søndag 12. september 2010

Revet bort...

Ei veke på ferie i Spania skulle vise seg å vere eit mareritt av ein heimkomst. Siste dagen i varmen og ferien fekk eg telefonen om at du var påkøyrd, og død. Du rakk ikkje verte halve året ein gong, kun 5 månadar.

Eg huska så godt den dagen eg fekk vete at du skulle bli min. 24. mars i år vart du fødd. Heile kroppen var fyld i glede over endelig å få kvalpen eg lengta slik etter. Eg vart oppfyld med bilder, og fortalt litt om korleis du var. Du virka som ei herlig jente. I pinsehelja henta me deg, du var finare enn me nokon gong kunne forestillt oss. Eit nydeleg, lite nurk som med ein gong var velkomen i familia. Anja, hunden i huset, tok imot deg med åpne armer. Me døypte deg Sunny, grunna ditt gode humør. Du godtok oss med ein gong.

Sommaren var herlig saman med deg. Du fekk prøve sjøvatnet, gå i fjellet, sitte i sekk, leike saman med andre hunda, møte forskjellige dyr og folk og til og med reise ein tur til hovudstaden. Du elska livet og alt rundt deg, og me var så glad i deg. Favoritt hobbyen din var å plaske med labbane i drikkeskåla på altanen, og ikkje minst bite deg fast i halen til Anja. Du var ei rampe.

No i haust fekk me også byrja på kvalpekurs, og du var kjempe flink. Eg var så stolt over deg. Du var perfekt på alle måtar for oss. Eg tok eit farvel til deg og Anja før eg reiste. Som vanleg var det grusomt å reise frå dokke. Det er det jo alltid. Du slikka meg så varmt i fjeset før eg drog, og eg fortalde deg at eg snart kom tilbake.

Eg ringte kvar dag medan eg var bortreist. Spurde korleis det gjekk med dykk. Alt var fint, men fortennene dine var begynne å kome så langt at me måtte byrja tenke på å trekke dei. Eg og du skulle til dyrlegen på mandag halv to vart det bestemt, og då skulle me også hente bilburet me hadde bestillt for deg. Det vert nok ikkje noko av no...

Natta til fredag drøymde eg at du døde. Draumen var eit forferdeleg mareritt, og eg ringte så snart eg vakna å høyrde om du var i live. Det var du. Alt var fint, og du var ute å kosa deg saman med Anja. Eg kunne høyre korleis de gneldra saman på alle som gjekk forbi. Seinare samme dagen kom telefonen. Du hadde slitt deg ut av bandet og sprunge rett inn i ein traktor. Du døde momentant. Du leid heldigvis ikkje.

Eg saknar deg utruleg mykje, og det var eit mareritt å kome heim utan deg som venta på meg. Her er eit stort tomrom, så stille. Eg synes eg ser skuggane av deg ennå, men innerst inne veit eg du er borte. Den levande kroppen og den store iveren er ikkje å sjå lenger. Dei sprø påfunna om å hente ting på bordet å kome å erte meg med det, fins ikkje. Eg ser fram til å sjå deg igjen, min Sunny, du er uerstatteleg. See you at rainbow bridge..

Kvil i fred, min vakraste Sunny..

En logrende hale har sluttet å slå,
silkmyke poter har sluttet å gå.
Den glede du gav meg er nå blitt til savn,
til den dag vi møtes igjen i min favn..

Ingen kommentarer: