Sjølv små snuttar vert ikkje gløymt i denne filmen. Det er nok ikkje alle som har same forhold som eg. For dei som kjenner ein del av meg er det ikkje heilt ukjent at eg har sett Løvenes konge alt for mange gongar. Det kan så godt som kallast min favorittfilm. Så dukkar kanskje spørsmålet opp, kvifor?Løvenes Konge er mykje meir enn ein vanlig barnefilm. Fyrst og fremst er den kvalitetsstempla med Disney (rett nok har disney byrja tape seg i seinare år, men i 1994 var disney ein stor ting, og ein dyktig utgjevar), og så har filmen ei handling, som er djup, med moral. Dessuten er karakterane så herlige at ein kan ikkje la vere å interessere seg for dei, meinar iallfall eg. Me byjar ved dåpen til Simba og følgjer livet hans fra liten til stor. Det ver tidleg tydeleg at Scar ikkje likar Simba, fordi Scar då mister sjangsen til kongeriket. Scar er nemleg bror til Mufasa. Plottet kan nok lesast tidleg av den meir erfarne auga, men gangen i filmen overraskar likevel. Me lærer om familierelasjonar, far og sønn prat, sjalusi, maktrelasjonar og mord. Me lærer om å starte på nytt, møte nye kulturar, å vokse opp, å møte sine frykter, og den evige kampen mellom det gode og det onde. Ein skulle kanskje ikkje tru at ein simpel barnefilm inneholdt så mykje, men denne filmen gjev mykje meir enn eit par søte løver og ein marekatt i hulaskjørt.
Måten å kombinere humor med det alvorlige ligg i ein perfekt balanse. Ein får også følelsen av å miste nokon, og oppleve resultat av sorg og frykt og til slutt samle fatninga å finne det ein mista. Musikken sett prikken på i'en, og dannar dette til ein særs underhaldande film og lagar stemingsfulle scener som andre filmar berre kan drøyme om. Det er nok mange der ute som har hatt Can you feel the love tonight i bryllaupet sitt, eller songe Hakuna Matata for å sprite opp stemninga. Løvenes Konge har mykje av det ingen andre filmar får til. Filmen har følelsar i alle spekter. Me får le av dumme idear, gråte for triste hendelsa, få hevnlyst, kjenne på sakn, og kjenne på følelsen av fornyelse. Me får også bli kjent med herlige karakterar som har store personligheiter. Me får også sjølvsagt smake på den etterlengta kjærleiken.
Nokon tenkjer kanskje at Løvenes Konge er ein film for ungar, den er barnslig, kjedelig, og småfuglane veit kva folk seier om den. For meg betyr den mykje meir enn auge ser, og mykje meir enn ord som kan skrivast ned. Av og til gløymer eg at den fins der ute. Notida gjer det ikkje enkelt å huske alt, men når ein av songane dukkar opp på ipoden, eller på dataen, då er hjerte mitt tilbake i 1994 og spenninga, gleda og sangen er på plass. Ingen av songane vert sletta med det fyrste frå mi liste iallfall. Til slutt slenger eg på mitt favoritt bilete, og ei av favoritt scenene, i filmen:
Dagens visdom:
Hakuna Matata


Ingen kommentarer: