søndag 18. april 2010

Ein akustisk opplevelse

Kurt Nilsen kom fram i lyset gjennom å vinne Idol 2003. Singelen She's so high vart den mest selgande singelen i Noreg gjennom tidene. Nokon kunne kanskje ha kjent til han før frå bandet Fenrik Lane. Vidare har Kurt vunnet World Idol, gitt ut fleire cd'ar og spelt saman med De nye gitarkameratane.

Det var alle aldra som møtte opp på Parken Kulturhus i Ålesund i går kveld. Med seg som opningsartist hadde Kurt tatt med seg Elin Gaustad, kjent frå X-factor. Elin vann aldri X-factor, men fekk platekontrakt gjennom Jan-Fredrik Karlsen på Senkveld. Ei velfortjent platekontrakt, og det var bra det vart slik, viss ikkje kunne ho ikkje ha dratt på turne med Kurt.

Det var Elin som opna heile showet med ein eigenlaga låt som var ny for oss alle. Med den nydelige og vakre stemma laga ho ei god og roleg stemning i salen. Ho covra også Love me Tender, og avslutta med sjølvsagt med den me kjenner ho best for; Confessional Song.

Så var det Kurt sin tur å entre scena. Han song mange gode, gamle slagera av seg sjølv. For å nemne nokon var Never Easy, Country Music, Push Push og She's so High sjølvsagt med, dog han hadde gjort litt rytmiske vriar som berre gjekk til det positive i mitt favør. Med artige historier, fletta han songane saman, og fekk introduksjonen av bandet inn i historiene. Han covra også hit låta frå Smokey and the Bandit, East Bound and Down.

Ein ting eg virkelig likte var samholdet på scena. Alle musikarar var inkludert, og satt tydelig pris på av Kurt. Det var tydelig at Kurt stod som ledar, men han lot musikarane vise seg. Dyktige gitaristar og ein slåande god trommis i tillegg til pianist, bassist og fiolinist.

Mot midten av konserten fekk me høyre nydeleg duettsong mellom Elin og Kurt. Dei covra låta The Water is Wide. Ein draum å høyre på. Kurt passa også på at han holdt livet oppe i salen, trass mange rolege låtar. Publikum deltok med både klapping og knipsing. Ein vellukka kveld i mine auge, og verdt kvar ei krone!

Etter konserten var me og heldig nok til at Kurt var i bilen bak oss. Ole Andreas vart heilt i hundre og gjekk bak og banka på ruta og ba om autografen hans. Dette levde sjølvsagt Ole Andreas på resten av kvelden, og kjem til å leve på det ei god stund til. Ein Fjord 1 billett med Kurt Nilsen sin autograf kan skape mykje glede. Kurt forfylde oss heilt til Folkestad, men der skilde me vegar.

Ingen kommentarer: